torsdag 13. september 2012

Bli med Barnas Turlag til Norddalen!

(Foto: Steffen B. Jonstad - august 2012)
Laurdag 15. september inviterer Barnas Turlag Førde til tur til Norddalen på Holsen. Dette er ein ny tur for Barnas Turlag, og går truleg i eit ukjent område for mange. Fremst i Norddalen, nord for Holsen, ligg den idylliske og fint haldne Norddalsstølen. Dette er målet for turen! Stølen ligg flott til like ved eit vatn omkransa av høge fjell. Her er det utlagt stølsbok som du kan skrive namnet ditt i – og du får stempel i Turbopasset du har med deg.


Dei som ynskjer vere med, møter anten ved Esso (Førde) kl. 10.30, eller ved Holsen skule kl. 10.50 – for felles avreise til startpunktet på velteplassen vest for Heimestølen. Derifrå går vi på god skogsveg i ikkje for bratt terreng opp til frampå kanten inn til Norddalen. Det siste stykket inn til Norddalsstølen går vi på god og tydeleg sti. Undervegs på turen har du flott utsikt vestover dalføret og vatna i retning Førde, og mot aust innover den fine Norddalen. Turen tek vel ein time kvar veg med barnefart.


Kartutsnitt frå www.ut.no - den blå linja viser turen

Steffen er ein av turleiarane, så dette må jo sjølvsagt bli bra! :) Så får vi satse på at værmeldingane står oss bi også - ser litt dårleg ut nett no, men dei kan framleis snu..... håpe, håpe, håpe!

Eg har vore på Norddalsstølen to gonger - begge gongene som ettermiddagstur. Og det er nok ein av dei finaste stølane eg har vore på, og du får veldig lyst til å utforske området enda meir. Så har du sjansen, bør du absolutt hive deg med på turen!

Her er nokre bilete frå turen vår i september 2009:
Utsikt over Holsavatnet på veg oppover





Godaste Sanna Oliva - her berre 4,5 mnd - du verda som tida fyk!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!