torsdag 10. april 2014

No finn du geocacher på Eventyrstien!


Gleda var stor då eg oppdaga at det var lagt ut nye geocacher i vårt nærområde! Først oppdaga eg cachen "Bergum", og eit par dagar seinare var det nokre andre som hadde lagt ut 2 cachar på Eventyrstien: i nærleiken av Gapahuken og på sjølve Hornnesstølen. Det var derfor ingen tvil om kor neste fjelltur skulle gå...;)

Med litt sein jobbstart onsdag, bydde det seg ein sjanse for ein morgontur på Hornnesstølen. Tanken var å kombinere fjelltur, trim og leiting etter geocachane. Cachen som  heiter "Bergum" ligg litt på sida av stien eg vanlegvis går, så eg fann ut at eg skulle prioritere tur først og dei to cach'ane langs stien.

I god stil gjekk eg oppover Eventyrstien på veg mot Gapahuken. Det er relativt bratt å gå, så det er ein hard start på dagen - men du verda så deilig det kjennast ut etterpå! Ved Gapahuken sette eg ivrig i gong å leite. Koordinatane var truleg litt unøyaktige, i alle fall førte min mobilapp meg litt på villspor, så eg leita på feil plass i starten. Såg under buskar, steinar og tre, men ingen cache. Tida gjekk, eg såg på klokka og vurderte kva tid eg hadde igjen. Skulle eg rekke turen heilt opp på Hornnesstølen, så burde eg finne den ganske raskt. Men eg hadde ikkje heilt lyst til å gje meg heller..... det er alltid litt irriterande å gje seg utan funn!

Så eg leitte og leitte, såg på klokka: "Eg gir meg 2 minuttar til" sa eg til meg sjølv. 2 minuttar gjekk... og framleis ingen funn. "Berre litt til.... og litt til....", og så plutseleg: "Der var den jammen!" Gjett om det var ei som var nøgd :)


"Store barn, små gleder!" 
Då har vi fått loggført eit cachefunn ein eller annan stad i nærleiken av Gapahuken på Eventyrstien!
Rask loggføring og litt biletetaking måtte til, så var det å forsøksvis småspringe vidare opp til stølen. Som sagt er det mykje bratte bakkar, så det avgrensar seg kor mykje ein orkar å springe.....

Men på Hornnesstølen kom eg, og lokaliserte raskt kva område cache'n måtte ligge i. Også her rota eg litt i forhold til koordinatane, så eg gjekk litt fram og tilbake, men etter litt leiting fann eg den i det området eg trudde den låg i. Det var berre det at den låg godt skjult, så det tok litt tid før eg oppdaga den. Sjølv om eg hadde sett der mange gonger...

Cachefunn på Hornnesstølen

Når dette funnet var loggført, var klokka så mykje at det berre var å legge "avgårdeKåre" ned att til Bergum. Eg hadde hatt ein ørlite håp om at eg også skulle få tid til å leite etter cachen i skogen ved Bergum, men det kunne eg berre gløyme. 

Men eg fann råd for dette også: 
Sidan det var fin sol på ettermiddagen, tok eg med ungane på kombinert skog- og cachetur med medbrakt kveldsmat som skulle etast i Gapahuken på Bergum. Eg var og leitte etter denne cachen i forrige veke også, men etter 45 minutt ga eg opp. Det var fleire som sleit med å finne denne, så etter innlegging av nye koordinatar av cacheeigar, så vart det ein atskilleg lettare jobb. Etter ca. 10 minutt gjorde vi eit funn...... det verste var at eg faktisk hadde leita på same plassen også sist gong, nettopp fordi den var ein logisk plass i høve hintet som var gjeve i cacheskildringa. Men også denne var godt skjult, så derfor hadde eg nok oversett den.

Ein flott cache som ligg ein stad som er godt eigna for å ta med dei aller minste på leitinga. Og dei små var særs nøgde med byttetinga i boksen: 

Etter at ho mor hadde fått loggført alle 3 cachene på Eventyrstien, var ho godt nøgd, og vi gjekk attende til Gapahuken for å nyte kveldsmaten og siste rest av sola. 

Meir informasjon om geocaching, finn du i dette innlegget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!