Flott utsikt attende mot Førde sentrum og Hafstadfjellet! |
Inspirert av at Indre Sunnfjord Turlag skal ha trugetur til Hjellestølen og Steinheia her i Førde i morgon, så tok vi turen på nettopp Hjellestølen - og dermed har vi bana "veg" for dei som skal ut og gå i morgon! :) No er det meldt ganske mykje regn i morgon, så det kan i så fall bli eit våt affære for dei som tar turen. Eit par år sidan sist vi var her, så kjekt med eit gjensyn med Hjellestølen!
Vi starta rett nok turen vår frå skogsvegen på Hjelle, og ikkje frå det vanlege startpunktet litt lenger inne i dalen, rett før du kjem til Ryggjabrua (sjå sti innteikna i kartet under). Den vanlege stien er skilta frå vegen og merka oppover. Det er for øvrig god sti, så greit å sjå kor du skal gå - vel og merke når det ikkje er snø.....
Når du går skogsvegen, kjem du etterkvart inn på denne stien også. Litt lenger å gå, men det er også litt mindre bratt stigning. Og trugene var eigentleg overflødige så lenge vi gjekk på skogsvegen. Distanse ein veg: ca. 3,5 km.
Som de også ser av kartet over, så er det sti frå Hjellestølen og vidare på Førdsnipa.
Vi starta turen mellom 15.30 og 16 og var attende til bilen 17.45. Då merka vi at det var byrja å mørkne, men det var framleis uproblematisk å gå. Så vi kunne med stor glede konstantere at det no faktisk er mogeleg å gå seg ein ettermiddagstur på eit par timar rett etter jobb utan å mørkne ute - våren nærmar seg, folkens!!! :)
Vel framme på Hjellestølen |
Vi ser opp mot Førdsnipa - nokre snøfjon i lufta |
Det første bildet bare knalldigger jeg :))
SvarSlettJeg tenker virkelig på å tråle litt i sogn og fjordane til sommeren. Utrolig mye flott natur der...
Fin søndag i skauen:))
Absolutt å anbefale å ta turen til Sogn og Fjordane - kan gje deg mange gode tips :)
SlettGodt jobba ;-)
SvarSlettLitt lettare å ta neste tur når sporet allereie er gått opp - men no regnar det vel vekk likevel....;)
SlettSo fint "truge" bilde av deg Liv Janne. Truger er ein veldig fin måte å komme seg oppover små og store fjell på i snøen. Ellers vart det ikkje tur til Steinheia med turlaget - Lasse stod klar ved Hjelle - forgjeves. Vi får prøve turen ein annan gong - i finare veir.
SvarSlettJa, eg rekna nesten med at turen blei avlyst slik som det regna. Men både stølen og Steinheia ligg der, så sjansen byr seg nok igjen :)
SlettTrugetur ER veldig gøy! Veldig kjekt å sjå andre også har funnet gleden over disse store føttene :))
SvarSlettJa, vi har verkeleg fått sansen! Og har så snakka så mykje om det, at eg trur det er fleire som kjem til å kjøpe seg truger no....;)
Slett