fredag 25. mai 2012

Nok eit Skålefjell - 765 moh!


 "Fy flate kor flott!" er vel eigentleg karakteristikken på denne turopplevinga! Kombinasjonen med at eg og Steffen var på tur åleine, sol og varme, ny turoppleving, fin sti og fenomenal utsikt er uslåeleg!

Skålefjellet er eit nokså vanleg fjellnamn, og vi har tidlegare vore på blant anna Skålefjellet i Stongfjorden og Skålefjellet ved Laukeland/Hestad i Dalsfjorden. Denne gongen var vi på Skålefjellet ved Stavang, ved innløpet til Førdefjorden. Vår første tur til dette fjellet - men det blir forhåpentlegvis ikkje den siste! Dette er ein kjempefin tur med tørr, fin og lettgått sti. Relativt jamn stigning, litt brattare i starten, men så flatar det meir ut det siste stykket mot toppen. Når du kjem over skoggrensa, får du vidt utsyn utover kysten.

Slik finn du fram til Skålefjellet i Stavang:
Stavang ligg 45 min med bil frå Florø og Førde. Frå Florø køyrer ein via Eikefjord og vidare til Stavang. Frå Førde kan ein velje om ein vil køyre via Eikefjord, eller om ein tar til venstre i vegkrysset i Naustdal og køyrer utover langs Førdefjorden. Det tar omtrent like lang tid begge vegar.

Turen er omtala i "Opptur Sogn og Fjordane", men eg synast denne ruteskildringa er ein av dei dårlegaste (minst presise) av dei eg har prøvd ut i boka. Denne kunne dei gjort atskilleg betre! Når det er sagt, så er det for øvrig veldig mange gode og presise ruteskildringar i boka. Heldigvis er turen til Skålefjellet veldig godt merka og stien er svært tydeleg. Det er skilta til Skålefjellet frå hovudvegen, så det er ingen tvil om kor du skal starte (denne merkinga har truleg skjedd etter at Opptur-boka var skriven).

Turen går frå det dei kallar Velteplassen ved Sagbruket. Ein følgjer ein gamal traktorveg fram til eit vegskilje der ein kan ta til venstre opp på Åsen, eller til høgre for å kome til Skålefjellet (sjå bilete over). Ruta er merka med små stolpar med blå maling (Nordsjøløype). Stien går i gras og lyng, og noko myr. Ved Bjørndalskvia (skilta), kan ein ta til venstre og gå på Hornfjellet, eller ein startar stigninga til Skålefjellet (på høgre side av skiltet). Ver obs på at dette ikkje står på skiltet, så her må ein vite kva retning vi skal gå i. Eit viktig merke er at ein skal følgje nordsida av Storeelva oppover.

I Oppturboka er det rekna 2 timar opp og 1 time ned att. Stort sett brukar vi om lag same tid opp som ned, så eg stipulerte at vi kom til å bruke ein plass mellom 1-1 1/2 time opp, og det stemte veldig bra. Litt oppgira over å vere på fjelltur, så starta vi vel raskt og friskt, så eg var noko tung i beina det siste stykket før toppen! Turen startar på ca. 40 moh og endar på 765 moh.


Etter nokre minuttars gange, kjem du til ein gapahuk som er fin å kose seg ved. Det er også hengt opp ei hengekøye mellom trea, så om du føler behov for ein kvil etter vel endt tur, er det berre å leggje seg ned på! :)


Dette er ein tur der du absolutt må stoppe opp undervegs og nyte utsikta attende. På grunn av at sola sto midt imot, var det vanskeleg å ta bilete av det vi såg ut over kysten. Heile øyriket utanfor Flora openberar seg, og du ser også heilt sør mot Alden. I det fjerne kunne vi skimte Lihesten. Nordover ser du innover mot Eikefjorden, Håsteinen ligg like ved og vi kunne konstantere at Bremangerfjella Keipen, Plogen og Saga framleis var svært snørike.

Vi starta turen vår rett før kl. 19 og sjølv kl. 20.30 var det varmt og fint på toppen, og ikkje eit einaste vindpust! Og med sola rett i mot, fekk vi ein flott tur ned att også. No er det lyst til langt på natt, og det er utruleg flott å gå på seine kveldsturar på denne tida av året. Tilråast på det sterkaste!
Vi ser mot Høydalsnipa og Håsteinen

Utsikt innover Førdefjorden og Heilevangsstaurane

Been there, done that! Nok eit turmål kan kryssast av på "want to do"-lista :)

Motlys og sein kveld - på veg ned att

Utsikt innover Eikefjorden og fjella i Bremanger

3 kommentarer:

  1. Knallflotte bilder fra en herlig fjelltur! Jeg har bare vært der en gang, men det var en fantastisk tur som jeg likte veldig godt også. Har planer om å ta den i løpet av sommer'n! :)

    Nydelig vær, tursesongen er skikkelig i gang! :D

    SvarSlett
  2. Denne turen har vore på to-do-lista til mannen lenge, så i dag fekk vi endelig tatt den i nydelig haustvér :) For ei utsikt! Obs til dei som vil gå den seinare: boka i varden var kjempevanskelig å finne! Måtte gå fleire runder rundt varden, og omtrent rive heile varden ned for å finne den (neida, så var det ikkje så gale, men ein skjønar poenget) :p

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er ein fantastsk flott tur, og i dag var det kjempevær! Vi har vore på tur i Jølster i dag, så vi fekk også nyte dagen:) takk for tipset om at ein gjerne må leite litt ekstra etter boka;)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!