mandag 30. juni 2014

Geiranger: 3 toppturar med kongeleg utsikt over verdsarven

Steffen Ben bloggar: 


GEIRANGER - langt meir enn turisme:
For dei fleste av oss er Geiranger synonymt med masseturisme, cruiseskip, smale vegar og sveitte sjåførar - og sett frå fjorden: høgdegardar, stupande fossar og brudeslør. Alt dette er Geiranger. 

Men same Geiranger kan - og er - også noko heilt anna. Slik det var det for meg og kompis Oddbjørn på guttetur i Geiranger denne helga, med tre dagar fritt til rådvelde: 

For oppe i dalsidene kring den tett folkesette turistgryta Geiranger, ligg fjelltopp etter fjelltopp på 1000-1800 meter og berre ventar på vitjing av deg! Og her får du stort sett vere mutters åleine; berre ein og annan utlending har teke seg opp til dei kringliggjande stølsidyllane, og enkelte også like opp til toppane. Men slett ikkje mange! 

Her kan du plukke topp etter topp, egg etter egg, tårn etter tårn. Nesten alle med same fantastiske fjordutsikta laaaangt der nede;  så sjølv dei største cruiseskipa som kom glidande inn den tronge Geirangerfjorden mest kunne få mindreverdigheitskompleks, der vi sat på toppane og skoda ned på dei "små" båtane.

- Fyldigare innlegg med mykje bilete kjem seinare; her berre ein første smakebit frå kvar av toppturane vi karane hadde oss, nett slik at du hugsar å leggje inn  Geiranger i ferieplanen din for sommaren 2014 med ein gong. Du vil aldri angre på eit slikt val! 



GEITFONNEGGA (1453 moh)






VINSÅSHORNET (1343 MOH)


KEIPEN (1379 moh)

torsdag 26. juni 2014

Fabelaktig sti - i nynorskens skog!

.....eller "Nynorsk fabelsti" som den eigentleg heiter!

Eg rota meg bort til eg fann ein port 
til nyyynorskens skog!
Eg kom nok til kort før eg såg ein port
til nyyynorskens skog!

Bli med oss inn i nynorskens skog - på vandring gjennom nynorsk fabelsti:



Denne fabelaktige stien er laga av elevar ved Slåtten skule i Førde, 
opna for om lag ei veke sidan,
av "nynorskskogens far":
Førdekunstnaren Oddvar Torsheim

Stien startar bak Slåtten skule, 
heilt til venstre på skuleplassen og går på sti opp mot Solvangåsen, 
og vidare inn på stien til Legjestølen 
(som vi har omtalt så mange gonger før her på bloggen)
Og her startar fabelvandringa:
flotte skilt, vakre ord og kreative kunstverk! 
Heile turen er ei stor oppdagingsferd, 
med stadig nye overraskingar. 
Stien held fram over Slåtten skule, 
og rundar til slutt ned att ved enden av ballbana på skulen. 
Totalt ca. 1,2 km

Større barn og vaksne går stien på under halvtimen, 
men med dei aller minste bør du rekne ein god time. 
Det er mykje som skal sjåast nærare på undervegs.....

Eit knippe av dei flotte kunstverka undervegs - "fiksemannen", "feen" og "guten i trusa" var nokre av namna Sanna Oliva og Bendik Matias ga figurane. 

"Kom, så går vi vidare og ser om vi finn meir kunst!", 
sa eg til mine to små. 
Då kjem det ivrig frå 3-åringen: 
"Kunst.....eg ELSKAR kunst!!!"
og han la på sprang oppover stien :)

"Eg ELSKAR kunst" seier Bendik Matias og spring av garde!

Berre høyr på desse vakre orda: 

hugleik
...eller rett og slett: kjærleik
og kva med åtgaum?



Eg villa meg bort, før eg fann ein port 
til nyyynorskens skog.
Mitt valg er no gjort, eg vil aldri bort frå
nyyynorskens skog!

Ein kort pause undervegs!
TAKK til Slåtten skule
for denne flotte opplevinga. 
De har gjeve omgrepet "skogstur" nye dimensjonar! 

Få deg ei fabelaktig oppleving du også - 
ta ein tur på nynorsk fabelsti! 

Og ynskjer du å ta ein kikk på den ekte "nynorskens skog",
så kan du klikke her.

onsdag 25. juni 2014

Balestrand: Raudmelen - vidsyn over fjell og fjord

Steffen bloggar:

Enkelte fjelltoppar kan gje eit skikkeleg vidsyn grunna den strategiske plasseringa, meir enn grunna høgda over havet. Toppen like nord for Balestrand sentrum er ein slik ein - med det litt mystiske namnet Raudmelen. I tillegg er den svært lett tilgjengeleg!


For frå denne toppen på 972 m.o.h. kan du gjere visuelt djupdykk inn i fjordarm etter fjordarm av Sognefjorden:
  • Esefjorden, 
  • Vetlefjorden, 
  • Fjærlandsfjorden, 
  • Vik 
  • Inn- og ut hovudløpet på Sognefjorden. 
I tillegg ser ein direkte bort på to svært spanande fjelltoppar like ved i Balestrand som vi har på ønskjelista vår: Keipen og Vindreken i Esefjorden. Og så ser ein rett over Sognefjorden og bort i hjartet på Stølsheimen. Så her får ein mykje valuta for pengane - om ein ynskjer fjordpanorama og inspirasjon til nye fjelltoppar!

Turen startar ved Belehalli, idrettshallen, på same stad som dei merka naturstiane startar, i byggjefeltet nord for Kvikne hotell ved fjorden. Frå Balestrand kai/turistinformasjon går du opp Lærargata og vidare på Kreklingevegen før du kjem til Belehalli som er startpunkt.

Her er det eit utal merka stiar og løyper, så det finst noko for einkvar smak. Av dei lengre turane ein kan gå til også herfrå, er Munkeggi (1317 moh), som følgjer og held fram vidare frå Raudmelen:
RAUDMELEN: Start ved Belehalli i Balestrand. Merka rute til toppen, eller vidare også til Munkeggi, retur same veg. Turen kan også gjerast som ein rundtur, slik som innteikna på kartet. 
Turen går først langs den merka naturstien men tek snart av frå denne og fylgjer raud løype oppover. Etter ei forholdsvis bratt stigning, er det greitt å ta pause ved Orrabenken (370 moh). Herifrå har ein flott utsikt over Balestrand Sentrum og Sognefjorden. Etter Orrabenken fylgjer vi stien vidare oppover.

Neste punkt på vegen er Buråsi (575 moh) som også er ein fin rasteplass og har fantastisk utsikt over Sognefjorden og Esefjella. Vidare frå Buråsi går vi mot toppen langs fjellryggen og har fantastisk utsikt nedover begge sider. På eine sida er det grøne lier ned mot Balestrand og på den andre, dramatisk fjellvegg ned mot Esedalen. På toppen - Raudmelen - blir ein godt lønna av ei fantastisk utsikt over det midtre Sognefjords-området.

Greitt å ta med drikke då det ikkje er nokon vasskjelder langs ruta opp.



Utsikt frå Buråsi i retning Esefjorden - Vindreken er toppen til venstre.




Keipen i Esefjorden







mandag 23. juni 2014

Fløyen meg her og Fløyen meg der - denne gong på Sande!

Flott utsikt ned att til Sande sentrum frå Fløyen!

Mange fjell har same namn, 
og eitt av namna som går igjen er "Fløyen"
I vår har eg faktisk vore på 3 "Fløyen"-toppar - 
ved Osen i Bygstad, i Vadheim og no sist på Sande. 

Og dette innlegget handlar om Fløyen på Sande  (690 moh) - i Gaular!

Med sin nærleik til Sande sentrum var dette fjelltoppen vi gjekk på når vi hadde skuletur på barneskulen.
Dette var også fjelltoppen eg låg og såg opp på frå tannlegestolen,
den gong tannlegekontoret var lokalisert på skulen på Sande.
Mang ei tann har blitt stelt med medan nokon har kikka opp på denne toppen....
men eg har ikkje fått avsmak frå fjelltoppen likevel!
Og turen er eit populært turmål for dei som bur nær Sande,
ikkje minst som ein rask ettermiddagstur eller trimtur.

Turen startar ved den grøne mannen på kartutsnittet og topp-punktet på 690 moh er ringa inn. Stien er tydeleg heile vegen, så det er lett å finne fram når du først har funne den. 

Turskildring: 
Turen startar frå Skagevegen ved Sande (køyr austover på rv. 610 frå Sande sentrum - ta av første veg til venstre). Du køyrer Skagevegen nesten til endes, men stansar ved ei mindre elv før du kjem opp til siste garden. Det er råd å parkere rett ovanfor denne elva, og turen startar ved ei grind ved oppkøyrsla til eit nyare bustadhus (nedanfor elva). Stien er godt synleg og er lett å følgje - først gjennom ein liten granskog, før ein kjem over i lauvskog. Ein kryssar ei bru over elva. Ved Kråseelva deler stien seg i to - med skilting til Skagestølen. Held du derimot fram på stien til venstre (mot vest), så går du vidare rett mot Fløyen og er den raskaste vegen til topps. Etter å ha gått langs austsida av elva eit stykkje, kryssar du elva på nytt og du stig raskt oppover mot Fløyen.
Lengd: litt under 2 km
Tidsbruk: 45 min - 1 time ein veg.

Om ein ynskjer ein lengre tur, er det råd å gå vidare mot Grønefjellet. Varden på Grønefjellet er synleg frå Fløyen, og ein held høgdedraget. Det er delvis sti og nokre vardar.
Det er også mogeleg å gå turen til Fløyen via Skagestølen.
Fløyen har flott utsikt austover til vatna i Viksdalen: Haukavatnet, Nesavatnet, Hestadvatnet og Viksdalsvatnet. 

Og flott utsikt vestover mot Bygstad, Storehesten og Lisjehesten 

søndag 22. juni 2014

Fjellgeiter på Holmesetstølen

Holmesetstølen byr på like flott utsikt som mang ein fjelltopp! Her ser vi innover Førdefjorden. Naustdal sentrum til venstre, Kråkenes på høgre side av fjorden. 

Det byrja med at vi var nokre damer som ville gå på fjelltur, 
fortrinnsvis på måndag ettermiddag/kveld. 
Så var det fleire damer som ville vere med, 
og endå fleire....
og brått var facebookgruppa "Fjellgeitene" oppretta! 

Gruppa har snart 50 medlemar, og er ei lukka gruppe, 
men vi stiller få krav til dei som ynskjer å vere med :)
Men det er ein fordel om du likar å gå på fjelltur!

Stort sett har det vore 8-10 damer på tur kvar gong,
og til no kan vi loggføre turar på m.a. Bolteheia, Hatlesetnipa, Fureviknipa og Vindkjegla.
Og no sist måndag var det rundtur til Holmesetstøylen i Naustdal. 
Turskildring kan du lese her
Turen er på ca. 6 km og tar mellom 1,5 - 2 timar. 

Flott utsikt mot baksida av Storehesten og Heilevangsstaurane. Snøen minkar fort der også no. 

Holmesetstølen er ein velhalden støl. Kjekt å kome til slike plassar! 

Ein blid damegjeng tar seg litt energipåfyll  før returen!


onsdag 18. juni 2014

REKSTA: Flora turlag kan øyturar!!!

- REKSTA  PÅ LANGS: 3 minifjelltoppar 

På tur over dei 3 toppane på Reksta i Florø  - vi er på veg ned frå det første fjellet, Storlifjellet.
Rabben og Klokkargarden ved fjorden.
Bokstaveleg talt "Øyservice" - med denne båten kan du lett øyhoppe mellom øyane i Flora. Denne gongen hoppa vi av på Reksta!

Du verda som tida går! 

Tenk  - det er over ein månad sidan vi var på tur med Flora turlag! 
Men gode turar sit sterkt i minnet, 
og vert hugsa som om det var i går! 
Vi har presentert nokre smakebitar før
men her kjem ein fyldigare omtale og fleire bilete frå Reksta-turen vår. 

Øyriket i Flora har mykje spanande å by på når det gjeld turar, 
vi har prøvd ein del og nokon står framleis att. 
Reksta-turen hadde vi høyrt mykje positivt om, 
så den vart eit priortert turmål i år. 

Øya Reksta er "berre" den 7. største av øyane i Flora med sine 5,6 kvm, 
men kan likevel by på flotte vandreopplevingar!
Øya har 4 grender: Selvåg, Indre og Ytre Reksta og Rognaldsvåg. 
På sørsida av øya kan du gå på pilegrimstur langs Sunnivaleia. 
Vår tur gjekk derimot over dei tre fjella på Reksta: 
Storlifjellet, Vasslifjellet og Harefjellet. 
Harefjellet er høgste punkt med sine 220 moh. 
Vi starta ved rutebåtstoppet i Selvåg i aust, og endte opp i Rognaldsvågen i vest.  

Heile turen er om lag 6 km, og er skildra på ut.no
For å gje deg eit bilete av korleis turen var, har vi tatt nokre utsnitt frå Googlemaps: 

Vi starta ved Selvågen i aust, gjekk over tre toppar og enda opp i Rognaldsvåg i vest. 

Reksta med kringliggande øyar: Kinn, Skorpa og Store Batalden

Stiane var godt merka, så her finn du lett fram også utan turleiar.
 Og sjølvsagt treng du ikkje gå over alle toppane: 
du kan gå på ein, to eller alle tre, som vi gjorde, 
du kan vandre Sunnivaleia langs sjøen på sørsida av øya, 
eller du kan ta med sykkelen og sykle rundt på vegane på øya.


Uansett: Dette er ei vakker øy der eg garanterer at du vil finne noko du likar! 

Turleiar Signe gjev oss god informasjon om dagens tur.
Ein noko original talarstol.....:)
Kaia i Selvågen



I flokk og følgje på veg til første topp - Storlifjellet


Ingenting å seie på tilrettelegginga!






Signering i turbøkene er viktig.
Her var det også mogeleg å vinne premie!






Tre turentusiastar: Svein Petter Kjerpeset, meg og Sissel Vedvik

På nedstigninga frå Storlifjellet ser vi ned mot  Indre Reksta


Klar for oppstigning til topp nr. 2 - Vasslifjellet


Ved Likkjevatnet (160 moh) på Vasslifjelletvar det også turbok.
Ein liten matpause måtte også til medan vi kosa oss over utsikta mot Alden
Vi skimtar Ytterøyane fyr lengst ute i havet
Utsynet til øya Batalden i nord, var med oss heile turen...

...og sjølvsagt landemerket Alden i sør - "Den Norske hesten". Tvibyrje er den lille øya til venstre. 




Vi såg også attende til fastlandet lenger sør-aust: Heileberget (t.v), Eitrenipa og Nordre og Søndre Kringla
Nedstigning frå Vasslifjellet


Rosa, turkis, grønt, turkis, raudt..... ein fargerik gjeng!




Vèl nede frå Vasslifjellet - kryssar "E6" -  og vi er klar for siste topp - Harefjellet

Bratt oppstigning og bratt ned på veg mot Harefjellet



Vi kryssar demningen ved Rognaldsvåg vassverk. Vinden var så sterk at vi måtte vere forsiktig når vi skulle gå over. 


Nedstigning frå Harefjellet





Øya Kinn i bakgrunnen i vest


Rognaldsvåg og øya Kinn

Rognaldsvågen ventar på oss


Kulturlandskap godt i hevd - og hytter bygd  i pakt med naturen - gjer at Norskehesten kan nyte det han ser!

Ein innfødd ein!

Vel nede i Rognaldsvåg, var butikken open så vi kunne kjøpe oss både vaflar og kaffi. Etter ein slik tur er det lett å finne sjelefred!



Rutebåten kom og henta oss til rett tid!
Nøgde med ein fin tur, og klar for retur med båten!
Takk igjen for turen, Flora turlag og dei 2 lokale guidane som var med!