søndag 6. juli 2014

Eit ekte møte med "Søsken til evig tid"!

På tur til Kleivastølen i Naustdal
Blir det nok ein sommar på stølen for Oddny og Magnar Kleiva? Ingen å sjå der i dag i alle fall......
Fekk du med deg filmen "Søsken til evig tid"
som vart ein braksuksess på kino, 
og som TV2 har sendt i forkorta versjon eit par gongar? 
Historia om søskena Magnar og Oddny Kleiva, 
som bur og jobbar i lag på garden Kleiva i Naustdal?

På filmen sine eigne heimesider står det: 
SØSKEN TIL EVIG TID er en liten, tilsynelatende triviell men allikevel spesiell historie om mennesker som lever slik mange nordmenn gjorde før oljerikdommen endret det meste: Tett på den naturen de lever i, men ganske fattige på gods og gull. Det er en film om de som har latt tiden gå langsomt, mens den raste av sted. SØSKEN TIL EVIG TID handler om mennesker som har valgt å være outsidere og er tilfredse med det. De har på sin beskjedne måte takket vennlig nei til å flytte ut av barndomshjemmet og til å bli med resten av verden inn i atomalderen, medietiden og data-alderen, for ikke å snakke om cyberspace. Her tar man bokstavelig talt et år av gangen og starter forfra igjen hvert år. Men å leve et enkelt liv er ikke alltid så enkelt.  

Høydepunktet i tilværelsen er da de hvert år tar med seg buskapen til stølen på sommerbeite. Da er det ferie og sommerjobb på samme tid. Men ikke i all evighet. Alder og helse gjør at det er naturlig å stille spørsmålet om det blir sommer på stølen også dette året. Og i så fall; blir det den siste?

I dag var vi der - på Kleivastølen i Naustdal
Vi var der for 10 år sidan også, 
så det var kjekt med eit gjensyn etter å ha sett filmen. 
Ingen folk å sjå, så "ferien" har tydelegvis ikkje starta for dei to søskena enno, 
og vi lurte på: Blir det sommar på stølen for dei i år også?

Her har Oddny og Magnar "feriert" i alle år - på Kleivastølen i Naustdal
Ei kraftig regnbyge førte til at vi utsette turen litt, 
og det løna seg - for vi fekk faktisk mange solgløtt undervegs!
Etter nærare 4 km gange, kom vi til endes på stølen. 
 Stølshusa på stølen er ganske spreidt bygd, 
og vi gjekk heilt fram til det siste. 
Her kosa vi oss med kaffi og noko åttåt, 
medan vi studerte natur og toppar rundt oss. 

Her er nokre fleire bileteglimt: 
God skogsveg opp til stølen
Ingen andre personar å sjå i dag - men nokre sauer ville gjerne halde oss med selskap!




Hekla duk, blondegardiner og glasskål, og skyggen av ein person....



Vel attende til bilen, 
køyrde vi forbi garden til Oddny og Magnar, 
og jammen var dei ikkje ute på bøen og slo gras!
Vi måtte berre stoppe og helse på.... 
Når vi hadde vandra i deira fotspor heile fjellturen, 
så vart det ei verdig avslutning på turen å møte dei på ekte også :)

Oddny og Magnar held fram med det enkle livet - og lar seg ikkje affisere av at dei har blitt filmstjerner! 

"Då eg møtte ein kjendis... :)"
Og lurer du på om dei kjem seg på stølen i år også?
"Javisst, skal vi på stølen," forsikrar Magnar oss!
Om ei god veke er dei etter planen på plass, 
 så tar du turen til støls då, 
treff du kanskje på dei!

Turfakta: 
Kleivastølane ligg i Naustedalen i Naustdal kommune. Du køyrer til butikken på Kalland, og tar til venstre rett etter butikken. Køyr til høgre etter brua, og ta deretter første veg til venstre igjen. Vi køyrde litt forbi huset til Kleivasøskena før vi parkerte. I praksis er det mogeleg å køyre heilt på stølen, men då blir det jo ikkje mykje tur av det..... Frå der vi parkerte var det knappe 4 km inn til inste stølshuset, og heile turen går på fin skogsveg. 
Kartutstnii frå ut.no - skogsvegen opp til Kleivastølane er teikna inn. 
Oppdatert 28.01.15:
Magnar fyller i dag 75 år - lurer du på korleis det går med han,
 så kan du lese dette intervjuet.

2 kommentarer:

  1. Dette likte jeg å se og lese! Dette må ha vært en minnerik dag....

    Fortsatt god tur-sommer!

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Når ein ser slike filmar så lurer ein jo gjerne på korleis det går med dei, og det har vi (og dåke) fått vite no :) Alt ser ut til å vere som før. Kjekt at helsa held framleis. Den største endringa er at det no er kome opp eit nytt bustadhus på garden, der dei som skal ta over skal flytte inn.

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!