fredag 9. september 2016

Gaularfjellet: Kunstverket "Mirage" og tur til Sværeskaret


Utsikten på Gaularfjellet er flott - men fjellovergangen har mykje meir å by på! 
Gaularfjellet har meir å by på enn berre Utsikten. Tar du ein kort avstikkar frå bilvegen, finn du kunstverket "Mirage". Har du fjellskoa på, kan du dessutan vandre vidare ved anten å gå Fossestien, besøke Torsnesstølen, vandre vidare langs gamle ferdselsvegar eller ta ein topptur til t.d. Johannesberget. Du får då ei flott naturoppleving på kjøpet!

Ein strålande vakker søndag i september valte vi - 4 vaksne og 4 born - å nyte noko av den flotte naturen Gaularfjellet har å by på: Først vitja vi kunstverket "Mirage" som er ein brønn med vatn - og ja, du har lov til å drikke vatn av den - og så valte vi å gå vidare på gamle ferdselsvegar til Sværeskaret.

Start:
På parkering mellom Tverrlia og Nystølen langs vegen over Gaularfjellet. Parkeringa er godt skilta med turinfo.
Lengd: ca. 8 km t/r

Kunstverket "Mirage"

Nasjonale Turisvegar har som mål å plassere eit kunstverk langs kvar av vegstrekningane sine. Den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet, har fått brønnen "Mirage". Brønnen er ein del av eit større prosjekt av kunstnaren Marianne Heier der ho plasserer ein brønn i Noreg og ni i Malawi. Bodskapet med kunsten er å peike på skeivfordelinga av ressursar i verda. I Noreg er det overflod av vatn, medan i Malaei er det underskot på reint vatn. Samtidig legg ho vekt på fargeskilnadane mellom Vestlandet og Malawi som eit kunstnerisk element. Kunstverket vert offisielt opna 20. september 2016.

Ved brønnen "Mirage" kan du pumpe deg reint og friskt vatn til vassflaska di!

Den gamle ferdselsvegen gjennom Sværeskaret

Frå gamalt av var vegen over Gaularfjellet og gjennom Sværeskaret den viktigaste ruta for fedriftene frå Fjordane til Sogn. Fedriftene gjennom Sværeskaret hadde stort omfang. År om anna vart det sendt kring 2000 dyr over Sværen. Driftekarane som gjekk Sværeskaret hadde beiterett både på Torsnesstøylen og nede i Sværen. På glatte fjellsva i skaret gjekk dyra ofte utfor, og difor vart det slege boltar i fjellet og lagt ut stokkar for å hindre ulukker (kjelde: NRK.no - Fylkesleksikon).


10-minutts gange etter brønnen "Mirage", kjem du til Torsnesstølen. Her kan du velje om du vil gå vidare til høgre på Fossestien, eller om du vil halde fram forbi stølen og til Sværeskaret.

På Torsnesstølen var det gamal skikk at sela skulle stå ulåste slik at ferdafolk kunne søkje ly om dei kom opp i uvêr. Sela skulle av same grunn vere rikeleg forsynte med ved - men det vart også gjort for at ikkje ferdafolk i naudsfall skulle brenne opp møblar og kjerald i mangel på ved i sela. 
Torsnesstølen - tilhøyrande gardane på Torsnes i Balestrand




Vi har nådd høgaste punktet på 764 moh og ser no mot Skarsvatnet.
Hytta i Sværeskaret ligg ved andre enden av vatnet. 

Vi er klar til å ta fatt på siste stykket langs vatnet,
og ser hytta på "hi sida"!


Små og store kosar seg ved hytta - flotte berg å springe på, og litt lenger bort på berga finn ein også nokre jettegryter. 




I Sværeskaret står eit minnesmerke reist over Hugleik Tungøen frå Oldedalen som omkom der i 1706. Etter uår og ras i Oldedalen gjekk han i 1702 til København for å be kongen om hjelp.

På ei liknande ferd til Oslo i 1706 vart han på heimvegen overraska av uvêr i Sværeskaret og fraus ihjel. Her er det reist eit minne om mannen, og det same er gjort i heimbygda i Oldedalen.



Vi kunne gått vidare på ferdselsvegen og kome ned til Sværefjorden i Balestrand, men denne gongen valte vi å gå attende til bilen. Turen vi gjekk er kanskje aller mest vanleg som skitur på vinteren - her har eg gått mange gonger i mine barndoms år - men er definitivt også å anbefale som sommartur!

Ein nøgd familie på veg tilbake frå ein fin tur -
sommartemperatur i september!
Turkart frå ut.no:

fredag 2. september 2016

Markahengenipa (605 moh) og Fossedalshengenipa (713 moh)


Vi svevar på ei sky av lukke på Markahengenipa, med utsyn til Eitrenipa og Fossedalshengnipa (lengst til høgre)!
Måndag var den einaste dagen denne veka det var meldt sol
- resten av veka har det regna og regna. 
Då er det godt å tenkje på at vi "strekte oss etter livet": 
heiv oss rundt, skaffa barnevakt og kunne nyte ein flott fjelltur. 

Fjellturen gjekk i fantastisk nipelandskap med masse små vatn. 
Ikkje rart DNT-hytta heiter Nipebu
når du har både Fossedalshengenipa (713 moh) og Markahengenipa (605 moh) rundt deg. 
På turen har du i tillegg også god utsikt til Eitrenipa

I alle fall: 
Fossedalshengenipa og Markahengenipa er fine avstikkarar på stien til Nipebu frå Markavatnet. 

Turskildring til Markahengenipa finn du på ut.no. 
Fossedalshengenipa og Nipebu har vi tidlegare omtalt i dette innlegget (klikk på linken). 
Med begge nipene som turmål, vart det totalt 11 km t/r. 

Denne ettermiddagen har vi levd på heile veka! :) 

God tur!


Utsikt frå Markahengenipa

Eitrenipa, Nordre Kringla og Fossedalshengenipa.

Vi måler krefter med fjellet.....


Markahengenipa sett frå Fossedalshengenipa


onsdag 31. august 2016

Høyanger: Langefjellet (878 moh) og Toppenhytta


Varden på Langefjellet (878 moh) med Toppenhytta i bakgrunnen

Har du lyst på ein grei og relativt lett fjelltur, men med god utsikt? 
Då kan eg tilrå ein tur til Langefjellet (878 moh) og Toppenhytta i Høyanger! 

Turen er også passe å gå med mindre barn, 
Toppen-hytta står open for alle fjellvandrarar, 
og det er alltid stas for dei små å kunne gå inn i ei hytte.
Så det kan vere fin turmotivasjon :)

Vi tok turen til Langefjella og Toppenhytta etter først å ha vore på Hålandsnipa.

Turinfo: 
Startpunkt: 
Ved Grimsosen. Frå Høyanger sentrum tar du av oppover fjellet til Siplo. Køyr eit stykke forbi Siplo og til venstre langs Bergsvatnet og køyr bilvegen heilt til demninga ved enden av vegen. 
Lengd:  ca. 5 km t/r
Høgdeskilnad: 600 moh - 878 moh
Tidsbruk: 45 min - 1 t 15 min ein veg (alt etter form!)

Turen er merka. Det er bratt stigning frå demninga. (NB! Her kan det vere litt farleg om vinteren grunna mykje snø). Vidare er det lettare stigning med flate parti. Litt myrlendt, men god sti. Toppenhytta ligg om lag 200 m frå varden på Langefjellet. Flott utsyn fleire stader undervegs på turen. 

Turskildring ligg også på ut.no der den blir omtala som "Snill topptur"! 

Kartutnitt frå turen henta frå ut.no 
Turen er klassifisert med raud mann, altså som krevjande. Eg vil heller seie at det er ein middels tur. Bortsett frå litt bratt stigning i starten, er det nokså lettgått terreng med slakk stigning. Derfor passar den også godt for turvande og/eller turmotiverte barn. Ingen krevjande parti. 

God merking frå start!
Den litt bratte stigninga i starten, er den du
ser i bakgrunnen. 
Vi er ferdig med den første bratte stigninga og får flott utsyn ned att til demninga der vi starta turen, og ned til dalen innover frå Høyanger sentrum. Trappeturen på 2500 trappetrinn ligg inst i dalen.
I vaksentempo gjekk det relativt raskt å kome seg til varden. Flott utsikt over Sognefjorden!
Frå varden er det berre 200 m bort til Toppen-hytta


Utsikt frå Toppenhytta

Ved Toppenhytta er det også postkasse med bok, og der var det nokre jenter som hadde laga ein flott "rapp" om tur på vegen opp - kanskje ein idè til andre for å motivere borna på tur? 
Rappen var ganske fornøyeleg, så eg tillet meg å gjengje den her: 

Vers 1: 
Mamma sa: "Tur er bra"
Jentene svara: "ha-ha-ha"
Regel nr. 1: ikke ver for sen
Regel nr. 2: ta på riktig sko
Regel nr. 3: du må alltid vere med
Regel nr. 4: du må huske å flire
Regel nr. 5: du måkke vere slem

Refreng: 
Ut på tur, aldri sur
Ut på tur, aldri sur

Vers 2: 
Regel nr. 6: du kan gjerne ha med kjeks
Regel nr. 7: du måkke vere slu
Regel nr. 8: du må huske å gå på potte
Regel nr. 9: du må alltid vere bli
Regel nr. 10: Høyr på mora di!

(Takk til Runa-Mari, Marita og Ane Dina for flott rapp!)

Hytte med utsikt!

Lita, men koseleg. Ein lir inga naud om ein overnattar her ei natt!

tirsdag 30. august 2016

Bakkanosi (1398 moh) - magasugutsikt over Nærøyfjorden!

Biletet som skapte draumen om Bakkanosi!
Eg har drøymt om å bestige Bakkanosi heilt sidan eg såg bilete frå toppen på framsida av Opptur Sogn og Fjordane i 2006.
10 år etter vart draumen ein realitet! 
Og Bakkanosi skuffa ikkje - den var rett og slett så fantastisk som eg trudde den skulle vere!

Turdraumar blir ikkje alltid oppfylt med det første, 
men er ein tolmodig, så skjer det ein vakker dag!
I mellomtida opplever ein uttallige andre draumar! 

Turen til Bakkanosi kan i utgangspunktet verke både utfordrande for høgdeskrekken og krevjande, men det er den på ingen måte ikkje. Dette er ein tur som dei fleste kan ta - vel og merke om du har litt turerfaring i beina. Den er på 18 km t/r, så det er absolutt ein føremon å ha gått litt turar før. Men bortsett frå det, byr ikkje turen på spesielt krevjande parti, og ynskjer du ikkje å utfordre høgdeskrekken, så er det berre å la vere å gå heilt fram på kanten. Men om du har sjansen - så vil eg absolutt anbefale at du kikkar over kanten  og knappe 1400 moh rett ned til den vesle grenda Bakka i Nærøyfjorden!

Etter 2 km gange på traktorveg, kjem du inn til Slettelandsstølen. 

Turinfo:
Lengd: ca. 18 km t/r
Høgdeskilnad: 560 moh - 1398 moh
Tidsbruk: 4-6 timar
Startpunkt: Jordalen - mellom Gudvangen og Stalheim i Voss kommune

Køyr frå Gudvangen i retning Voss. Etter nokre raske kilometer, rett før du kjem til Stalheim, står det skilt til høgre merka Jordalen. Vegen opp i Jordalen går i ein lang og svingete tunell. Turen startar frå sjølve Jordalsvegen, og du kan parkere rett etter ei bru når du har køyrt forbi dei første husa i Jordalen. Her står det informasjonstavle om turen til Bakkanosi. Du kan også parkere ved skulehuset.

Du går på traktorveg det første stykket og etter ca. 2 km kjem du til Slettedalsstølen - som er stølen til Jordølene. Du er då komen på ca. 860 moh. Vidare går du i relativt flatt terreng innover Slettedalen, ca. 3 km. Stien går ganske nær elva, og er relativt tydeleg det meste av vegen. Inst i dalen vert det knappe 300 m stigning opp til Lyngsskardet. Derifrå er det vandring i steinur opp ca. 100 høgdemeter. Det er godt varda slik at du lett finn retninga til Bakkanosi. For å få med deg den mest storslåtte utsikta, må du ga ca. 100 m fram på kanten.

Kartutsnitt over turen

Vi har gått inn heile Slettedalen og er straks ferdig med stigninga opp Lyngsskardet. 
Frå sjølve toppunktet på Bakkanosi, kan du berre så vidte skimte fjorden, men du ser vid utsikt til fjella kring deg
m.a. Breiskrednosi og Fresvikbreen. Men det lønar seg å gå lenger fram.....
Eg har ikkje ord.....sjå den utsikta! Ikkje rart at Nærøyfjorden står på Verdsarv-lista! 
1400 meter rett ned - til Bakka

Å sitje på toppen, nyte utsikt over fjell og bre, båttrafikk, speide i kikkert etter alle kajakkpdlarane på fjorden, sol frå nesten skyfri himmel..... ein perfekt tur og ein perfekt dag!

Mykje båttrafikk i Nærøyfjorden. Fleire kajakkpadlarar hadde
overnatta i telt langs veglause strender ved fjorden. 

At Bakkanosi er ei spesiell turoppleving er det det ingen tvil om. Tinderangel.no skildrar opplevingar frå ein overnattingstur dit, slik:

Fra enden av Slettedalen bærer det opp over dalsiden, forbi vannet Slettedalstjørni og opp til Lyngskaret (1.327 moh). Herfra får en det føste glimtet av Nærøyfjorden og de bratte fjellsidene. Herfra ser en også vardene som leder mot Bakkanosi (1.398 moh). Det er her ute, ytterst på nord-siden av Bakkanosi at vi slår opp teltet vårt for kvelden, med en utrolig utsikt over Nærøyfjorden.

Selv om vi hadde høye forventninger ble vi ikke skuffet over der ville landskapet i kveldskumringen. Fra teltplassen går det bratt ned mot fjorden og mens solen går ned fyrer vi opp primusen og koser oss med mat og drikke mens det stadig blir mørkere og stjernehimmelen kommer til syne.

Jeg våkner i det solen spretter opp bak fjellene på den andre siden av fjorden og lyser inn i den åpne teltduken. Det er soloppgang fra nesten skyfri himmel og et lavtliggende skyteppe dekker Nærøyfjorden. I skumringen legger vi spesielt merke til Hurrungane som stikker opp i det fjerne og bak der ser en den langstrakte Jostedalsbreen med Lodalskåpa som stikker opp. Det er en helt magisk stemning som jeg nyter fra soveposen.

Eller som Stian med sekken skildrar det: 
Ute på tuppen av Bakkanosi hopper hjertet over to takter mens haken går rett i gulvet. KAPOW sier det så står du der med tidenes fjordutsikt. Framme på nebbet står det en sveitser. Han stammer fram at han har stått der i over en time bare for å ta inn synet.. jeg forstår han godt. Sveitseren surrer seg ned igjen mens jeg setter opp teltet. Idet solen smyger seg ned i vest har jeg hele verdensarven for meg selv. Ingen tvil om at jeg setter ekstra stor pris på livet i slike øyeblikk.





Så skal du prioritere èin magisk fjelltur i haust - ta turen til Bakkanosi! 
(om du då ikkje har som vilkår at toppen skal vere over 2000 meter....)

Utsikt ned Storeskredbotnen. Herifrå går alle rasa som stengjer
vegen mellom Gudvangen og Bakka vinterstid!

torsdag 11. august 2016

Hålandsnipa (981 moh) - med utsyn over Høyanger!

Utsikt over Høyanger sentrum frå Hålandsnipa

Som ivrig brukar og følgjar på Instagram, 
får eg ofte tips til nye fjellturar. 
Eitt av turmåla eg "oppdaga" i fjor var Hålandsnipa (981 moh) i Høyanger. 

Bileta viste ein flott utsiktstopp med utsyn over Høyanger sentrum. 

Turmålet blei ikkje realisert i fjor, 
men i år har vi fått tatt nokre få av mange turdraumar i dette området. 

Slik finn du fram: 
Når du kjem til Høyanger, tar du fjellvegen oppover mot Siplo. 
Når du nærmar deg toppen, går det ein veg til høgre skilta med "Strupen".
Du køyrer denne til du kjem til ein låst bom. 
Her er det god plass å parkere og det er informasjonsskilt om turen.



Du startar på 580 moh og skal ende på 981 moh.
Eller rettare sagt: for å få den beste utsikta må du gå om lag 100 høgdemeter ned att på platået...

Turen er ca. 4,5 km ein veg. 
Du følgjer først anleggsvegen mot Nedre Breidalsvatnet. 
Eit lite stykke før demininga, tar du til høgre og følgjer halsen oppover.
Eitt godt tips: merk deg turnummera du skal følgje på informasjonstavla!
Skiltinga undervegs viser til desse turnummera. 
Vi følgde rute H12. 
Tidsbruk: ca 1,5 - 2 timar i roleg tempo. 

Kartutsnitt som viser Hålandsnipa i høve Høyanger sentrum. Startpunkt er markert med blått merke. Du følgjer anleggsvegen vidare, og tar til høgre for hyttene oppover mot Halsen og opp til toppunktet på 981 moh. For å få den beste utsikta må du gå nedover ryggen om lag 100 høgdemeter og ca. 1 km. 
Lett og god sti å gå på, 
og du stig ganske raskt til topps. 

Vi har tatt av frå anleggsvegen. Stien går til høgre for hyttene og oppover Halsen. 

Utsikta frå toppunktet på 981 moh. Her ligg det også ei bok å skrive seg inn i. 

Fin fin utsikt over Høyanger sentrum og fjella i kring!
Vi hadde ein heil dag til disposisjon,
så då måtte vi nytte sjansen til å gå endå fleire turar same dag.
Derfor blei det også tur til Langefjellet/Toppen-hytta og Kyrkjebøstølen.
(Innlegg frå turane kjem etterkvart)
Totalt ca. 2 mil gange totalt og mange opplevingar rikare!
Ein fjelldag å vere nøgd med!

Ein hjartestein fann vi også på vegen!



fredag 5. august 2016

Sjå deg ikkje tilbake: 1268 + 2500 trappetrinn i Høyanger!



Å gå i trapper til fjells, kan høyrast enkelt ut
- men eg skal love deg at du merkar det både i lår og leggar, 
og for mange vert også høgdeskrekken kraftig utfordra! 

Norges lengste trappetur er Flørlitrappene i Lysefjorden
med sine 4444 trinn. 

I Høyanger kan dei ikkje skilte meg like mange trinn, 
men dei har derimot to trappeturar. 
Turen på 1268 trinn ligg rett ved Høyanger sentrum, 
og har også sitt eige trappeløp - Gøyanger
Lenger inne i dalen - det som bokstaveleg talt heiter Dalen,
finn du ei lenger rute med 2500 trinn.
Her er det også ei trallebane.
Trappene var sentrale under bygginga av røyrgatene i 1916. 
Både trappene, røyrgata og trallebana er i dag historieberar 
om tida då industrien kom til Høyanger. 
Etter dette har trappene hatt stor betydning for å knytte Høyangerfolket til fjellet.

Gå begge trappene på ein dag
- eller ta dei som to ulike turar! 

Vi har testa begge med ungane: 
Når 1286 trappetrinn gjekk rimeleg smertefritt, 
så var det ingen grunn til ikkje å doble talet neste gong. 
Og med bading i Høyangerbadet som bonus, 
så er det fin turmotivasjon for små born! 

Trapp 1: 1268 trappetrinn - sjå deg ikkje tilbake!

Turen startar ved Riksveg 55 (hovudvegen) ovanfor Hydro.
Distanse: 600 meter
Høgdeskildnad: 45 - 356 moh
Dei raskaste går trappene på under 8 minutt....
Trappene er bratte, særskilt fram til trinn 580 med 40 % stigning 
- om du er redd for høgder, bør du la vere å sjå deg tilbake!
Så flatar det litt ut med 33 % stigning. 

Ved trinn 186 er det gøymt ein geocache. 
Det er berre å klyve til sides og finne cachen,
og unngå å snu seg...;)

Bendik er framleis litt skeptisk til høgdene, og held seg godt fast medan
mora loggar geocachen.
Turen startar ved Riksveg 55 (hovudvegen).
Distanse: 600 meter
Høgdeskildnad: 45 - 356 moh

Om du er redd for å gå trappene ned att, 
kan du ta til høgre inn på ein sti når du står på toppen av trappene. 
Denne fører deg ned på bilvegen som går til Siplo, 
og du kan gå denne attende til bilen. 

Dei aller første nervepirrande trappetrinna.... men snart er høgda gløymt!

"Hei - der oppe! Her kjem vi!"


Utsikt utover Høyangerfjorden

Trapp 2: Sjakk matt etter 2500 trappetrinn 


Køyrer du inn i Dalen i Høyanger, 
kan du gå dei lengste trappene på totalt 2500 trinn. 
Her er ikkje stigninga fullt så bratt som i sentrum,
men like fullt kan ein merke høgda her også.



Parallelt med trappene, går det ein sti,
så ein kan velje om ein vil ta denne i staden
- opp eller ned, eller begge vegar.

Når du har passert 2400 trappetrinn,
kjem du til ein avsats der det er malt eit sjakkbrett
og spelefigurar malt på runde steinar.
Fascinerande gjort -
og ekstra kjekt for ungane!


Går du heilt til enden av trallebana,
har du passert 2500 trappetrinn
- og kan gratulere deg sjølv med flott innsats!

Det er visstnok veldig fint å gå vidare innover fjellet.
Det har vi til gode endå, men det blir nok ein gong!

Det ser veldig skummelt ut å skulle køyre trallebana nedover....
Vi var så heldig at vi fekk sjå den i aksjon,
og den gjekk nokså roleg og kontrollert nedover!
Men det føltes likevel tryggast å gå ;)


Kart som viser kor trappene er i Høyanger: