Turen startar ca. 1 km nordvest for Sande sentrum i retning Førde. I starten er det god grusveg, og eg var interessert i å sjekke ut trilleturfaktoren. Men den gode grusvegen gjekk berre fram til nokre kraftlinjer eit par hundre meter lenger framme. Deretter vart vegen godt graskledd, men eg tenkte at vi går no så langt vi kjem. Eit lite stykke etter, kom vi til eit skilt der det sto at det berre var 0,7 km til målet, men ikkje lenge etter måtte vi parkere barnevogna. Så dessverre kan ikkje dette tilråast som noko trilletur.
Men fram til målet ville vi, og Sanna Oliva fekk prøve seg på å gå sjølv eit godt stykke av vegen, men inni mellom fekk ho lov til å kome opp i armane til mamma for å kvile seg litt. Vi tok oss fram til målet, og fann gamle restar av ein husmannsplass som tilhøyrde garden Sande. Husmannsplassen vart lagt ned rundt 1930.
Inni ein av murane, fann vi fjelltrim-boka der vi kunne skrive oss inn. Turen gir oss 2 poeng i Gaular IL sin fjelltrim.
Ein veldig lett tur på ca. 1,5 km èin veg, og eignar seg godt dersom små barn skal lære seg til å gå i litt ulendt terreng, og vel framme er det ein fin plass å tenne bål for å grille pølser, lage pinnebrød eller anna. Vi kunne også gått vidare på vegen, og etter 1 km ville vi, i følgje skiltet, komt attende på E 39 i retning Myrmel:
Eit kartutsnitt frå http://www.ut.no/ som viser turområdet: