mandag 23. juni 2014

Fløyen meg her og Fløyen meg der - denne gong på Sande!

Flott utsikt ned att til Sande sentrum frå Fløyen!

Mange fjell har same namn, 
og eitt av namna som går igjen er "Fløyen"
I vår har eg faktisk vore på 3 "Fløyen"-toppar - 
ved Osen i Bygstad, i Vadheim og no sist på Sande. 

Og dette innlegget handlar om Fløyen på Sande  (690 moh) - i Gaular!

Med sin nærleik til Sande sentrum var dette fjelltoppen vi gjekk på når vi hadde skuletur på barneskulen.
Dette var også fjelltoppen eg låg og såg opp på frå tannlegestolen,
den gong tannlegekontoret var lokalisert på skulen på Sande.
Mang ei tann har blitt stelt med medan nokon har kikka opp på denne toppen....
men eg har ikkje fått avsmak frå fjelltoppen likevel!
Og turen er eit populært turmål for dei som bur nær Sande,
ikkje minst som ein rask ettermiddagstur eller trimtur.

Turen startar ved den grøne mannen på kartutsnittet og topp-punktet på 690 moh er ringa inn. Stien er tydeleg heile vegen, så det er lett å finne fram når du først har funne den. 

Turskildring: 
Turen startar frå Skagevegen ved Sande (køyr austover på rv. 610 frå Sande sentrum - ta av første veg til venstre). Du køyrer Skagevegen nesten til endes, men stansar ved ei mindre elv før du kjem opp til siste garden. Det er råd å parkere rett ovanfor denne elva, og turen startar ved ei grind ved oppkøyrsla til eit nyare bustadhus (nedanfor elva). Stien er godt synleg og er lett å følgje - først gjennom ein liten granskog, før ein kjem over i lauvskog. Ein kryssar ei bru over elva. Ved Kråseelva deler stien seg i to - med skilting til Skagestølen. Held du derimot fram på stien til venstre (mot vest), så går du vidare rett mot Fløyen og er den raskaste vegen til topps. Etter å ha gått langs austsida av elva eit stykkje, kryssar du elva på nytt og du stig raskt oppover mot Fløyen.
Lengd: litt under 2 km
Tidsbruk: 45 min - 1 time ein veg.

Om ein ynskjer ein lengre tur, er det råd å gå vidare mot Grønefjellet. Varden på Grønefjellet er synleg frå Fløyen, og ein held høgdedraget. Det er delvis sti og nokre vardar.
Det er også mogeleg å gå turen til Fløyen via Skagestølen.
Fløyen har flott utsikt austover til vatna i Viksdalen: Haukavatnet, Nesavatnet, Hestadvatnet og Viksdalsvatnet. 

Og flott utsikt vestover mot Bygstad, Storehesten og Lisjehesten 

1 kommentar:

  1. Du har fin utsikt på alle turene! En får virkelig betalt for å forsere stigninger. Ingen tvil om at det er vakkert på Vestlandet.
    I dag var sikten god her også, og fra årets første topp-tur kunne vi se både Hallingskarvet, Reineskarvet, Hemsedalsfjella, Hardangerjøkulen og Gaustatoppen.

    God sommer fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!