torsdag 16. juli 2015

Ein Jølsterdag - på Ålhusstølen!


Ålhusstølen - her kan ein nyte morgonkaffien med unik utsikt over Jølstravatnet og fjella rundt!

Jølsterdag, grøn og frodig som den fyrste dag
Adam gjekk i kring i Evas lag, i Evas lag
Ein Jølsterdag, Jølsterdag
denne dag som og har Gud i seg
men også nattas mørke veg

Men snart vil nok sola nok sende ned sitt lys
og frosne sjeler vil miste gru og angst og gys
Ein Jølsterdag
Jølsterdag
Hm, hm, hm, ein
Jølsterdag
(tekst av Oddvar Torsheim)

Vi sluttar aldri å utforske nye turmål, 
og ser stadig vekk spanande plassar når vi er ute og fartar. 
Eitt av desse er Ålhusstølen på Jølster:
Vi har blant anna sett på stølen frå andre sida av Jølstravatnet, 
og tenkt at denne stølen ligg fantastisk til. 
Dit må vi opp ein gong! 

Som sagt, så gjort: 
Det skjer kanskje ikkje veka etter, 
ikkje månaden etterpå heller, 
og kanskje ikkje ein gong same året 
- men ein eller annan gong finn vi eit passande tidspunkt for akkurat dette turmålet. 

Med lovnadar om meir sol i Jølster enn i Førde og utover mot kysten, 
var det eit godt utgangspunkt for å ta ein Jølsterdag -
og då nytte høve til å ta turen på Ålhusstølen. 

Og  forventningane til Ålhusstølen vart definitivt innfridd!!
Vi har vore på mange flotte stølar og dei fleste stølar har sin særeigne idyll, 
men det er ikkje så mange stølar som slår Ålhusstølen når det gjeld utsikt! 
Den var rett og slett dyrisk! 

Om du ynskjer ein flott utsiktstur utan å gå på dei store toppane, 
så er Ålhusstølen verdt eit besøk!
På vegen opp oppdaga vi mann i naturen - eller mann i fjellet om du vil! 


Utsikt mot Hegrenesnipa til venstre og Bjørsetfjellet til høgre. Bjørsetstølen som ligg i framkant av fjellet, er ein støl som faktisk kan konkurrere med Ålhusstølen om den beste utsikta!

Flott stad å ta lunsjen sin!

I dalen til venstre på sørsida av Jølstravatnet ser du Bjørndalen og Isvassnipa.
Den rundturen gjekk vi for snart 2 år sidan, sjå innlegg her.



Slik finn du fram til Ålhusstølen: 

Ved Ålhus tar du til venstre rett etter Kafe Påfyll/gamlebutikken (dersom du kjem frå Førde) og køyrer nokre hundre meter forbi kyrkja. Der tar du vidare til venstre og gjennom nokre gardstun.
Her kan du velje mellom to skogsvegar til stølen. Fin stad å starte viss du vil ha ein litt lenger tur. Sidan vi hadde med oss ungane, valte vi å køyre skogsvegen til høgre opp til eit demningsanlegg (NB! Det er ikkje bomveg, men du bør spørje grunneigarar om løyve til å køyre). Derifrå var det om lag 2 km opp til stølen - ein grei og enkel tur på skogsveg.  

Den blå linja viser kor langt inn vi køyrde med bil. Den raude viser vegen vi gjekk. 


Ved endt tur, så bør du ta turen innom Kafè Påfyll for kaffi, is eller middag,
og ta deg ein kikk på Eikåsgalleriet som ligg på andre sida av vegen. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!