onsdag 13. juni 2012

Med Barnas Turlag til Eikåsnipa (826 moh)

Det har vore ein del turaktivitet dei siste dagane, og då blir det gjerne mindre tid og overskot til å blogge... men no kjem ei oppdatering frå ein av turane :) Laurdag var det tur med Barnas Turlag til Eikåsnipa (826 moh). Steffen skulle vere turleiar, så då måtte sjølvsagt heile familien ut på tur!

Det var lettskya vær, og det var mange som ville vere med på tur denne dagen - heile 27 ungar og 19 vaksne! Veldig kjekt at så mange nyttar seg av tilbodet om å gå på tur med turlaget! Fleire hadde vore på Eikåsnipa før, men for mange var dette første turen dit. Eg tippar det ikkje blir den siste! Turen opp til Eikåsnipa frå Førdesida er mykje nytta, og mange har denne som ein av sine favorittar i nærområdet.
Kartutsnitt frå ut.no (klikk for større bilete)
Turen startar i Flugedalen, ved Kvamme i Angedalen innafor Førde. Vegen opp i Flugedalen er bomveg, så ha med 30 kr i bomavgift. Rett før du kjem til øvste garden er det god parkering og her startar også stien opp til Eikåsnipa. Stien er tydeleg, så det er lett å finne fram. Etter 45 minutters gange +/-, kjem du til Kvamsbakkestøylen, og rett ovanfor ligg Kvamsbakkevatnet. Der er det mogeleg å prøve fiskelukka.

Vi tok ein rast ved stølane. Her renn det også godt med vatn som du kan fylle drikkeflaska med. Når du er komen til stølane, er du omtrent halvvegs. Dei fleste i turfølgjet vart med vidare, men nokre få var fornøgde med å ha kome seg til stølen.

Frå stølen og vidare opp til nipa, er det jamn stigning. Einskilde plassar kan det vere litt vått og gjørmete i terrenget, så det kan vere greitt å gå med fjellsko. Det vart meir vinterleg når vi kom opp i høgda, og det låg framleis nokre snøfonner det siste stykket før varden. Men det var ein godt nedtrakka sti i snøen. Det ligg framleis mykje snø i fjella innover Angedalen og Jølster, så det vert sein vår/sommar i fjellet i år. Vi fekk også nokre få regndråpar på oss, men heldigvis så stoppa det med det.

Frå Eikåsnipa er det flott utsikt mot Førde og Jølster. Du kan også kome til Eikåsnipa frå Jølstersida, ved å starte frå Eikås. Denne turen er omtala i Opptur Sogn og Fjordane. Nokre bilete frå turen (tatt av Steffen):

Vi startar i Flugedalen

Ivrige ungar på veg opp :)


Kvamsbakkestøylen


Kvamsbakkevatnet

Storehesten og Heilevangsstaurane - framleis mykje snø i fjellet!





Det er faktisk første gang heile familien var på tur med Barnas Turlag, men det var veldig, veldig kjekt. Vi kosa oss, møtte kjentfolk og Sanna Oliva gjekk mykje av turen sjølv, men fekk kvile seg litt i bæremeis innimellom. Er også imponert over kor flinke mange ungar er til å gå! Indre Sunnfjord Turlag har lagt ut fleire bilete frå turen her.

Etter turen var det for vår del å reise rett til Svidalsneset på Jølster, der Cøliakiforeninga i Sogn og Fjordane arrangerte grilling, og kunne by på glutenfrie pølser, lomper, pølsebrød m.m. Godt tiltak og kjekt å møte andre med cøliaki i familien. Søndag vart det årets første familietur til Jonstadstølen i lag med nokre vener. Godt å vere i gong med stølssesongen att! Måndag var eg på Alden, men det skal du få høyre meir om i eit anna blogginnlegg:)

Ellers så registrerer eg at talet besøkjande på bloggen min er stadig aukande - noko som kanskje har med å gjere at eg har oppdatert flittigare dei siste månadane....:) Men eg har fått veldig mange munnlege tilbakemelding frå personar som har vore inne og lese. Veldig kjekt er det også med dei som legg igjen ein kommentar! Fleire melder om at dei har fått turtips gjennom bloggen, og vi har også tipsa mange om turar når vi har snakka med dei. Blant anna så kan vi nemne at vi veit om 5 personar som har tatt turen opp på Skålefjellet i Stavang etter at vi har snakka om den - 4 av dei var endatil på turen same dag... ;) Artig at vi kan vere til inspirasjon for at andre kan kome seg på tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!