tirsdag 26. august 2014

Balestrand: Vindreken (1259 moh) - styggbratt fjordskue

Vindreken - Noregs kanskje mest måla fjell, forståleg nok
Vindreken er eit ynda turfjell, men Vindreken har også fascinert kunstmålarar til å komme med staffeliet sitt frå heile Europa i fleire hundre år. På Kviknes hotell heng det hopetal med store maleri  på veggane der Vindreken er med.



Ruta opp til Vindreken går beint opp i fronten av fjellet t.v., og passerer like til høgre for den store tåkedotten oppe i fjellsida.
Vindreken er godt synleg frå Balestrand sentrum - Keipen litt gøymt i tåka til høgre.
Høyanger og Balestrand  turlag skulle arrangere tur til Vindreken (1259 moh), 
men avlyste turen grunna usikre værmeldingar. 
Vi dobbelt- og trippelsjekka værmeldingane, 
og fann ut at vi ville prøve til likevel! 

Og det angrar vi ikkje på! 

Turen er godt merka med start frå Ese i Balestrand, 
og på infotavla står det at det er den brattaste merka ruta i Balestrand
Nettopp det trur eg er heva over all tvil! 
Etter å ha gått denne turen, 
skal eg aldri meir klage over at Hafstadkleiva  i Førde er bratt! 
Vindreken er Hafstadkleiva x 2 - minst....

Berre for å understreke kor bratt det var, så kom det følgjande kommentar frå Steffen: 
"Rett her oppe trur eg det flatar ut såpass at vi kan setje frå oss sekken
 utan at vi må heilt ned att til bilen for å hente den!"

Men den bratte oppstigninga, som òg har sjarm, vart fort gløymt, for her får du:
- Ei formidabel utsikt over ville nabofjell og fjordarmar kring Balestrand
- Magasug når du ser fleire hundre meter rett ned i Esebotn
- Ei kjensle av å stå på toppen av verda....i alle fall nesten!



Balestrand og Kviknes hotell på neset til høgre over hovudet til Liv Janne
Heldigvis for oss, så vart været omtrent som lova. 
Det heldt seg så og seie opplett heile turen. 
Litt skodde kom sigande opp frå dalen etterkvart - men kom og gjekk. 
Og som Steffen sa det: 
"Vi ser alt vi vil sjå, men ikkje alt på same tid!"

Ord er ikkje tilstrekkeleg til å skildre slike turopplevingar,

èi heller kan bileta gje det fulle inntrykket,
men ein god smakebit er det i alle fall: 

Utsikt over fjord og fjell kring Balestrand.
Esefjorden fremst. Balestrand på neset til høgre.



Magasug frå toppområdet..... her er det laaaaaangt ned!


På toppen av verda - i alle fall nesten!
Fjellet Keipen (1434 moh) i bakgrunnen. Dit skal vi også - ein gong - kanskje snart!

Fremste toppen på ryggen midt i biletet er Tjuatoten (1098 moh), med start i Dragsvik. Der har vi vore før, og er ein topp som verkeleg kan anbefalast. Den òg....!

Gulleplevatnet, vest for Gulleplet, i retning Keipen

På veg ned frå Vindreken - bratt opp og like bratt ned att!






Stien går opp eggja i front - rett over hustaka på biletet.
 Bratt??? Ja, men trygt og ingen klyving om du held deg i stien

Fakta om turen: 
Stien startar i Esebotn og det er sett opp skilt og infotavle ved vegen, 
like i nærleiken av Ese camping. 
Den er godt merka til fremste fortoppen på 1259 moh, 
og deretter nokon vardar til bakerste toppen på 1273 moh. 

Lengd: ca. 3,5 km ein veg
Tidsbruk: På infotavla står det 8 timar t/r, men då har du veldig god tid. 
Om du har litt fjellform greier du turen på langt kortare tid (4-6 timar)

Turen er krevjande, og du bør vere ganske fjellvand før du legg ut på denne. 
Hugs også på at sjølv om den er godt merka, så kan skodda kome fort, 
og det kan vere lett å miste retninga - særskilt i toppområdet. 
Turen bør derfor berre gåast i relativt godt vêr. 

Fjellmannen - som drøymer om fleire fjell....
Keipen i bakgrunnen er eitt av dei!
Vindreken (til venstre) Keipen (midten) og Tjuatoten (til høgre) - slik du ser dei når du kjem med ferja over Sognefjorden frå Vangsnes til Dragsvik
Vindreken mala av kunstnaren Bjørg Bjøberg - som er innehavar av galleriet og pilegrimssenteret  "Det gylne hus" i Balestrand sentrum. Når du likevel er i Balestrand, bør du absolutt ta turen innom der!

1 kommentar:

  1. Fantastiske og spektakulære bilder, må ha vært litt av en tur! :)

    Fikk reklamemail fra Kviknes Hotel og måtte sjekke ut fjellturene de anbefalte. Hvem andre enn ei kjent dame dukket opp i bildet ^_^ Dere har vært over alt, he-he! Nydelige bilder, spreke turfolk :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!