mandag 5. august 2013

Nørdstedalseter og Medalsbu - startskot på Breheimenferie

Steffen bloggar: 

Det er ferietid, og den kan opne for så mangt. Enkelte vil ha det roleg og kjent og vil helst vere i heimen. Andre vil vere aktive, få frisk luft og dreg kanskje til ein annan -heim, så som Jotunheimen. Vi tilhøyrer siste kategori, men valde oss i staden BREHEIMENMedan vi i fjor sommar var på tokt rundt Hardangervidda med bubil, og hadde oss spanande gåturar med ei to små på stigar inn mot vidda - så ville vi i år gjere det same, men altså kring og i Breheimen. 

I vèl ei veke hadde vi Luster og Skjåk som base for fine natur- og turopplevingar, saman med dei to avleggarane våre, Bendik Matias og Sanna Oliva og eitt av besteforeldre-para.
Og lat det vere sagt med eing gong - Breheimen har svært mykje av det ein krevjande naturfantast kan tenkje seg, og som gjer at vi alt no kan seie at Breheimen vil få mange fleire besøk frå oss i framtida.

I dette blogginnlegget vil vi omtale turen til DNT- hyttene Nørdstedalseter og Medalsbu i Luster. Andre innlegg vil omtale andre turar og opplevingar vi hadde denne juli-veka.

Så, bli med oss på reisa!:

Vi er komne til Skjolden ein fredag sist i juli - og har valt oss ut naturskjøne Nymoen camping som base for i hovudsak dagsutflukter inn i Breheimen frå Sør. Fint, eller?
Nymoen Camping i Skjolden - ypparleg base for inntog i Breheimen og ekskursjonar i naturen i Luster.
FUGLESTEG - som mange har vore på - ligg i lia i fjellet til venstre for fossen midt i biletet
Breheimen, seier du? Høyrest kanskje kaldt og gufsent ut. Den kan nok vere dèt og, men er så mykje, mykje, mykje meir! Breheimen er fjellområda vest for Jotunheimen og Sognefjellet, mellom Sognefjorden, Nordfjord, Skjåk og Bøverdalen. Breheimen har, som navnet tilseier, mange isbrear – mellom dei Jostedalsbreen, som den største i Noreg.I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Området strekkjer seg frå kring 100 moh. ved starten av Mørkridsdalen til toppen av Store Hestbrepigg på 2172 moh. Landskapet har blitt forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusener av år. I dag finn ein alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre. Her er eit breidt spekter av naturopplevingar, landskapsopplevingar og friluftsopplevingar. I dag har DNT et godt nett av betjente og ubetjente hytter i Breheimen. Ein mykje brukt rundtur går mellom Sotaseter, Nøstedalseter, Arentzbu og Sprongdalsbu. 

  • Sjå eiga rutebok med turskildringar for rutenetett i Breheimen her
  • Sjå Turistforreningen sin omtale av Breheimen på UT.NO
  • Sjå Informasjon frå Miljøverndepartementet om Breheimen nasjonalpark her

Spektakulær biltur til, og overnatting på, Nørdstedalseter øvst i Fortunsdalen

Første overnattingsdøgn, frå fredag til laurdag på Breheimenturen, reiste vi og overnatta på DNT-hytta Nørdstedalseter, langt opp i Fortunsdalen i Luster, og med kjempefin dagstur til Medalsbu påfølgjande dag. Her hadde vi aldri vore før, og ønskte å gjere oss litt kjende. 
Den betjente DNT-hytta Nørdstedalseter ligg øvst i Fortunsdalen i Luster kommune 
27 km kronglete og utfordrande biltur på grusveg finn du Nørdstedalsseter.


Fossar og badekulpar i fleng opp
 idylliske 
Fortunsdalen mot Nørdstedalsseter
Frå Skjolden går det veg inn Fortunsdalen; først flatt og med asfaltdekke. Så over på grusveg... og vegen smalnar.,. og blir etter kvart svært luftig... med frisk utsikt ut for "støypekantane".... Konsentrèr deg om køyringa og gløym kommentarane frå 2.flygaren!!!


Framme på Nørdstedalseter. Her ventar det ei fullbetjent DNT-hytte, med overnattingskapasitet til 40 (na-)turglade personar. 
Vi hadde oss ei overnatting på hytta som ligg på 937 moh 
Godt med tumleplass rundt DNT-hytta Nørdstedalseter for Bendik Matias (2) og Sanna Oliva (4 år) 

Mange DNT-ruter  til /frå  Nørdstedalseter
Liv Janne i hyggeleg passiar med serviceretta vertskap
på Nørdstedalseter; Maj-Britt (og Lars Halvard Finskud) 







Nørdstedalseter er kjend for å servere kortreist mat:
nysteikte vaflar med nyrørt jordbærsyltetøy smakte fortreffeleg!

Dagstur til den "bortkomne" naudbua Medalsbu

Etter ein velsmakande frukost på Nørdstedalseter neste dag, var store og små meir enn klare for å prøve Apostlanes hestar. Bilvegen opp til Nørdstedalseter vart i si tid bygd i samband med kraftutbygginga i Breheimen, men stoppar ikkje heilt ved Nørdstedalseter. Den går faktisk 6 km vidare - opp Middalen i nodleg retning - til demningen ved Middalsvatnet. Slik kunne vi kome endå lengre inn i Breheimen, før vi "laut" ta beina fatt; kraftutbyggingar og inngrep, så som vegbygging, har altså både vondt og godt med seg.

Endemålet for dagsturen, er steinbua MEDALSBU; ei nødbu på DNT-ruta mellom DNT-hyttene Nørdstedalseter og Trulsbu. Medalsbu har mykje spennande histore knytt til seg, og som var omtalt skriftleg på Medalsbu.

Frå Nørdstedalseter går det anleggsveg i Nordleg retning, opp til demningsanlegget ved Middalsvatnet, og etter 6 km med høg 4-hjulstrekk er du framme
Turfølgje på tre generasjonar i lett drev og på lette føter inn mot Medalsbu
Medalsbu ligg nord for Nørdstedalsseter - mellom denne og Trulsbu, og er ei nødbu administrert av DNT Oslo. 

Dagens turmål  - nødbua Medalsbu - er eitt turmål med mykje historie knytt til seg, kunne vil lese i hytta: 
Hytta vart i si tid sett opp av Turistforeninga for å dekkje turruta mellom Sogn og Skjåk. Likevel - i 1941 - hadde ingen av styret sine medlemer i turistforeininga nokon gong vore på Medalsbu, og hytta var ikkje innteikna på noko kart. Så kvar låg den i lende?  Ein "ekspedisjon" utrusta seg denne sommaren, den 11 juli, og etter intens leitning fann dei den liggande vest av Middalsvatnet, der den gjekk i eitt med resten av terrenget. Den var høgst spartansk utrusta med eit par plankar til sengebriskar på golvet, og to primusar til koking av mat. I hytta fann ekspedisjonen ei hyttebok der det stod to namn, det var namna på dei som hadde bygd hytta i 1938... Hytta forfalt, og i 1957 la Turistforeningen ned hytta... før den nesten 50 år seinare vart restaurert att til slik den er i dag.


Attersyn ned Middalen , i retning Nørdstedalseter




Ikkje rart hytta var vanskeleg å finne att i terrenget ved leiteaksjonen etter den i 1941.
Då mangla T-merkinga av stien og...

Kven er det som bankar på mi dør?...:
Den blå DNT-nøkkelen ungane har fått tilsendt av Turboreven måtte prøvast, tur for tur.






3-delt panorama over døra i Middalsbu, md sikt sørover Middalen


Sjølvsagt måtte vi skrive oss inn i hytteboka på den "bortkomne" hytta

Middalsnosi  (1694 moh) er ein fin korttur frå Nørdstedalsseter
Illvassnosi (kring 1700 moh) ligg i kort avstand frå Middalsbu.
Dessutan finst porten til det underjordiske nettopp i Middalen, om nokon skulle føle seg kalla...
Farmor Anna med hua på snei, nyt det fine Breheimenlanskapet
Alt har sin ende - vi forlet Middalsbu, for å ta base i Skjolden for
fleire dagsturar i Breheimen

"Fjell-liv"
No er eg so glad, no er eg så lett
for eg skal til fjellet fly.
Eg kjenner meg sprek, det er beint som eg sprett
eg kjenner meg heilt-upp ny.
Å, det er vel gildt at der eg kan sjå
flyer og fjell med sylvkruna på.
Og sjå kor det veks av mose og lav
ja, alt som Gud oss gav.

(Utdrag "Fjell-liv", Boye Skeie)



2 kommentarer:

  1. Wow! For en sprek sommerferie!! Og for ei stilig bortkommen hytte også :)) liker sånne steinbygde hytter er noke eget ved dei. Men dokke er virkelig flinke og spreke som tar med to skjønne smårollinger på tur sånn.
    Kjempe flotte bilder og meget godt skrevet :))

    SvarSlett
  2. Siv Belinda Bruland6. august 2013 kl. 20:50

    Kjempeflott turrapport og fine bilder. Her er det meste ein treng av informasjon for ein tur, og ein kan nesten berre legge i veg.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!