torsdag 21. oktober 2010

Reset - Hafstadstølen - Espelandsstølen


Hafstadstølen ved enden av Langelandsvatnet

I går starta dagen med sol og fint vær, og då var det fristande å nytte sjansen til å kome seg ut på tur. Sjølv om det er mykje som skal førebuast til babyen sin ankomst, er det likevel viktig å gjere heilt andre ting også. Med 13 dagar til termin, bør eg vere litt varsam med kor eg legg ut på tur, ikkje minst når eg skal gå åleine. Ein veit jo aldri kor tid ting kan skje - ei heller om harde aktivitetar kan påskynde prosessen.... Så valet falt på postvegen mellom Reset og Langeland. Der er det mobildekning heile vegen og ein kan faktisk også køyre bil på store delar av strekninga.

Turen er ein del av Den Trondhjemske Postvei som var den gamle postruta mellom Bergen og Trondheim. Det har vore lite informasjon om denne ruta på nettet til no, men i sommar sykla to karar heile denne ruta og blogga om turen. Ei av målsettingane med bloggen var nettopp å få lagt ut meir informasjon om ruta på nettet. Bloggen deira kan du lese her. Heile postvegen mellom Førde og Bringeland eignar seg også godt som trilletur, og totalt sett er turen på 8 km. Eg har tidlegare blogga om delar av denne turen - frå Langeland til Bringland. Den er også omtala som tur 15-07 for Gaular kommune i boka Opptur for Sogn og Fjordane.

Eg for min del starta turen ved Industriområdet ved Reset ved E 39 mellom Førde og Sande. På turen ser du bort til Halbrendsstølane, og du går forbi Prestestølen før du kjem til enden av Langelandsvatnet der Hafstadstølane ligg. Desse ser du svært godt frå vegen når du kjem køyrande på E 39 frå Sande til Førde. Turen dit tar ca. 30 min og har nokre motbakkar å bryne seg på. Vidare langs Langelandsvatnet er det lett terreng å gå i, og samla sett er turen å rekne som ein lett tur. Men med barnevogn eller med høggravid mage, så merkast det litt meir ;). Eg gjekk vidare langs vatnet til eg kom til Espelandsstølen og Furnesstølen, der eg valte å snu for denne gong. Det idelle hadde sjølvsagt vore å kunne blitt henta eller hatt ein bil ståande på Bringeland slik at ein kunne gå heile ruta, men det gjekk ikkje denne gongen. Men eg kosa meg i finværet, og fekk stort sett gå i mitt eige selskap. Møtte totalt sett 3 hundeluftarar og 1 joggar på turen.

Espelandsstølen Kartutsnitt frå ut.no der eg har markert med raud prikk start- og stopp-punkt

Og så eit par bilete av den høggravide magen på tur:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!