torsdag 9. januar 2014

På leit etter "Son of a beach" - skattejakt i mørket!

Spanande med tur i mørket på leit etter skattar!
Etter at eg hadde fortalt ungane om funnet av geocache på Legjestølen,
så var dei gira på å vere med på skattejakt. 
Tur til Legjestølen var litt vel ambisiøst ein måndag ettermiddag i mørket,
så vi søkte etter enklare geocacher i nærleiken. 

Vi fann eit flott turmål som passa ypparleg med å ta med seg kveldsmaten,
ta på hodelyktene og gå på leiting: 
nemleg badestranda i Erdalen. 
Og geocachen heiter treffande nok: "Son of a beach" 

Bendik Matias beveger på hovudet for å teste lyset i hodelykta. 

Vi tok oss ein tur langs heile stranda for å prøve ut hodelyktene, 
før vi nærma oss punktet der vi skulle leite. 
Rart å vere på badestranda på denne tida av året - og i mørket!
Det freista ikkje heilt med eit bad......

Det var litt utfordrande å leite og orientere seg i terrenget når det var mørkt, 
men etter litt leiting fram og tilbake, skjønte vi endeleg kor den måtte vere. 

Jubelen var stor hjå dei små då vi fann den,
og ho mor var minst like nøgd :)
Geocachefunn nr. 2 kunne loggførast. 


Vi gjekk eit stykke frå funnplassen for å studere innhaldet i skatten,
og kose oss med kveldsmaten. 

Dette ga meirsmak for små og store, 
så sjå ikkje bort frå at det blir meir leiting etter geocacher i nær framtid!







Kva er geocaching?
Etter innlegget om at det lagt ut ny geocache på Legjestølen, har eg fått fleire spørsmål om kva geocaching eigentleg er for noko. Eg er ingen ekspert, men det finnast mykje god informasjon på nettet. Kort fortalt er geocaching skattejakt med GPS. Det er ein internasjonal aktivitet, og kan samanliknast med orientering, men ein nyttar altså GPS i staden for kart og kompass. Ein leitar etter "cacher" eller "poster" som er plassert ut over store delar av verda. Kanskje ligg det ein slik "cache" rett utanfor stovedøra di? 

Ein cache er ein beholdar, og kan vere alt frå ei diger tønne til ein bitteliten sak som ein såvidt får rulla ei papirremse inn i. Dei fleste cachene er i små beholdarar - ein filmboks, ein pastillboks eller ein plastboks.

For meir informasjon om geocaching, kan du gå inn på nettsidene:

www.gcinfo.no

www.geocaching.com


Det finnast også ulike app'ar du kan laste ned på mobilen - eg har nytta denne:

http://www.geocaching.com/live/

3 kommentarer:

  1. Hallooooen! Har jo ikke vært inne her siden i fjor, men jeg følger med på insta og face om ikke annet. Dårlig med tid til nettlesing, travelt på jobb. Helsa har vært skral og jeg hangler mye ennå, men det er nytt år og nye muligheter. Ingen nyttårsforsett, men ønsker om svært mange fjellturer dette året skinner høyt :)

    Dere er bare fantastisk flinke, både med og uten de små. De vokser til og det er utrolig herlig å se den turgleden og fellesskapet dere bygger som familie. Det blir spreke fjellfolk det der også - allerede godt på veg ^_^

    Det er ikke alltid at man skal så langt avgårde for å kose seg "på tur" med de små. Slike opplevelser er vel så kjekke. Lommelykter alene er moro nå og vel så nyttig nå som det er mørkt før jobb og mørkt etter jobb :D

    Nyt helgen, ser frem til noen blide fjes på bilder tatt i fjellet fra deres kant :D

    SvarSlett
  2. Å, geocaching er kjempegøy!! Det er ikkje så mange cachar akkurat her vi bur, så vi funderer på å legge ut eit par sjølve for å få opp aktiviteten. Du forklarer geocaching på ein veldig grei måte her. Eg har også planer om å skrive eit slikt innlegg snart, og kjem nok til å linke til innlegget ditt, om det er ok?

    SvarSlett
  3. Vi har prøvd geocache vi også, men sleit litt da vi var midt i Ålesund, punktet flytta seg. Sikkert pga bygningane. Trur vi har funnet 2 punkt, men gav oss i mangel på punkt nært oss. Men det er en kjekk aktivitet :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!