søndag 20. oktober 2013

DNT-hytta Massbu - shines for you!

"sunday sunday people
sunday shines for you
sunday she is shining
for you"
(til minne om artisten Lage Fossheim i The Monroes, som døydde i går 19.10.13 - 55 år gamal)

Og denne sundagen skein for oss fire
- blå himmel, sol og familietur
til DNT-hytta Massbu på Øvre Laukelandsstølen i Gaular


Frå Nedre Laukelandsstølen er det ein god kilometers gange opp til hytta
- passeleg tur for små føter!



Denne stølshytta er på det jamne ganske einsam, 
trass i lett tilgjenge er det altfor sjeldan den vert besøkt, 
og endå sjeldnare at det blir overnatta i den. 
Ungane konkluderte raskt med at her ville dei sove, 
og plukka ut sengane dei skulle liggje i. 
Det var ikkje tid for det denne gongen, 
men det må vi gjere seinast neste år. 


Mange flotte dagsturmål frå denne hytta:
- berre for å nemne nokre. 
Eller du kan gå ned og bade i toppen av den flotte Laukelandsfossen,
vandre ned i Fossedalen,
eller gå den merka ruta vidare til DNT-hytta Nipebu
Vi gjorde alt på ei helg for nokre år sidan, 
og kan garantere ei flott oppleving!

Sanna Oliva hadde sin første tur opp hit då ho var 5,5 mnd gamal,
og det var hennar 5. DNT-hytte besøk. 
Vi sendte derfor brev til Turboreven for premiering, 
og brevet vart også publisert i Turmagasinet Sogn og Fjordane Turlag i 2010:


Cheerio, cheerio - bye, bye,
Cheerio-o, cheerio godbye! :(

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!