mandag 17. januar 2011

Tradisjonstur til Lægestølen (326 moh)

Vi har etterkvart utvikla ein tradisjon med å gå på Lægestølen i romjula og nyårshelga, og det manglar noko i juleferien om vi ikkje får dette til. Denne jula fekk eg meg tur på Lægestølen både 30. desember-10 og 1. nyttårsdag -11. Stølen ligg rett ovanfor barndomsheimen til Steffen, og var ein tur han gjekk titt og ofte då han var ung. Som speidarar, hadde dei også den gongen tilgang til å bruke selet på stølen. Dessverre er dette selet no i ferd med å falle saman. Turen til Lægestølen kan du stort sett gå til fots heile året, og er det kome ein del snø, så er det som regel noko som har trakka veg til deg oppover likevel.

Vi var litt spente på snømengdene, så vi hadde tatt med oss trugene i sekken den 30. Men dei var det ikkje behov for. Med laus og lett snø, var det lett å stige oppover sjølv om det ikkje var trakka spor til oss. 1. nyårsdag var det kome noko meir snø i høgda, men også då gjekk det veldig greitt å ta seg fram. Men som de ser på bileta, var det store snømengder på taket, og vi prøvde å få ned noko av det for at det ikkje skulle bli for tungt.

Mine svigerforeldre la i starten av 2009 ut bok og postkasse på stølen, slik at dei som tar turen kan skrive seg inn i boka både med namn og dato, men gjerne også ei lita helsing. Vi har inntrykk av at det er ein del som brukar turen som trimtur, og var derfor litt spente på kor mange som nyttar stien. 1. nyttårsdag i 2010 hadde eg ei lita "vareteljing" på kor mange som hadde signert i boka i løpet av året. Det var 483 stk (med atterhald om litt feilmargin på grunn av rask teljing!).

Tradisjonen med "vareteljing" må eg jo sjølvsagt halde ved like, og status for 2010 vart 533 signaturar (+ 1 som var der den siste dagen i året). Nokre er svært flittige brukarar av turmålet og går der nærmast dagleg i periodar, medan andre er litt meir sporadiske besøkarar - slik som oss!

Vi startar turen øvst i Skyttarkvia som ligg ved Sunnfjord folkehøgskule (Solvang) i Førde. Det er god sti og tydeleg sti, og det er også T-merka rute frå startpunktet opp til stølen og vidare til Flatastølen og til Førdsnipa. Ved å gå inn på kartutsnitt på www.ut.no, kan de sjå stien merka av på kartet (sjå nedanfor). Veldig mange startar også turen frå Grovene - denne stien kan du også sjå innteikna på kartet. Om du ikkje direkte spring på vegen oppover, så må du rekne med ein 30 - 45 minuttars gange alt etter form og føreforhold. På grunn av skogen, så byr ikkje sjølve stølen på den store utsikta, men den er likevel litt "trolsk" der den brått dukkar opp midt i skogen. Stien oppover har imidlertid nokre flotte utsiktspunkt - og kanskje enda fleire om du vel stien frå Grovene.










4 kommentarer:

  1. Det er godt og komme seg ut i frisk luft..
    Jeg har gått på sunnfjord folkehøgskolen (solvang) 92/93..

    SvarSlett
  2. Men da er du no litt kjent i området :)Selet på stølen var i ein periode eigd av folkehøgskulen.

    SvarSlett
  3. Er det lett å se hvor stien begynner eller må man snike seg rundt noen hus for å finne startpunktet? Og er det noe sted å parkere i nærheten?

    SvarSlett
  4. Eg vil anbefale at du parkerer på parkeringsplassen ved folkehøgskulen, så går du siste del av vegen oppover. Berre gå vegen heilt til endes, så startar stien i skogen rett bak det siste huset. Du ser stien ganske fort og den er også merka med gule skilt. Etter å ha gått eit lite stykke vil du også kome inn på stien "nynorskens skog" som er laga av Slåtten skule. Den følgjer du eit stykke før stiane deler seg igjen og du følgjer skilta merka med gult.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!