torsdag 27. februar 2014

Førde - sett frå ein "ny" vinkel!


Litt av Førde sett frå Skålefjellet. Vi ser deler av Slåttebakkane, Kvernberget og Hogane. Hafstadfjellet i bakgrunnen.
Endeleg vart det min tur - 
til å gå på to fjelltoppar eg har sett på, og tenkt på, lenge! 
Skålefjellet (732 moh) og Espenipa (751 moh), 
med start frå Erdalsdalen.
Artig å sjå Førde frå ein uvant vinkel! 

Steffen har vore der nokre gonger, 
og førte an oppover bakkane
(som han alltid gjer!). 

Ettermiddagstur - 
ut å lufte "vetet" etter kontordagens slutt. 
Definitivt noko vi bør gjere oftare!
Og vi rakk det før det vart mørkt, 
endå vi ikkje var nede ved bilen før klokka nesten var 18.30. 
Det går mot VÅR

Steffen har skrive eit flott innlegg om dagens turmål tidlegare,
det finn du her
Der ligg også ruteskildring. 
Så i dag nøyer vi oss med nokre få bilete: 

Du stig raskt og bratt oppover i starten, og får fin utsikt ned att i Erdalen



På vegen oppover passerer vi Klopstadstølen. Det er ikkje så mykje som minner om vinter, akkurat!



Belønninga på toppen av Skålefjellet er flott utsikt utover Førdefjorden.

Ved varden på Espenipa (751 moh) ser du rett ned i Åsedalen i Naustdal

lørdag 22. februar 2014

På rett hylle til DNT-hytta Blåbrebu

Steffen Ben bloggar: 


Finaste turlagshytte-lokaliteten i fylket? Jepp!

Det blir sagt om turistforeiningshytta Leirvassbu i Vest-Jotunheimen, at den har den finaste plasseringa av alle turlagshytter i Noreg. Viss dèt stemmer - og at den ligg fint til kan eg stadfeste - så torer eg like frekt å påstå at Flora turlag er det turlaget i Sogn og Fjordane som har dei mest spektakulære lokalitetane for, ikkje berre èi men to, turlagshytter: Nemleg Blåbrebu og Gjegnabu.

Blåbrebu (800 moh) - ei  av tre turlagshytter Flora turlag disponerer - var helgas utferdsmål.
Gjegnabu (Hyen) og Grytadalsbu (Magnhildskardet) er dei to andre hyttene til Flora Turlag

Den hytta eg her vil ta deg med på tur til i dette innlegget, er Blåbrebu (biletet over), med start frå Grøndalen i Nordalsfjorden i Flora kommune. Den andre, Gjegnabu (biletet nedanfor), er lokalisert i Hyen i Gloppen, og får eg blogge om seinare - og nøyer meg her med eit bilete frå ein tidlegare tur vi hadde dit, og som syner kor vilt terreng også den nytta ligg i.

Turen til Blåbrebu drog eg og kollega Oddbjørn på ein heller amputert guttetur no ei regnvershelg i haust - utan at vêret gjorde noko med korkje humør eller turoppleving!

Flora turlags Gjegnabu - med Gjegnen (1670 moh) - 
Norges 6. beste utsiktsfjell, målt etter primærfaktor, oppe til venstre!!!!



























Felles for båe dei nemnde turlagshyttene til Flora turlag, er at dei ligg i dei spektakulære hylleformasjonane som fjellrekkjefoldingane skapte for millionar av år sidan. Dei har i tillegg det til felles at dei ligg i tilknyting til, og er ofte utgangspunkt for turar på høvesvis Ålfotbreen (Blåbrebu) og Gjegnalundsbreen. Endeleg har dei dèt felles, at hyttene blir brukte alt for lite - slik at bonus for deg er at det er gode sjansar for å få eit opphald heilt åleine, i ein heilt, heilt særeigen natur! 

Kortaste vegen opp til DNT-hytta Blåbrebu er frå Grøndalen, inst i Nordalsfjorden i Flora kommune. Du tar av i vegkrysset på nordsida av Norddalsfjordbrua, og køyrer så langt som vegen går innetter Nordalsfjorden, til du kjem til vegens ende i Grøndalen. Grøndalen er ein av dei fuktigaste stadene på heile Vestlandet. Så også denne helga!  Skilt (litt opp for vegen) merka Blåbrebu markerer start for turen ved parkeringsplassen på nordsida av Grøndalsvatnet nokre hundrede meter før inste garden i Grøndalen ved vegs ende.

Her var det på med fjellskorna og ryggsekk med variert mat og noko godt å leske seg på, for dei to turgåarane denne laurdagen. Ingen anna bil å sjå, så sjansen for å få heile den fine hytta for seg sjølv, var stor. Hytta er ei ubetjent hytte - dvs ein må sjølv ha med seg mat, men hytta er utstyrt med god omn og gode kokemoglegheiter - og har fleire gode soverom.


Turen er DNT-merka, og merkinga er god, og tar 3-4 timar effektiv gangtid. Men lat det vere sagt med èin gong; vandring i dette hyllelandskapet rundt Blåbrebu og Gjegnabu kan vere svært krevjande; beint fram  det å greie navigere - og i styggever med redusert sikt - vite kva hylle eller avsats du faktisk er på til eikvar tid, og finne ut kvar helst du kan kome til neste avsats 30-70 meter ovanfor eller nedanfor deg. På den andre sida; Fjellområdet er spesielt spanande også på grunn av berggrunnen: ein raudleg sandstein frå den geologiske perioden kalla Devon, som gjev særs høg friksjon når du bevegar deg.

Terrenget går i starten på sti med gras og stein som underlag - seinare er underlaget berg i sandstein med bra friksjon. Likevel, det er greiast å gå turen når det er tørt underlag, då nokre av berga kan vere litt krevjande å gå på i regnver. Turen endar i alpint høgfjellsterreng med lite vegetasjon frå når ein har kome halvfar mot Blåbrebu.  

Frå bilvegen går ruta opp på nordsida av og langs med Svoraelvane, for så å svinge til høgre att og med jamn stigning opp skora til og langs med venstre side (vest) for Støylsvatnet til Grøndalsstølane, der det ikkje er stølar lenger. Frå vatnet går stien vidare innetter dalbotnen, like forbi ei privat ått hytte inne i skogen, like etter over hengebru til høgre side av elva som kjem frå Støylsfossen. Stien forlet snart dalbotnen og tek seg opp i høgre sida av dalbotnen og passerer den vakre Støylsfossen med fin utsikt attende. Hald fram i same retning. Stien kryssar så elva nord for Støylsfossen, og kan vere krevjande å krysse ved høg vassføring. Du går på venstre side av ei lon (tjørn) i elva, og helde så fram på høgre side av den andre lona etter Storebotsskardet. Ikkje lenge etter svingar stien til høgre og du kan så smått byrje myse etter kvar helst Blåbrebu ligg. Rettare: Det er to hytter ved Blåbrebu - hovudhytte og ei naudbu plassert heilt spektakulært opp under fjellhylla!

Lat oss sjå turen med fotoapparatet - med start i Grøndalen:

Parkeringsplass og skilting til Blåbrebu på nordsida av Grøndalsvatnet. Ein grøn - men nedbørsrik - oase!






Vi er komne opp til Støylsvatnet (347 moh), og går inn på venstre sida av dette. Stien går rett inn dalen og opp i fjellsida på høgre sida av Støylsfossen midt i biletet, og følgjer "elvejuvet" vidare innetter

Oddbjørn klar til å gå over hengebrua i dalbotnen  nord for Støylsvatnet
Vi går langs med Støylsfossen; her avløyser glattskurte berg for småbjørk-vegetasjonen.
Steinformasjonane i biletet røper at her er mykje spanande "hard" natur i vente på turen
Attersyn mot Støylsvatnet i retning Grøndalen - Støylsfossen er gøymd nedanfor Oddbjørn.
Ruta går på berggrunn like ved elva innetter elvejuvet
Glatte berg, men med god friksjon


Den først elvelona vi passerer - her fotografert i motsett retning av Blåbrebu

Sjekk hylleformasjonane som ovrar seg, oppe i biletet og bak i biletet på fjellet Lassenipa aust for startstaden i Grøndalen
Under dette flòget, mitt i stien,  burde det vere råd å ordne seg flògvit (om det skulle vere naudsynt)!
Denne føreseggjorde og tydelege varden ligg berre få hundre meter frå Blåbrebu. Plasseringa av varden høgt og fritt, røper at det er viktig med god navigering, ikkje minst vintrar med mykje snø!


Vel framme på Blåbrebu. Vi ser så vidt i taket på hovudhytta... men kvar ligg naudbua....




Blåbrebu ligg dyrisk fint til ved ei lon, med ein buldrande foss ut og ned like i forbi hytteveggen.
Utsikt vestover til Saga og Plogen (1357 moh), bakerst.

To glade laksar vel framme på Blåbrebu; Steffen Ben (t.v) og Oddbjørn.
No venta oppfyring i omnen, fresing av mat på Primus, god drikke - og eit fantastisk utsyn ut vindauga på hytta!
Liggjeplass til 14 i Blåbrebu - berre to
losjerande denne haustnatta!


Utsikt frå stovevindauget mot nordaust




Tåka låg ned på toppane; her i retning Storebotseggja i sørvest
Tidleg fase i matlaginga - sjefskokk Oddbjørn tar føringa
























Blåbrebu er eit fint utgangspunkt for toppturar til mellom anna Saga (1318 moh.), Maritinden (1270 moh.) og Plogen (1357 moh.)
Foto tatt på ein tidlegare tur eg har hatt frå Blåbrebu, til Saga:
 Saga fremst - så Plogen og Keipen bakerst. Alle tre fjella er spanande turmål!














..... der, like under ei miniatyrhylle, 50 meter aust for Blåbrebu, ligg den vesle Naudbua som og står open (sjå nede i høgre biletkant!!!)


Naudbua på nært hald!


Om du enno er i tvil om kvar du skal leggje nokre feriedagar sommaren 2014 - så er desse to hyttene klare innertiarar!, og eg kan garantere at du ikkje kjem skuffa heimatt. 


Saga i høgre biletkant og Plogen
Dags at åka hem från Blåbrebu...



fredag 21. februar 2014

IST sitt turprogram for 2014

Og jammen dukka det ikkje opp nokon kjente på bileta...

Indre Sunnfjord Turlag (www.istur.no) sitt turprogram har vore klart ei stund, men no har det endeleg kome fysisk i posten også! Her er mange turar å gle seg til om ein ynskjer å delta på organiserte turar. Og er du ikkje medlem av DNT og Indre Sunnfjord turlag, så kan du laste ned programmet her

Vil også tilrå å ta ein titt på det samla programmet til Sogn og Fjordane turlag som du finn her. Kanskje nokre lesarar får lyst til å ta turen over frå nabofylka for å gå spennande turar i trivselsfylket? Her er det mange flotte turar både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Vi rekk ikkje over alle, men vi får til nokon kvart år :)

Ein liten skøyar på tur - storesøstra står i bakgrunnen og lokkar
med DNT-nøkkelen for å låse opp hytta Massbu
Bileta er for øvrig tatt på vår tur til DNT-hytta Massbu i haust - innlegg og fleire bilete frå turen finn du her.

onsdag 19. februar 2014

Mot Flatanipa via Hovlandstølen og Nipevatnet


For ein dag - for eit vær! 
Sol frå skyfri himmel som speglar seg i kvit vintersnø!
Dette har vi vel knapt opplevd før i vinter, 
så sjølvsagt måtte vi ut på tur!
Spesielt sidan værvarselet for dei neste dagane viser alt anna enn sol....
Og turen starta i Eikefjorden i Flora kommune. 

Nøgd vandrar: Fjelltur, sol, snø
- og sjølvsagt med OL-hua på :)

Vi hadde planlagt dagens turområde før det siste snøfallet, og hadde tenkt å gå til fots relativt høgt til fjells. Det hadde nemleg gått an for nokre dagar sidan - men så kom det snø.... Ja, ja, det får bli som det blir tenkte vi - det blir fottur på oss uansett, og så kjem vi så langt som vi kjem. Og fottur blei det: Vi kom kanskje ikkje fullt så høgt som vi hadde tenkt, men vi kom oss definitivt opp i høgda, og over 1 mil til fots i snøen, er tungt nok det :) 



Startstaden var Eikefjord i Flora kommune - første mål var Hovlandstølen. Der er det skogsveg og stor utfart, så der gjekk det veldig greitt å gå. Vi traff på 6-7 damer som kunne fortelje at dei hadde gått opp veg til Nipevatnet, og det var vi veldig glade for! (Tusen takk!) Vi blei spart for ein del krefter ved at dei hadde bana veg for oss. Etter ein kort rast ved Nipevatnet, fann vi ut at vi skulle prøve til vidare i retning Flatanipa. Då måtte vi gå opp vegen sjølv, og det var atskilleg tyngre. Men det skugga ikkje over for gleda over å vere på tur - i strålande sol og vintersnø - finnast det noko vakrare?

Vi bana veg mot Flatanipa

Vi har gått ulike ruter i området tidlegare, og den mest spesielle opplevinga var Nipenatt som vi deltok på sommaren 2011. I dette innlegget finn du også link til turskildringar for dei ulike turane i området (www.eikefjord.net). Her er mange turmogelegheiter og stiar som er godt merka, så det er berre å dra på tur!

Her er nokre (mange...) glimt frå dagens turoppleving: 

Hovlandstølen speglar seg i tidleg ettermiddagssol

På brua etter Hovlandstølen med kurs for Nipevatnet



Vi skimtar Blånipa (1061 moh) i bakgrunnen - der skulle vi gjerne vore i dag, men "to much snow"

Ein liten pause ved Nipevatnet på 702 moh.

På veg mot Flatanipa får vi flott utsikt mot fjella i nordvest - vi ser m.a. Terdalskeipen og Haukånipa

Dei 3 flotte fjella i Ålfoten på rekkje og rad frå venstre: Keipen, Plogen og Saga

Utsikt nordvestover med del av Nordalsfjorden midt i biletet
Vi ser Blånipa på returen frå Flatanipa - Nipevatnet i forgrunnen. 







Framleis sol på Hovlandstølen då vi var på returen. 


Og på veg ned att fekk vi gleda av å nyte ein vakker solnedgang!