tirsdag 20. august 2013

Mørkrisdalen i Luster - den vakraste av alle vakre dalar!

Steffen bloggar:

Påstanden i overskrifta over er ikkje mi, men tilhøyrer den kjende naturfotografen Leiv Bergum, som i tiår på tiår har fotografert fleire naturperler enn dei fleste i Sogn og Fjordane og andre stader. Men lat det vere sagt med ein gong: også eg kan stadfeste det Bergum seier om fantastiske Mørkrisdalen, etter besøket vårt i denne dalen på Breheimen-rundturen vår i sommar!

Dette blogginnlegget handlar om eit streiftog vi hadde i nettopp MØRKRISDALEN  i Luster kommune - Frå Mørkri til 
Åsetevatnet. Dette kan vere eit turmål i seg sjølv, eller ein passerer staden på veg inn i fjellområdet Breheimen frå sør.
Liv Janne i lett driv forbi DRIVANDEFOSSEN
 på veg til Åsetevatnet ein tidleg sommarmorgon

Sjå også dei andre innlegga våre frå Breheimenturen: 

Fakta:  Mørkrisdalen er en makelaus dal i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Dalen går ut frå Skjolden, innerst i Sognefjorden. Mørkrisdalen har stort biologisk mangfald. Her, i dette frodige sørvendte området med karakter av ein tropisk regnskog,  finn du dei høgaste bregnene, den sprekaste fjellauren - og ein dal utan menneskelege naturinngrep som t.d. vasskraftutbygging. Durande og duvande fossar gjev Mørkrisdalen fantastisk karakter!
To flotte vandreruter går frå Mørkrisdalen inn i Breheimen. Ei rute fører i bratt stigning forbi Åsetevatnet til Fast, ei hytte som tilhøyrer Den Norske Turistforening (DNT). Den andre ruta følgjer Mørkriselva, opp forbi stølsgrenda Dalen og vidare under fossen Kvitene til hytta Arentzbu (DNT)


Fosselangs opp til Åsetevatnet (800 moh)
Med besteforeldre som barnevakt på campingen i Skjolden, baud sjansen seg for ein fin morgontur i det fantastiske veret som var denne sommarveka. Åsetevatnet, i løypetraseen til DNT-hytta Fast, var utfluktsmålet.
Frå parkeringsplassen på Mørkri er stien til Åsetevatnet
(og vidare til hytta Fast) DNT-merka

Frå Skjolden er det bilveg til Mørkri der ein parkerer. Herfrå i slyngar på god sti, men særs bratt opp fjellsida, på høgre sida av vakre Åsetelvi, mot Åsetevatnet. 

Kort og trygg tur å gå; kring 3,5 km kvar veg - men akk så bratt!







Stien opp til Åsetevatnet er ein eldgamal bufar- og kløvjeveg - til tre stølsgrender der oppe ved vatnet: Osen, Åsete og Fast.
Oppe på bakkekammen bak fossen - 850 moh - ligg eit fantastisk fint vatn: Åsetevatnet.
Stien opp til Åsetevatnet kjem i toppområdet opp den grøne, skogkledde renna mot himmelsjå til høgre i biletet.
Biletet er teke frå Skori, framme i dalen - som var med i det kjende TV-programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".




Drivandefossen passerte vi på nært hald på veg opp og ned - ein stad som gjev god naturleg kjøling


Oppe på kammen like før Åsetevatnet har ein strålande utsikt sørover mot Lustrafjorden og Skjolden - og til Hurrungane i Jotunheimen i austleg retning. Så har vi kronjuvelen då; den fantastiske stølsgrenda på Osen (856 moh) - der stølshusa speglar seg i Åsetevatnet:  


HUNDKAST - soga fortel at her skal ein mann ha kasta hunden sin utfor for å bli kvitt han
Fantastisk tindeskue til fjell langt vekke frå stølane ved Osen ved Åsetevatnet - Hurrungane.
Skagastølstindane  (t.v) - Ringstindane og Austadbotntindane kjem fram bak Bolstadnosi
Velopplagt turfølgje i positur med Skjolden og Lustrafjorden lengst bak. Enno er det tidleg morgon.


Vi er vèl framme ved stølane på Osen ved Åsetevatnet. Idyll av kaliber! 
Går ein vidare langs høgre sida av Åsetevatnet frå stølane ved Osen, kjem ein til sti-delet til Arentzbu, eller ein kan gå vidare vidare langs vatnet til DNT-hytta Fast.


















Fast fisk så det held: 
Her - i Åsetevatnet - vart ein aure på (hald deg fast!) 6550 gram teke på garn i 1996!








Eit siste tips etter fjellturen: 
Ikkje gløym å køyre bilvegen heilt til endes frå Mørkri og nordover dalen. Ved vegs ende kjem du til Hyrnavollen  - ein idyll i seg sjølv, og fin-fint utgangspunkt for ein kort fot(o)tur inn til Dulsete!

1 kommentar:

  1. Litt av en morgen tur! Og mange flotte bilder :)) kjekk info og solgløtt! Virker som dokke hadde funnet en flott plass også, med setrer, foss, skog, fjell og histoie!
    Dokke har virkeli gått nokre flotte turer i sommer :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!