tirsdag 1. oktober 2013

OPPSTRYN (1): Fjellgarden Segestad og stølane i Glomsdalen

Steffen bloggar:

NORGE PÅ HØGKANT!!!

Mange av oss er det vel som i bil på veg ned Strynefjellet og mot Hjelle hotell i Oppstryn som har smågispa og sagt til seg sjølv eller medpassasjerane:
- Akk og vè kor dyrisk fine fjell og natur det er her i Oppstryn!!! Har du sett på maken!!! Her må vi beint fram stanse litt og nyte utsynet!

Fjella og naturformasjonane her i Oppstryn er så fine at området er blitt kalla "NORGE PÅ HØGKANT", med direkte referanse til at foto må takast med kameraet på "høgkant", nettopp for å greie fange dei høge fjella her oppe til minnebrikka.  Nokon vil seie at fjella ein kan skode på gjennom bilvindauga herfrå er dei finaste fjella ein kan beundre direkte i heile Noreg! Store ord; men kanskje ikkje for store. Fleire av fjella her - hyrnene - er på 1600-1800 moh og speglar, er vanskeleg tilgjengelege, og speglar seg trolsk i det lett grøne Oppstrynsvatnet.
Les om dei to andre turane eg gjekk desse dagane:

FJELL PÅ REKKJE OG RAD: Storskredfjellet (1814 moh) til høgre - og Stryneskåla (1848 moh) bakerst i dalen til venstre
Sørsida av Oppstrynsvatnet - sett frå Sigdestad: Stryneskåla bak i dalen til høgre. Kampen til venstre
ERDAL og inn Erdalen. Hjellehyrna (1368 moh) heilt til venstre.
MEN - har du nokon gong parkert bilen og tatt deg fottur opp til fjellgarden  som du ser ligg så vent til oppe i lia like vest for Hjelle Hotell? Der oppe, lengst ute på ein fjellknaus, med utsikt over Oppstrynsvatnet, ligg nemleg den fråflytta garden Segestad. Slett ikkje så høgt over havet, vel 300 m - men med ei formidabel NATUR-utsikt! Men meir enn det: Frå Segestad går det god sti vidare inn den vakre Glomsdalen, som ligg i forlenginga av Segestad i nordleg retning. Dalen er lang, 10 km lang, og du passerer støl etter støl på veg innetter den fine dalen. 

Det fine med Segestad og Glomsdalen er att alle i vanleg form kan nå båe stadane, eller delar av turen om ein ynskjer det, utan problem. Det er inn i dette postkort-eldoradoet, eg ynskjer ta deg med i dette, og 2 andre, blogginnlegg. For, på ein tredagars tur no i september hadde eg meg nemleg 3 fantastiske turar, som eg vil dele med deg. Eg startar  med Segestad og Glomsdalen i dette innlegget; dei påfølgjande bloggartiklane frå Oppstryn kjem etter kvart.
Dagens turmål ligg ved Hjelle i Oppstryn: Fjellgarden Segestad - og den 10 km lange stølsdalen Glomsdalen


Fjellgarden Segestad:
Fakta: Segestad/Sigdestad er særs særprega og storslått plassert der den ligg høgt og fritt på ein framskoten rygg ved inngangen til Glomsdalen, oppe i nordsida like ved Hjelle og Oppstrynsvatnet. Gardstunet  ligg på 315 m.o.h. og gjev eit fantastisk utsyn ned i Hjelledalen, til Erdalen, Strandsida og dei kjende fjella ikring. Namnet Sigdestad er eit namn frå vikingtida, gjerne frå år 800 -1000 e.Kr. Historisk museum i Bergen hadde i 1985 arkeologiske undersøkjingar i Glomsdalen, der dei fann fleire spennande tufter, heilt tilbake til 1500 -500 før Kristus. Som nabo, kring 1 kilometer lenger vest, finn vi den kjende frukt- og fotballbygda Flo. Men trass i liten avstand mellom desse bygdene, gjer dei bratte fjella det nesten uframkomeleg mellom dei to stadane, og ein skal vere lokalkjent for å vite kvar det er mogeleg å gå.
For å kome til Segestad må du først reise til Hjelle. Derfrå går det ein 3 kilometer lang gardsveg, bilveg, forbi Hjelle skule til garden Glomnes. Her parkerer du ved ein tillaga parkeringsplass nede ved Oppstrynsvatnet. Følg så vegen vidare vestover 200 meter til, før du tar opp merka sti til høgre. Her byrjar stien opp til Sigdestad. Stien til Sigdestad, snirklar seg opp fjellsida ved sida av den mektige Glomnesfossen
FJELLGARDEN SEGESTAD: Dèr,  på pynten midt oppe i den solrike lia på biletet, ligg Segestad.
Ein småtur i seg sjølv - men som for meg var første delmål på ein lengre fjelltur inn i stølsdalen bak garden.



Frå Glomnes ser du opp mot Segestad (til venstre i biletet) og inn Glomsdalen

Fint tillaga sti opp lia mot Segstad.
Halvvegs oppe mot Segestad berre aukar utsikta - her i austleg retning mot Erdal og Erdalen

Du går opp til fjellgarden Segestad på 1/2 - 1 time. Her er det obligatorisk å ta seg første pause og nyyyyte fjellpanoramaet i 180 grader: aust, sør, og vest for Oppstrynsvatnet
Fjell innst i Erdalen



Snart oppe på Segestad.
Utsikt vestover i retning fotballbygda Flo
på nordsida av Oppstrynsvatnet
Majestetisk utsik til fjella i sjåretning austover i Erdalen
Sigdestad som gard og tidlegare buplass er vel verdt å sjå nærare på: Garden er ein gamal kulturskatt og er eit prov på slit og strev, og at folk busette seg og levde av jorda på dei mest krunglete stader her på Vestlandet. Garden har eiga taubane.

Sigdestad har fått sett den gamle taubana i stand gjennom gåvepakke
frå ein bank

Fint å lute seg over grinda på Sigdestad...
Fjellgarden Sigdestad (315 moh) med løe, hovudhus, taubanehus og uthus.
Fint stuva tre.  Erdal i bakgrunnen, Hjelle inn til venstre i biletet

















































Like bak husa på Sigdestad, i retning trea på biletet, startar stien vidare inn Glomsdalen.... og dit gjekk eg....


Glomsdalen - lang, men med passe stigning


Glomsdalen er ein 10 km lang dal som strekkjer seg frå Sigdestad (315 moh) og inn dalen like til Møre og Romsdal grense. Glomsdalen er omgjeve av fjell som strekkjer seg opp mot 1800 moh.  Varierer mellom u-dal innst ved stølen Stol - endepunktet for turen min -  og meir typisk v-dal nærare Glomnes. 

Glomsdalen husar ikkje mindre enn 4 setrar, Glomnessætra fremst , så Nos (Bolstadsætra), Midtstølen og lengst nord i dalen - Stol

Glomnersetra - første setra du ser på veg inn Glomsdalen. 
Setra ligg på andre sida av elva Glomsdøla som du passerer over på ei god bru på veg innetter dalen. På andre sida av brua kan du gå attende på andre sida av Glomsdøla og ned att til Glomnes, og slik få ein fin rundtur siste stykket på returen. Men først må vi vidare innetter dalbotnen i Glomsdalen...


Glomnessetra ligg på andre sidan av elva inn dalen frå Sigdestad,
men som eg passerte direkte på returen, ved å gå ta ein annan
retur siste stykket attende (jf seinare)



Kring 1,6 km nord for Sigdestad innetter Glomsdalen, kjem du til ei bru.
Du går over brua, og fortset innetter dalen, eller kan returnere direkte
 til Glomnes ved å ta stien til høgre her om du ynskjer ein kortare tur.
Glomsdalen har fine fjellsider, og skogsvegetasjonen avtar etter kvart som du kjem innetter
dalen og høgdemeterane aukar.  Utsyn sørover att mot Sigdestad.

Nos (Bolstadsætra) er den 2. setra du ser, men på andre sida av elva i høve til der stien går:

Nos - mest murrestar att etter staslege steinbygningar.
Stolhyrna i bakgrunnen
Like etter stølen NOS, dreiar dalen nordvestover. Bjørkeskogen er nesten heilt vekke i dalbotnen
Eg hjalp ein sauesankar eg møtte nede ved bilvegen etter turen med å lokalisere
 kvar sauene hans gjekk,  ved å zoome inn på øyremerka til sauene.
Slik sparte mannen seg ein sauesankar-tur på 10 km, kvar veg!








Vèl 1 km forbi NOS kjem stien opp på ei nydeleg flate i dalbotnen - og ein heilt ny, og open dal opnar seg. Her er det godt å rusle, du, og berre ta naturen inn over seg... 





Så kjem den 3 stølen på turen til synes - Midtstol/Midtstøylen.Dette er stølen til Hjelle - og her står det berre 1 bygning i dag. Her er skredfarleg, så stølshuset har fått bygd ein steinplog for gavlen av bygningen for å kløyve eventuelle snøras (sjå collage, nedanfor).

Ser du stølshuset til Hjelle på Midtstol???
Midtstol har fått steinplog for endegavlen å knuse snøras om vintrane - og slik verne selet



Endemålet for min tur - og siste stølen inst i Glomsdalen, er STOL (på kring 700 moh). Då har eg gått kring 10 km frå startpunktet.
Stol (700 moh) ligg vakkert til på ein morenerygg.
 Her er det mange sel - nye og eldre.
Stølen STOL - med nye og eldre stølshus.  Eit av stølshusa her har namnet "Fjellro"; det oppsummerer også turgåar Steffen si oppleving av denne fantastiske dalen.
Sandskarhyrna (1690 moh) vaktar stølen Stol på austsida.
Nysnøen vitnar om tida som er i emning - og som dessutan
gjev dei fine haustfargane!
Eg såg med eitt på klokka... den vitna om at eg hadde hatt mange fotostopp og kosa meg mykje i løpet av dagen - som jo var planen - så no var det å gasse opp litt på returen same veg. Men når ein går attende same vegen som ein kom, dukkar det alltid opp naturovringar som ein ikkje såg når ein gjekk innetter: 





Den einaugde Nordfjordingen, som eg kallar han - anno 2013: Ser du menneskehovudet innhogd i fjellet Legdekulen, opp for Segestad? 
Fjellet Legdekulen til høgre.
Storskredfjellet (1742 moh) bakarst til høgre - og Stryneskåla (1848 moh) - men båe to likevel på sørsida av Oppstrynsvatnet
Nærbilete av den einaugde steinkaren

Glomnessetra:
Brua eg gjekk over på veg innetter Glomsdalen frå Segestad - den går eg ikkje over på returen, men held i staden stien rett frametter dalen langs same sida av elva: Då passerer eg Glomnessetra. Her er det 2 bygningar i dag




Vèl attende til bilvegen frå ein framifrå turdag, då då då lukta eg med eitt god middagslukt.... Kunne det vere frå middagsbordet til Hjelle Hotell, berre nokre hundrede meter lenger borte i vegen???? JEPP! Eg tok like godt å reiv i ein tre-retters middag på hotellet som avslutning. Det paradoksale var likevel at eg hadde mest like fin utsikt til fjella, også frå matbordet på dette ærverdige trehotellet!









Vel blåst fjelldag - og vel bekomme!

3 kommentarer:

  1. Hytta på Midtstol tilhøyrer ikkje Hjelle, men to gardar på andre sida av vatnet. Dei har seter der pga rasfare på si side

    SvarSlett
  2. Så flott. Jeg skulle ønske jeg hadde lest dette tidligere. Jeg var på Segestad nå i oktober og skjønner at jeg burde gått videre.. Utrolig fin plass. Jeg får gå i dine fotspor hvis jeg er på disse kanter igjen

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!