onsdag 2. november 2011

Trilletur til Hyvatnet (350 moh)


Hyvatnet
Inn i mellom regnværet, så har vi hatt nokre fine haustdagar! I dag var det ein av desse, og då er det berre å kome seg ut og nyte det. Turmålet i dag vart ikkje bestemt før etter at vi var komne i bilen, men det var eit godt val. Turen til Hyvatnet har eg berre gått ein gong før - så langt tilbake som i 2003, og eg har fleire gongar i det siste snakka om at vi må ta turen opp att dit med ungane. Det er ein flott, barnevenleg tur med relativt lite stigning og skogsveg heile vegen, og det er nydeleg fint når du kjem opp til vatnet og ser over til stølane på andre sida. På skiltet sto det Hystølen, på kartet er dei merka som Hamrestølen og Ullalandstølen. Frå Hyvatnet kan du også gå vidare over til Gloppen.

Turfakta:
På veg til Florø frå Naustdal, svingar du til høgre rett før Sunnfjordtunellen for å ta av til Nes. I Nyheimskrysset ved Horstad, svinger du også til høgre (skilta til Nes) og køyrer forbi Horstad skule. Like etter skulen, er det også eit kryss der du tar til høgre over brua, og så rett til venstre etter brua. Det er framleis skilta til Nes. Deretter køyrer du nokre kilometer til du kjem til Kalland og ser eit skilt som det står "Herstad" på. Der tar du av til venstre, køyrer over ei ny bru og svingar til venstre rett etter denne. Etter ein liten kilometer, ligg det eit bustadfelt på høgre sida. Køyr opp til toppen av bustadfeltet, og der startar skogsvegen til Hyvatnet. (Det er også mogeleg å starte på Hamre. Då tar du til høgre etter brua når du har svinga av til Herstad. Dei to skogsvegane møter kvarandre cirka midtvegs).

Lengde: 4,2 km ein veg frå Ullaland

Det er litt stigning i starten av vegen, og siste bakken før Hyvatnet, men elles er det relativt flatt/liten stigning store delar av ruta. Litt hompete veg einskilde stader, så det kan vere greitt med ei robust barnevogn, gjerne med lufthjul, men det er ingen problem å ta seg fram.

Då vi var der i 2003, var det berre skogsveg opp til vatnet, men no er det laga veg heilt fram til stølane i andre enden. Veldig kjekt for meg som kom med barnevogn, for då kunne vi ta turen heilt inn til stølane.

Stølshusa ved Hyvatnet:

Ein blid og tålmodig kar som er med tur :)

1 kommentar:

  1. Hei.. Flott natur:) Tusen takk for kommentar inne på bloggen min:) Ha en fin helg.. Klem

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!