tirsdag 11. september 2012

Lassenipa (1024 moh) og jakta på Skorpionen


Lassenipa (1024 moh) sett frå Norddalsfjordbrua
Søndag for 14 dagar sidan, hadde vi "barnefri" og kunne dermed planleggje ein litt lengre fjelltur enn dei vi vanlegvis kan ta når vi må bære 2 små på ryggen. Og sidan ynskjelista over turmål er lang, var det valets kvaler: Kva tur skulle vi velje? Eigentleg ville vi ta ein tur i Indre Sunnfjord - Jølster eller Gaularfjellet var aktuelle utgangspunkt, men så var det dette været igjen då...... Når vi først skal gå eitt nytt turmål, så er det litt kjekt å sjå noko i løpet av turen, så vi gidd ikkje å gå i tåke "berre for å ha vore der" - nei, då får heller turen vente til ein annan gong. Så derfor vart ulike stadar sjekka på yr.no uttallige gonger, og vi hadde eit turmål nærare kysten som "backup" dersom skodda låg i indre Sunnfjord.

Og det viste seg at backup'en var naudsynt: Skodda låg langt ned oppover mot Jølster, medan det såg noko lettare ut i ytre. Derfor vart dagens turmål i Flora kommune - rett nok i indre del, heilt inst i Nordalsfjorden. Der ligg eit flott fjell som heiter Lassenipa, som du ser ganske godt når du køyrer over brua i Nordalsfjorden.

Og ved å velje dette turmålet nettopp denne dagen, så fekk vi også eit ekstra lite spenningsmoment med på turen: Kvelden før var eg nemleg inne på bloggen til Skorpionens hjørne - ei flott jente frå Florø som bloggar om det meste i kvardagen: familieliv og aktivitetar, scrapbooking, foto og FJELLTURAR. Ho er også flink til å kommentere på andre sine bloggar, og har fleire gonger lagt igjen hyggjelege kommentarar på min blogg. Så vi har "snakka" saman fleire gongar på nett, men aldri "in the real life". Denne kvelden hadde ho lagt inn eit innlegg om at ho skulle på fjelltur dagen etter - åleine, på eit nytt turmål og ein topp som var over 1000 meter. Eller for å sitere ho direkte:

"Det blir fjelltur på meg. Alene. Over 1000 m.o.h. Sol og ok vær er det meldt. Lykke! Pakket det meste nå og gleder meg til noen timer på fjelltur. Det blir ro og alenetid, foto, opplevelser og bare nyte ukjent terreng. Jepp, jeg har aldri gått der før så det blir en utfordring også. Begynner å like det mer og mer den biten der, å finne løyper og gå nye turer både med andre og gjerne alene. Kjekt til fjells uansett ;)"

Men ho skreiv ikkje kvar ho skulle..... Så eg byrja å fundere, og nytta eliminasjonsmetoden: topp over 1000 moh (det utelukka ein del turmål...), truleg i Flora kommune, gjerne ein topp som er omtala i ei bok eller på nett.... Eg sto igjen med 2 forslag om eg skulle tippe på kor ho skulle: Haukåbøra (1065 moh) eller Lassenipa - den same toppen som vi kanskje skulle gå..... (Hadde eg sjekka kva toppar som låg på turboktrimmen 2012 i Flora, så hadde eg kanskje tippa Lassenipa først....)

Og når det då vart tur til Lassenipa på oss, så vart det brått spennande å sjå om eg hadde rett når det gjaldt tippa turmål på Skorpionen:)



Slik finn du fram til Lassenipa:
Frå Førde køyrer du i retning Florø. I krysset ved Grov, tar du til høgre til Svelgen (rv 614). Etter eit par kilometer, køyrer du over Nordalsfjordbrua. Like etter kjem du til krysset der du tar innover mot Norddalsfjorden. Køyr om lag 17 km innover til Sunndalen. Ein kan køyre om lag 1 km opp i Budalen (skogsveg midt i Sunndalen), og parkere ved brua som går over Budalselva. Her står skilt om Ålfotbreen nasjonalparkområde, og skilt som viser til Lassenipa.

Du følgjer først ein skogsveg, før du kjem til stien på høgre hand. Stien er merka og går i delvis skog og myr til ein kjem opp til Rastene. Der ligg det ei privat hytte. Herifrå er det meir sporadisk varda og merka, men det er ope lende slik at du lett finn kva retning du skal ta. Du er no komen opp det karakteristiske landskapet som du finn i å Ålfotenmassivet - nemleg hylleforma terrengformasjonar. Ein skal følgje ein rygg på austsida opp til toppen. Flott utsikt over dei flotte fjellformasjonane i Trongedalseggene, og Ålfotbreen i nord. I nordvest ligg Saga, Plogen og Keipen, og ein ser dessutan langt ut i havet i vest. Med andre ord: Fantastisk utsikt!

Total lengd t/r: 11-12 km
Tidsbruk: 2-3 timar opp, 1,5 - 2 timar ned.
Kartblad: Naustdal 1218 III
Turkart: Ålfotbreen

Turen står også omtala i Opptur Sogn og Fjordane, turnr. 19-01.

Og så attende til vår turhistorie:
Turen til Haukåbøra (som også er ein tur å tilrå! - turnr. 19-04 i Oppturboka) startar i krysset ved Nordalsfjorden, så eg kikka spent etter om vi kunne finne nokre spor etter Skorpionen der.... men nei, der var ingen bilar. Vi køyrde innover Nordalsfjorden - turen inn der er ei oppleving i seg sjølv, og vel verdt å ta sjølv om du ikkje skal på fjelltur. Mange flotte idyllar langs vegen innover!

Vi køyrde opp i Budalen og såg at det sto parkert to bilar ved brua. Eg spratt ut for å sjå om eg kunne finne teikn etter Skorpionen..... Eg kikka inn i den eine bilen, og der var det barnesete og barnevogn (ho har ei jente som fyller 2 år denne månaden), i framsetet låg "Opptur Sogn og Fjordane" og eit fotostativ (ho er veldig fotointeressert!). Då var eg nesten heilt sikker: Skorpionen var på veg oppover mot Lassenipa!!!
Så då var det berre å leggje i veg, og starte på turen. Ca. 10 minutt etter at vi starta, kom det ein rask og spretten kar opp bak oss. Han var bonde i Sunndalen og skulle sjå etter sauene sine. Vi slo av ein prat om fjell og turmål i området og vi fekk nokre gode tips når det gjaldt stien vidare til Lassenipa. Den er relativt godt merka oppover til hytta, men eit par plassar kan det vere lett å gå feil viss ein ikkje er merksam på skiltinga. Spesielt ein stad - der du kan velje mellom to ulike stiar: ein til Fjellvatnet og ein til Lassenipa. Men ser du kva som står skrive på dei raude trekantmerka, så fortel dei kor du skal gå. Rett før hytta på Rastene, må du over ei elv. Denne kan nok vere vanskeleg å krysse tørrskodd ved høg vassføring - men då er det berre å ta av seg på beina og vasse over :). Det hadde jo vore ein del regn i dagane før, så vassføringa var bra stor, men vi kom oss såvidt over utan at vi måtte ta av skoa.



På Rastene er det skilt om at du no kjem inn i Ålfotbreen nasjonalpark. Her er det fint å ta pause, då du har flott utsikt utover Nordalsfjorden og ut mot Florø og øyane utanfor. Må vere utruleg fint å sitje i hyttveggen her i solnedgangen! Der er også ein utedo som står open, så om nøden er stor....:)


Ved hytta møtte vi også tre Florianarar på veg ned att frå Lassenipa. Dei kunne fortelje at dei hadde møtt ei jente som var på veg oppover, og som no sikkert var på toppen. Eg kikka opp mot varden på toppen, og jammen kunne eg sjå noko som rørte på seg - kunne det vere Skorpionen?????



Vi la i veg vidare oppover, og møtte igjen bonden på sauejakt, som no gjekk på kryssande stiar i forhold til der vi skulle. Vel oppe på hylleplatået rett før toppen, var det lett og fin berggrunn å gå på, så vi gjorde unna meterane raskt. Men her var fleire småhøgder, så eg vart med eitt uroleg: kunne det skje at vi og Skorpionen kunne gå forbi kvarandre utan at vi møttes????? Så eg måtte opp på eit lite høgdedrag og sjekke at ho ikkje befant seg på den andre sida av dette..... det gjorde ho ikkje. Og ikkje mange minutta etterpå, så såg vi ein skikkelse dukke fram bak ein stein - og der var ho. Skorpionen, eller Eli Kristin som ho heiter, kom blid og fornøgd mot oss! Etter all den "dialogen" vi har hatt om turar og turglede, så var det utruleg artig at vi nettopp skulle møtast på ein slik måte: på veg opp/ned frå ein fjelltopp!!!! Sjølvsagt måtte vi ta oss ein lengre pause og slå av ein prat. Veldig kjekt å treffe på deg, Eli Kristin! - og tilbudet om at du må stikke innom på ein kaffikopp når du er i Førde står framles ved lag :) !!! Skorpionen sitt innlegg om turen på Lassenipa, kan de for øvrig lese her - artig innlegg med MANGE flotte bilete!
Eit hyggjeleg treff i fjellheimen! :)
 Ca. 3 timar etter at vi starta på turen, var vi framme på toppen - men då hadde vi prata vekk minst 1 time undervegs! Vi vart heller ikkje skuffa over utsikta - vi skimta havet i vest og det er noko heilt spesielt med desse hylleformasjonane som du finn i Ålfotenmassivet. Dei må berre nytast - i fulle drag!!!! Langs desse hyllene kan ein truleg vandre i dagsvis utan å møte folk - vilt og nærast urørt! Dessverre låg det tåke i nord, så vi fekk ikkje sett Keipen, Plogen eller Saga. Dei er lett synlege frå dei fleste fjelltoppar i ytre Sunnfjord, så vi har sett dei før - men det er ikkje så ofte ein er som nær dei som på Lassenipa. Og uansett, så har vi vore på både Keipen og Saga tidlegare! :) Om du elles ynskjer ei innføring i korleis hylleformasjonane vart til og lese ei særs artig turskildring frå Ålfotbreområdet, så kan du gå inn på innlegget Ålfoten extragavanza. Eg kan love deg ei levande og fornøyeleg historie! Sitat:

"Ingenting e lett, alt e vanskelig. Aldri flatt, aldri rett fram. Eg e dritlei, rett og slett" Til Erlends forsvar så kjenner resten av følget på dei same kjenslene i varierande grad. Vi er på femte og siste turdagen i eitt av Noregs mest fascinerande og særmerkte landskap, Ålfoten i Sogn og Fjordane, eit landskap det i utgangspunktet er idioti å freiste å forsere fordi det er ein grunn til at landskapet er fascinerande og særmerkt.







Etter ein lang og god pause, var det berre å setje kursen nedover mot bilen igjen. Ikkje så mykje å seie om returen - vi møtte tre stk som var på veg opp, og etter vel 1,5 time var vi tilbake ved startpunktet. Godt fornøgde med dagen - turmålet innfridde alle forventningar, og veldig kjekt med "uventa" møte oppe i fjellet!


Frå toppen ser du ned til Grøndalstøylen - du går forbi denne når du skal til Blåbrebu

Ein radioamatør har alltid med seg sambandsutstyr....:)






2 kommentarer:

  1. Tjoho!!! :D Takk for hilsen ja - og der var historien, he-he! Du er jammen flink å føre pennen Liv Janne, sitter og flirer for meg selv. Må si takk for sist, kjempekoselig treff i fjellheimen! :)

    Ser vi har en del like bilder, men det er jo ikke så rart. Det er flott natur og en veldig herlig fjelltur det der. Utsikten er fantastisk. Tror dere hadde mindre skydekke enn meg på toppen også, ser iallfall ut som det var sol og blå himmel der oppe. Masse flotte bilder av dere "radarparet" også, dere er spreke altså. Må inn og lese meg opp på Ålfoten-linken, dere er flink å finne info om turmålene :D

    Jeg har tur og kaffikopp på minnet og det samme gjelder for dere om dere skal ut igjen her på disse trakter ;) Bare å ta kontakt! Det har ikke blitt flere fjellturer på meg siden Lassenipa, venter på bedre vær for å komme meg opp på nye topper MED utsikt, he-he. Blir det ikke bedre snart, så bare går jeg for å gå. Det kribler etter tur igjen :D

    Ha en herlig onsdag, her lokker sofaen mest akkurat nå (må bare linke fra min tur til deres, he-he)! Nyt kvelden :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vart sofakveld på oss også - ikkje så veldig fristande å kome seg ut i dette regnet ;). Men satsar på ein fin seinhaust så vi framleis kan få nokre fine turar! Takk for invitasjon - ein dag er vi pluseleg på døra;)!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!