søndag 16. mars 2014

Otterstein i Dale: "Den eine stien er den andre verdt"...

Steffen Ben bloggar:


... eller litt mindre kryptisk: "Den èine tenesta er den andre verdt". 

Så også når det skal lagast heilt nye stiar inn i flotte turområde. Det var dette arbeidet eg fekk høve til å delta på - som dreng og arbeidsslusk - denne gråvêrslaurdagen, ute i  nabokommunen i Fjaler. "Riksalarmen" med invitasjon til dugnad kom grytidleg på laurdagsmorgonen der den tikka inn på mobilen, så det var berre å komme seg opp og trekkje kaffi og "løyse merra" og køyre utetter vakre Dalsfjorden til Dale - og over Dalsfjordbrua til Askvollsida  - og parkere på Otterstein, nett ved sidan av bru-karet, på høgre side.

For dei av oss som har heile Fjordafylket som inspirasjonskjelde og utferdsmål for korte og lengre turar, kan det vere like sannsynleg at vi seinare ynskjer gå ein tur nett her, som i "heimeutmarka" i Førde - og kven set vel ikkje pris på å vite kvar ein startar på oppdagingsturar, og kven ynskjer vel ikkje lett tilkome?

Her, på høgre sida av brukaret ved  Dalsfjordbrua, på Otterstein, starta arbeidet med å lage sti  mot  Fossevika (til høgre for høgre biletkant). Fjellet i bakgrunnen, Fløyen, eit fantastisk fint utferdsmål.

Les blogginnlegget frå opninga av Dalsfjordbrua med lenkje til turen eg og Liv Janne hadde over Heileberget

Det var herfrå dei har planlagt "ny" sti - frå Otterstein og langs fjorden mot Fossevika. Frå Fossevika kjem ein så inn i stien som går på herlege Fløyen (761 moh) og Heileberget, eller opp i Nedre Fosssedalen og vidare på sti inn til - eksempelvis - DNT-hytta Nipebu. Før brua kom, laut ein ha båt over fjorden frå Dale, for å komme i Fossevika. Det er nok det lettaste også frametter - men ein får med denne stien også det valet å kunne gå til Fossevika.
Arbeidet med stien starta her på parkeringsplassen ved brukaret på Dalsfjordbrua ved  Otterstein og
 held fram gjennom skogen til venstre, innetter mot Fossevika.
Laukelandsfossen bak



Tre karar i arbeid denne dagen - veret hadde visst skremt dei andre inviterte: Motorsaga gjekk, tre vart felte, greiner vart rydda ut av den stukne traseen, niste vart ete, medan vi såg noko så skjeldant som ein fraktebåt som kom sigande,  og glei fint under den nye og majestetiske Dalsfjordbrua på veg innetter.

For èin ting er sikkert; tilrettelegging av stiar i terrenget gjer ikkje seg sjølve; trasè skal stikkast, skog skal ryddast, steinar skal makslast til seg i mellom, klopper skal leggjast,  merking og varding skal utførast og tiltak skal skiltast og kunngjerast.

Agnar og Sturle arbeider på akkord!. Dale sentrum på andre sida av fjorden.
Fossevika:
Stien vi arbeidde med kjem inn nede til venstre i biletet, og  går til FOSSEVIKA.
Fjellet Søndre Kringla oppe i høgre biletkant.
Dalsfjordbrua sett frå Otterstein, i retning Dale
Alt i alt ein triveleg laurdag i utriveleg vèr - der vi fekk grovrydda tre og kratt i delar av sjølve stien.
No står berre resten av arbeidet att...; "Sjølv den lengste reise byrjar med det første steg..."

3 kommentarer:

  1. Dette er test-kommentar.
    Eg ville fortelle deg at eg hadde lagt link til bloggen din inn paa
    "Dale i Sunnfjord"-gruppa:
    https://www.facebook.com/groups/dale.sunnfjord/

    Men det gaar ikkje an aa velge facebook som profil under "Kommenter som:"
    Og daa blir det for tungvindt.

    Saa no proever eg som "Anonym"

    Mvh
    Stein-Joar Hovland

    SvarSlett
    Svar
    1. Dessverre får eg ikkje gjort så mykje med mogelegheitane for å kommentere med facebook-profil. Får håpe det kjem etterkvart. Løysinga er då å bruke Anonym-knappen, som du jo fann ut av sjølv :)

      Skulle ynskje eg kunne tatt vekk igjen desse tala og bokstavane du må taste inn før du får sendt kommentaren, men fekk så mykje søppelkommentarar då eg fjerna det, så måtte leggje det inn att :(

      Slett
  2. All ære for den frivillige jobben som blir gjordt for å lage stier, rydde skog, merke, skilte og faktisk tilrettelegge for oss turgåere. 2 tomler opp, og bøyer meg i takk ;))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!