torsdag 28. juni 2012

Over Heileberget med panoramautsikt mot den komande Dalsfjordbrua


Endeleg! Tysdag ettermiddag/kveld fekk eg og Steffen gått ein fjelltur som vi har drøymt om lenge - nemleg Heileberget i Dalsfjorden. Med oss i følgjet hadde vi 3 spreke turkarar! Været vart ikkje fullt så bra som meldingane viste, men vi var likevel heldige. Medan det regna lett i Førde, Bygstad og ut over Dalsfjorden, og skodda låg over toppane lenger inne i fjorden, så var det verken skodde på Heileberget eller regn då vi kom til Dale.

Når du køyrer langs sørsida av Dalsfjorden og nærmar deg Dale, ser du Heileberget tvers over fjorden. Det ser ut som det nærast er umogeleg å ta seg opp på dette fjellet - i alle fall frå framsida. Men det er det slett ikkje - det går ein relativt trygg og brei sti opp ei graskledd skor. Turen har også blitt merka dei siste åra, så det er ikkje noko problem å ta seg fram til sjølve topp-punktet, Fløyen (761 moh).

"Problemet" med denne turen, er at du er avhengig av båtskyss for å kome til startpunktet i Fossevika, på nordsida av Dalsfjorden. Vi gjekk derifrå og opp på Fløyen, vidare over heile Heileberget og ned att til Rivedal i Holmedal. Derifrå spaserte vi til ferjekaia på Eikenes og tok ferja attende til Dale. Når Dalsfjordbrua opnar i desember 2013, kan du køyre over fjorden, og eg tippar dette fjellet kjem til å få auka besøkstalet sitt monaleg etter dette. Den omtrentlege ruta vår har eg teikna inn på kartet under:

Kartutsnitt frå http://www.ut.no/

Husmannsplassen du går forbi i starten av turen
Som nemnt, er ruta frå Fossevika og opp til Fløyen godt merka. Det er endatil skilt for kvar 100 moh, så du kan ha nedtelling undervegs. Det som er viktig å vere obs på, er at når du kjem på land i Fossevika, er det ikkje merka med skilt kor ruta går. Det står skilta til Nipebu, men i staden for å følgje stien dit, tar du inn på stien til venstre rett etter skiltet og går forbi ein husmannsplass. Etter dette er det godt merka. Vidare frå Fløyen og utover, er det ikkje tilsvarande merking, men det er sett opp vardar her og der.

I jamn, men relativt roleg gange, brukte vi 1 1/2 time opp til Fløyen. Vidare ut over Heileberget er det flatt og fine bergparti, som det er lett å gå på. Samla sett er heile turen ca. 4 timars effektiv gange. Frå du kjem ned i Rivedalen, er det ein liten halvtimes gange inn til ferjekaia.


Dalsfjordbrua under bygging
Etter ein halvtime og ved ca. 300 moh over havet, kjem du til Rimma. Her står det ei stor Norkring-mast. Det ser ganske bratt ut vidare oppover når du ser det nedanfrå:



Utsikt mot Dale sentrum frå Rimma (300 moh)
Like etter Rimma, kjem du til Bjergastølen. Her står det eit lite sel. I bakgrunnen av biletet ser du Laukelandshesten:

Vi er nett starta oppstigninga i skora opp mot toppen:


Laukelandsfossen og Laukelandshesten


Kvar sin ende av Dalsfjordbrua er under bygging

Vi kunne følgje med på høgdemeterane oppover:

Vi er snart ferdige med den graskledde skora:

Dei siste 200 høgdemeterane var litt brattare, men ufarleg å gå og ingen klyving:

Her er vi derimot komt oss eit godt stykke utover Heileberget, og det var ein liten oppstigning på vegen:




Ikkje alle hytter er like pene!


Ferjekaia på Eikenes - vi er ved vegs ende
Vel nede ved ferjekaia på Eikenes, såg vi for øvrig at skodda hadde lagt seg over Heileberget også. Så vi var godt nøgde med å ha gjennomført turen uten skodde og regn - vi fekk endatil litt sol på slutten.

Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur :) - og at denne absolutt kan anbefalast og fristar til gjentaking!

Også denne turen står for øvrig omtalt i Opptur Sogn og Fjordane!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!