søndag 30. september 2012

Haustdans ved Botnavatnet


"Vil du være vennen min, kom og gje meg klemmen din!
Trallala, trallala
Vil du være vennen min, kom og gje meg klemmen din!
Trallala, trallala
Boga boga boga boga, jeg vil være venn med deg!"

....syng vi medan vi trampar og dansar på nokre steinheller ved Botnavatnet. I glede av å vere ute, sola skin, vi kosar oss, laurdagsgodt, heile familien på tur - og ikkje minst: utruleg flotte haustfargar i naturen! Eit vakkert skue!
(.....og JA, vi blir litt påverka av å sjå Fantorangen på barne-Tv....)

Denne laurdagen var ein dag vi eigentleg kanskje ikkje hadde tenkt oss på tur. Etter ei hektisk veke, var det godt å roe ned litt. Det gjorde vi også - på føremiddagen. Men så skein sola meir og meir, og vi MÅTTE ut på tur og nyte litt av dagen i friluft. Og DET angra vi ikkje på!

Vi ville ha eit avslappande turmål, ikkje så altfor mykje reising til og frå, og då var Botnavatnet eit godt alternativ. Eit turmål med mange mogelegheiter - alt etter om du ynskjer ein lett tur, ein middels tur eller ein meir tung og krevjande tur. Du kan t.d. gå vidare inn til Botnastølen, eller opp på nokre av fjelltoppane som omkransar Botnavatnet.

Eg har tidlegare blogga om tur til Botnavatnet og Botnastølen, og google-søk på Botnavatnet er nokre av dei mest brukte søkeorda som får treff på min blogg. Så det må jo tyde på at Botnavatnet er eit populært turmål. Det er også mykje brukt på vinterstid.

Botnen ligg heilt inst i Angedalen i Førde. Vanlegvis brukar vi å parkere rett før siste husa i Botnen (her er det god parkering på høgre sida av vegen), men sidan vi var litt "late" i dag, valte vi å køyre inn til parkeringa rett innafor Aksla. På vegen inn dit, må du gjennom tre grinder, så det er litt tungvint. Vi gjekk vidare inn vegen, opp Vassbrekka og inn til Botnavatnet der vi hadde oss ein liten matpause.

På returen valte vi å gå opp til hyttenen og over på vegen på andre sida av elva - forbi Gamlestølen og ned til Øyastølen. Her har eg ikkje gått før. På mange måtar vil eg seie at det er vel så fint å gå denne vegen, og der er det også tilrettelagt med fleire sitjebenker. Om du vil, kan du også køyre nesten heilt inn til Botnavatnet på denne sida - om du vil betale bompengar på kr. 70. Men viss turmålet er sjølve Botnavatnet, så er det jo finast å gå!
Øyastølen

Vi gjekk over ei bru for å kome til Øyastølen. Her ligg det eit sel med tilhøyrande uthus. Ingen av oss har vore bort til denne stølen før. Sidan vi hadde parkert på Aksla, var vi liten lysten på å gå heile vegen ned att, for så å måtte gå opp att til Aksla. Så det enda med at vi tok av oss skoa, og vada over elva - vatnet nådde oss heilt opp til knea! Ein kald fornøyelse for oss voksne, og til stor glede for dei små - som kunne blei bært over :)

Haustfargane har verkeleg slått ut i full blomst i Botnen, og det var deilig å kunne ta seg god tid, nyte fargeprakten, ta bilete og berre leve i nuet! Og her kjem eit lite bileteras frå turen vår:
Laurdagsgodt!




Gamlestølen i bakgrunnen





Her vassa vi over......brrr kaldt!

1 kommentar:

  1. Høsten er bare så utrolig vakker! Godt å se familier som koser seg på tur:)))

    Nydelige tur og høstbilder!

    Jill:))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!