fredag 18. oktober 2013

Hjellestølen - Førdsnipa - Hornnesstølen



Jada, mannen på tur veit å sende flotte bilete,
berre for å gjere meg litt misunneleg....
reknar med det kjem fleire i løpet av ettermiddagen :)

Håpar uansett det er fleire som får nyte sola i ettermiddag.
Ha ei god helg, kjære blogglesarar!



Turskildring til Førdsnipa, finn du i dette innlegget.

Og her kjem nokre oppdaterte fotoglimt frå ettermiddagens tur:

Det byrja med strålande sol på Hjellestølen....

....så kom ein opp i snøen like under Førdsnipa - utsikt mot Viefjellet


Ved varden på Førdsnipa, såg ein snøbyene som gjekk tett ute med Storehesten. Og etterkvart kom dei også til Førdsnipa!

På nedstigninga frå Førdsnipa til Hornnesstølen var det vinterleg, men på fjellgarden Fossen i Erdalsdalen var det framleis snøfritt.



4 kommentarer:

  1. Så mange fine fjell dere går tur i! Er stadig vekk innom og ser på de flotte bildene og all den utsikta. Her ved foten av Hardangervidda er det lite utsikt i forhold til det dere har. Vandring på flat mark kan vi nesten si. Men tur er tur, uansett.

    Riktig god helg! Her er det fremdeles snøfritt så lenge det varer.

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, tur er tur uansett, Ingunn! Er tilhengar av variasjon - så ein dag er det flott å gå på toppturar, ein annan dag er det minst like flott å gå i flatare mark. Natur er natur uansett også :)

      Slett
  2. Her nyter vi snø og vinter, vi...gjett om det er stas for ungene! :) God helg til deg og dine :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Håpar snøen held seg unna litt til her ;) Stas for ungane sjølvsagt, men for oss vaksne kan den godt vente på seg litt.

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!