tirsdag 19. august 2014

Overnatting på DNT-hytta Massbu


Planleggingsdag i barnehagen betyr ein ekstra "fridag" med dei to små - kva skal vi finne på? 
Kanskje tid for å realisere nokre av dei planane vi ikkje har fått tid  til i løpet av sommaren?

Vi var på dagsbesøk til DNT-hytta Massbu i fjor, og planla at i 2014 må vi i alle fall ha ei overnatting der. Som sagt, så gjort: overnatting på Massbu i Dalsfjorden vart dermed realisert!


Massbu - ei lita og intim hytte med 6 sengeplassar. 


Eg fekk med meg ei venninne, og torsdag ettermiddag la vi av gårde. Det hadde gått nokre sinte regnbyger på ettermiddagen, men yr.no hadde jo lova at det skulle halde seg opplett. Slik gjekk det ikkje.....

Dette vart turen der vi fekk smake på nesten alle slags værtypar! Litt kjedeleg der og då, men i ettertid så gjer det jo berre heile turen meir innhaldsrik:
Rett etter at vi hadde starta, opna himmelens sluser seg og regnet flomma ned - bokstaveleg talt. Vatnet rant som ein bekk i stien, og vi prøvde å søke ly under nokre tre - men til liten nytte. Etterkvart gjekk det over til hagl, og ikkje nok med det: lyn og torden kom tett på kvarandre, noko som tyder på at det er ganske nær..... Heldigvis er det ikkje meir enn 1 km å gå til hytta, og sjølv om det tar litt tid for små føter, så gjekk det greitt trass i at vi var kliss blaute. Det var lite klaging frå dei to småtassane - dei gjekk jamt og trutt, og gleda seg til hytteovernatting.

Og det kjentest ekstra godt å kome inn i hytta, få på seg tørre klede og fyre opp i omnen! Fredag morgon våkna vi til sol, og kunne derfor nyte frukosten ute. Det hjalp tydelegvis å synge Sol-sangen: "Sol, sol, kom igjen - sola er vår beste venn!".....

"Kvifor er sola vår beste venn?" lurte 3-åringen på - ja, sei det....

Frukost i det fri, med massive Blegja som ruvar bak oss. 
Massbu er ikkje den hytta med flest overnattingar, men besøksprotokollen viste ein liten auke i år.
Artig at også utlendingar finn fram til ei hytte som ligg så pass langt utanfor alfarveg og ikkje midt i noko typisk stinett!

Massbu passar perfekt for ei rask overnatting med dei aller minste. Vi kosa oss i alle fall veldig - og anbefaler andre å prøve det same!

Slik ser hytta ut innvendig - koseleg og intim:


Ungane fann verktøy i boda og kosa seg med hammar, spikar og knipetang!

Køyreturen opp til Laukelandsstølen er ei oppleving i seg sjølv - spesielt med den vakre utsikta utover Dalsfjorden med nye Dalsfjordbrua og majestetiske Heileberget

2 kommentarer:

  1. Så trivelig for store og små! Så smart å bruke planleggingsdagen til hyttetur. Fine bilder denne gangen også! Alltid kjekt å lese innleggene dine.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Så koseleg det såg ut! Turar med mange årstider er ikkje alltid like festleg, men det er no litt spennande og. Eg signerer ho over, eg set også stor pris på innlegga dine, sjølv om eg ikkje får lagt igjen kommentar så ofte. Det er kjekt å lese om turane dykkar! :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!