fredag 14. mars 2014

Slik såg det ut i dag....

Utsikt frå Førde sentrum i dag: Hornnesstølen heilt til venstre i biletet - vidare til høgre går ein i retning Førdsnipa
....dei to siste dagane har ikkje været vore mykje å skryte av! Regn og mykje skodde.

I ettermiddag er det i tillegg nokon som har sett vasskranane på fullt - det pøsar ned og ein skal ikkje langt opp i høgda før det går over til snø heller.

Då er det godt å vite at eg stjal meg to timar ekstra på onsdag ettermiddag, og fekk ein fin tur opp Eventyrstien til Hornnesstølen og Nye varden på Hornnesfjellet!

To timar ekstra som ga energi for minst tjue timar ekstra! :)

Postkassen på Hornnesstølen - tørt og snøfritt i terrenget for to dagar sidan!
Flott utsikt utover Førdefjorden mot Naustdal frå Nye Varden på Hornnesfjellet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!