lørdag 22. februar 2014

På rett hylle til DNT-hytta Blåbrebu

Steffen Ben bloggar: 


Finaste turlagshytte-lokaliteten i fylket? Jepp!

Det blir sagt om turistforeiningshytta Leirvassbu i Vest-Jotunheimen, at den har den finaste plasseringa av alle turlagshytter i Noreg. Viss dèt stemmer - og at den ligg fint til kan eg stadfeste - så torer eg like frekt å påstå at Flora turlag er det turlaget i Sogn og Fjordane som har dei mest spektakulære lokalitetane for, ikkje berre èi men to, turlagshytter: Nemleg Blåbrebu og Gjegnabu.

Blåbrebu (800 moh) - ei  av tre turlagshytter Flora turlag disponerer - var helgas utferdsmål.
Gjegnabu (Hyen) og Grytadalsbu (Magnhildskardet) er dei to andre hyttene til Flora Turlag

Den hytta eg her vil ta deg med på tur til i dette innlegget, er Blåbrebu (biletet over), med start frå Grøndalen i Nordalsfjorden i Flora kommune. Den andre, Gjegnabu (biletet nedanfor), er lokalisert i Hyen i Gloppen, og får eg blogge om seinare - og nøyer meg her med eit bilete frå ein tidlegare tur vi hadde dit, og som syner kor vilt terreng også den nytta ligg i.

Turen til Blåbrebu drog eg og kollega Oddbjørn på ein heller amputert guttetur no ei regnvershelg i haust - utan at vêret gjorde noko med korkje humør eller turoppleving!

Flora turlags Gjegnabu - med Gjegnen (1670 moh) - 
Norges 6. beste utsiktsfjell, målt etter primærfaktor, oppe til venstre!!!!



























Felles for båe dei nemnde turlagshyttene til Flora turlag, er at dei ligg i dei spektakulære hylleformasjonane som fjellrekkjefoldingane skapte for millionar av år sidan. Dei har i tillegg det til felles at dei ligg i tilknyting til, og er ofte utgangspunkt for turar på høvesvis Ålfotbreen (Blåbrebu) og Gjegnalundsbreen. Endeleg har dei dèt felles, at hyttene blir brukte alt for lite - slik at bonus for deg er at det er gode sjansar for å få eit opphald heilt åleine, i ein heilt, heilt særeigen natur! 

Kortaste vegen opp til DNT-hytta Blåbrebu er frå Grøndalen, inst i Nordalsfjorden i Flora kommune. Du tar av i vegkrysset på nordsida av Norddalsfjordbrua, og køyrer så langt som vegen går innetter Nordalsfjorden, til du kjem til vegens ende i Grøndalen. Grøndalen er ein av dei fuktigaste stadene på heile Vestlandet. Så også denne helga!  Skilt (litt opp for vegen) merka Blåbrebu markerer start for turen ved parkeringsplassen på nordsida av Grøndalsvatnet nokre hundrede meter før inste garden i Grøndalen ved vegs ende.

Her var det på med fjellskorna og ryggsekk med variert mat og noko godt å leske seg på, for dei to turgåarane denne laurdagen. Ingen anna bil å sjå, så sjansen for å få heile den fine hytta for seg sjølv, var stor. Hytta er ei ubetjent hytte - dvs ein må sjølv ha med seg mat, men hytta er utstyrt med god omn og gode kokemoglegheiter - og har fleire gode soverom.


Turen er DNT-merka, og merkinga er god, og tar 3-4 timar effektiv gangtid. Men lat det vere sagt med èin gong; vandring i dette hyllelandskapet rundt Blåbrebu og Gjegnabu kan vere svært krevjande; beint fram  det å greie navigere - og i styggever med redusert sikt - vite kva hylle eller avsats du faktisk er på til eikvar tid, og finne ut kvar helst du kan kome til neste avsats 30-70 meter ovanfor eller nedanfor deg. På den andre sida; Fjellområdet er spesielt spanande også på grunn av berggrunnen: ein raudleg sandstein frå den geologiske perioden kalla Devon, som gjev særs høg friksjon når du bevegar deg.

Terrenget går i starten på sti med gras og stein som underlag - seinare er underlaget berg i sandstein med bra friksjon. Likevel, det er greiast å gå turen når det er tørt underlag, då nokre av berga kan vere litt krevjande å gå på i regnver. Turen endar i alpint høgfjellsterreng med lite vegetasjon frå når ein har kome halvfar mot Blåbrebu.  

Frå bilvegen går ruta opp på nordsida av og langs med Svoraelvane, for så å svinge til høgre att og med jamn stigning opp skora til og langs med venstre side (vest) for Støylsvatnet til Grøndalsstølane, der det ikkje er stølar lenger. Frå vatnet går stien vidare innetter dalbotnen, like forbi ei privat ått hytte inne i skogen, like etter over hengebru til høgre side av elva som kjem frå Støylsfossen. Stien forlet snart dalbotnen og tek seg opp i høgre sida av dalbotnen og passerer den vakre Støylsfossen med fin utsikt attende. Hald fram i same retning. Stien kryssar så elva nord for Støylsfossen, og kan vere krevjande å krysse ved høg vassføring. Du går på venstre side av ei lon (tjørn) i elva, og helde så fram på høgre side av den andre lona etter Storebotsskardet. Ikkje lenge etter svingar stien til høgre og du kan så smått byrje myse etter kvar helst Blåbrebu ligg. Rettare: Det er to hytter ved Blåbrebu - hovudhytte og ei naudbu plassert heilt spektakulært opp under fjellhylla!

Lat oss sjå turen med fotoapparatet - med start i Grøndalen:

Parkeringsplass og skilting til Blåbrebu på nordsida av Grøndalsvatnet. Ein grøn - men nedbørsrik - oase!






Vi er komne opp til Støylsvatnet (347 moh), og går inn på venstre sida av dette. Stien går rett inn dalen og opp i fjellsida på høgre sida av Støylsfossen midt i biletet, og følgjer "elvejuvet" vidare innetter

Oddbjørn klar til å gå over hengebrua i dalbotnen  nord for Støylsvatnet
Vi går langs med Støylsfossen; her avløyser glattskurte berg for småbjørk-vegetasjonen.
Steinformasjonane i biletet røper at her er mykje spanande "hard" natur i vente på turen
Attersyn mot Støylsvatnet i retning Grøndalen - Støylsfossen er gøymd nedanfor Oddbjørn.
Ruta går på berggrunn like ved elva innetter elvejuvet
Glatte berg, men med god friksjon


Den først elvelona vi passerer - her fotografert i motsett retning av Blåbrebu

Sjekk hylleformasjonane som ovrar seg, oppe i biletet og bak i biletet på fjellet Lassenipa aust for startstaden i Grøndalen
Under dette flòget, mitt i stien,  burde det vere råd å ordne seg flògvit (om det skulle vere naudsynt)!
Denne føreseggjorde og tydelege varden ligg berre få hundre meter frå Blåbrebu. Plasseringa av varden høgt og fritt, røper at det er viktig med god navigering, ikkje minst vintrar med mykje snø!


Vel framme på Blåbrebu. Vi ser så vidt i taket på hovudhytta... men kvar ligg naudbua....




Blåbrebu ligg dyrisk fint til ved ei lon, med ein buldrande foss ut og ned like i forbi hytteveggen.
Utsikt vestover til Saga og Plogen (1357 moh), bakerst.

To glade laksar vel framme på Blåbrebu; Steffen Ben (t.v) og Oddbjørn.
No venta oppfyring i omnen, fresing av mat på Primus, god drikke - og eit fantastisk utsyn ut vindauga på hytta!
Liggjeplass til 14 i Blåbrebu - berre to
losjerande denne haustnatta!


Utsikt frå stovevindauget mot nordaust




Tåka låg ned på toppane; her i retning Storebotseggja i sørvest
Tidleg fase i matlaginga - sjefskokk Oddbjørn tar føringa
























Blåbrebu er eit fint utgangspunkt for toppturar til mellom anna Saga (1318 moh.), Maritinden (1270 moh.) og Plogen (1357 moh.)
Foto tatt på ein tidlegare tur eg har hatt frå Blåbrebu, til Saga:
 Saga fremst - så Plogen og Keipen bakerst. Alle tre fjella er spanande turmål!














..... der, like under ei miniatyrhylle, 50 meter aust for Blåbrebu, ligg den vesle Naudbua som og står open (sjå nede i høgre biletkant!!!)


Naudbua på nært hald!


Om du enno er i tvil om kvar du skal leggje nokre feriedagar sommaren 2014 - så er desse to hyttene klare innertiarar!, og eg kan garantere at du ikkje kjem skuffa heimatt. 


Saga i høgre biletkant og Plogen
Dags at åka hem från Blåbrebu...



3 kommentarer:

  1. For en vidunderlig reise! Flotte bilder med god, utfyllende tekst! Her går det greit å drømme seg bort ei stund. God reklame for turlagshyttene også.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Flotte bilder og turinfo, Steffen Ben :)) Dere er like spreke og sporty året gjennom. Har ennå til gode å ta den flotte turen der. Skal ta frem dette innlegget når den tid kommer. Takk :D

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!