Storehesten var eit vakkert skue i dag
- freistande å reise ut på tur!
Men på ein heilt vanleg kvardag
- er det jobben som ventar!
Men det hindrar oss ikkje i å drøyme,
og einskilde dagar vert draumane oppfylt!
Det er det vi lever på i kvardagane,
og hindrar at "kvar dag blir kvardag"!
Og så må ein hugse på at det å nyte ei utsikt også er ei oppleving i seg sjølv
- eit minne som er verdt å ta vare på!
Og som gjev grobotn for nye draumar......
(Ynskjer du å vite meir om dette fantastisk vakre og karakteristiske fjellet i Sunnfjord, så kan du blant anna gå inn på sidene til Storehesten Opp. Verkeleg eit turmål å tilrå for både nære og tilreisande!)
Kjenne meg så innmari godt att!!! Spring rundt på jobb og kikker ut vindua og ser på fjella her, solskinnet som lyser på toppane... Ahhhh... kjenne d kribler i beina og har mest lyst ut. Kjem heim og sola er borte og mørkret brer over. Skal bli godt med lysere tider :)
SvarSlettNydelig!!! Godt at storhesten har kommet for å bli:))) Og det så ut som en nydelig turdag..men ja..jobb først:)))
SvarSlett:))