tirsdag 1. april 2014

Fjellraid i Flora - 3 utsiktstoppar på ein gong!

Kaffi og eit lite stykke Norge - eller rettare sagt: Eit lite stykke Flora!

Etter nokre dagar i Oslo i godværet, 
så var turabstinensane absolutt til stades! 
Særleg betre vart det ikkje av at andre turentusiastar
la ut det eine flotte instagrambiletet etter det andre av helgas turar! 
Derfor var valet enkelt når værmeldingane lova framleis sol:
måndagen vart nytta til fridag, 
og resultatet vart eit fjellraid i Flora kommune!

3 flotte turar på ein gong:
Hatlesetnipa (583 moh)
Uførefjellet (310 moh) og 
Brandsøyåsen (286 moh)
Totalt vel 15 km opp og ned, og om lag 1100 høgdemeters stigning. 

Hatlesetnipa har vi vore på mange gonger, 
og det er ein av mine kvardagsfavorittar.
Uførefjellet vart derimot ein heilt ny tur for meg, 
og kan derfor kryssast av på "to do"-lista :) 
Brandsøyåsen har eg faktisk kun gått opp ein gong,
(og køyrde ned att!) 
så den var nesten ny for meg den også!

Utruleg kjekt å vandre slik frå topp til topp, 
i nydeleg solskin og relativt vindstille.
Heilt åleine på ein måndags formiddag! 
"Den kjensla"....! Fantastisk!


Denne gongen vel eg å presentere nokre av bileta frå turen. Når det gjeld turskildringar, vel eg å henvise til andre sider (sjå linkar over) og andre bloggarar som har vore på tilsvarande turar. Så her skal du få følgje meg på turen - nyt utsikta! : 

Hatlesetnipa (583 moh)
Sola var på plass då eg starta ca. 09.30. Skiltet lovar at det er om lag 1,5 t til toppen frå parkeringa på Hatleset. Det går greitt å gjere turen unna på kortare tid enn det...!

Utsikta til Håsteinen og Høydalsnipa er alltid like flott - slik den også er ved rasteplassen Purkenova på veg til toppen.

Ein rastebenk ved Hatlesetstølen med flott utsikt
- om det er behov for ein pause undervegs. 

Det er ikkje lenger hus på stølen - desse vart flytta i 1970.

På toppen - 583 moh - og utsikta vestover mot Florø openberrer seg. 

Flott utsikt mot fjella nord for Nordalsfjorden: Haukånipa (til høgre), Klauekeipen og
Terdalskeipen


Bygginga av monstermastene held framleis på.
Helikoptertransport med utstyr. 
Andre flotte blogginnlegg frå Hatlesetnipa: 
Turskildring: Hatlesetnipa frå Grov (eg gjekk frå Hatleset)
Turskildring til Hatlesetnipa er også med i boka Opptur Sogn og Fjordane tur 19-07



Uførefjellet (310 moh)
På toppen av Uførefjellet (310 moh) er du komen endå nærare Florø enn du er på Hatlesetnipa. Utsikta vestover kjem derfor tettare på. Klauekeipen er den spisse toppen til høgre. 

På nordsida av Nordalsfjorden er det mange flotte fjell. Ålfotenmassivet er framleis vinterprega. 

Kaffien smakar ekstra godt i ein slik kopp!

På returen ser vi fint tilbake til Hatlesetnipa (den runda toppen til venstre). Lenger inne i fjorden ser ein Strandanipa og Blåfjellet i Eikefjorden. 

Haukabøra ruvar majestetisk - snødekt og klar for skientusiastar!
Andre blogginnlegg frå Uførefjellet: 



Brandsøyåsen (283 moh)
Opptur-varden frå Friluftsåret 2005 står rett nedanfor toppen av Brandsøyåsen.
Også Førde kommune har sin stein her "Førdegranitt"

Øyriket i vest kjem stadig nærare - aktiv båttrafikk til og frå Florø. 

Sol frå skyfri himmel og havutsikt - kan det bli betre???
Alden er øya til høgre lengst bak i biletet.

Flora og nokre av øyane i vest. 

Håsteinen og Høydalsnipa er noko fjernare her enn dei var på
Hatlesetnipa!


Andre blogginnlegg frå Brandsøyåsen: 


Og til sist: eg rakk ein geocache også før eg sette kursen heim til Førde!

Minner også om den pågåande give away'en
Trekning når vi har passert 100 000 på bloggen!

7 kommentarer:

  1. Takk for at jeg fikk bli med deg på tur! Jeg ev vokst opp på Nordmøre og kan merke at jeg savner sjø og fjell på samme tid selv om jeg finner meg godt til rette her ved foten av Hardangervidda. Så fine bilder dere har hver gang! Har dere vurdert å gi dem ut i ei tur-bok?

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Flott tur, for en fantastisk utsikt fra toppene. Nydelige bilder, lett å drømme seg ut på tur :)

    SvarSlett
  3. Hei Liv Janne! Jeg har vært på jobbrek, men endelig fikk jeg sett innlegget fra turene dine. Bare kjekt at du har linket til bloggen, flott måte å spre turinfo på :)

    Du fikk iallfall en strålendes flott dag mandag i fjellet og jeg mistenker deg for å være i svært god form, hihi. Det er tre ulike turer og høydemeter, men likevel med en fantastisk utsikt fra de alle.

    Nydelige bilder du tar - herlig å "bli med" på ferden din. Kjekt å se bilder fra Hatleset og opp istedet for Grov som jeg gikk denne gangen ;)

    Skulle ha visst at du var i Brandsøyåsen, så kunne vi tatt en treff og en kaffitår, hihi.
    En fantastisk måte å nyte dagen på. Flott ukestart! ;)

    Klem fra Florø :)

    SvarSlett
  4. Nå havna jeg innom en flott blogg. :)
    Herlige naturbilder der man nesten kan kjenne den friske fjell-lufta.
    Naturopplevelser er spennende og for det meste gratis. Sånne privilegier skal man ta vare på!
    Legger meg til som følger, og titter inn her igjen.
    *Klem*

    SvarSlett
  5. Hei Liv Janne! Vi er ein gjeng som skal på Uførefjellet på fredag (må ha ein litt lett tur), og nokre lurer på korleis det er med små som vil gå sjølv her, dette antar eg du har ei formeining om? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Siv Anita! Uførefjellet er ein ganske lett tur - jamn stigning heile vegen, med mykje bortover undervegs. Den passar godt for barn som klarar å gå litt - det er knappe 3 km ein veg, så det må blir ei vurdering ut i frå kor langt ein trur dei greier å gå. Men det er trygg og fin sti, ingen bratte eller krevjande parti - fin skogsti rett og slett. Så om det er små som skal prøve seg på å gå litt sjølv, så er stien godt eigna til det. Men det var veldig vått enkelte plassar - så fjellsko eller støvlar er definitivt å anbefale. I joggesko blir du garantert våt.

      Slett
    2. Takk for kjapt svar! Er godt å ha ei slik fjellgeit som deg å spør, om ein lurer på noko! ;)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!