onsdag 8. juli 2015

Tips til flotte turar ved Sognefjorden

Sognefjorden byr på fantastiske tur- og naturopplevingar - ta deg ein tur du også!


"Vakre fjordarmer, majestetiske fjell og ville fosser er bare litt av det du kan oppleve på fottur i områdene rundt Sognefjorden. Dette er et paradis for alle som liker å utfordre kroppen i variert terreng, og som vil oppleve unik natur på veien." 

(sitat Nettavisa 08.07.15)

Det er ikkje tvil om at Sognefjorden har mykje flott å by på - av tur- og naturopplevingar. Her får du nokre gode tips henta frå bloggen vår: 

Grenda Sylvarnes på sørsida av Sognefjorden

Høyanger: Klassikaren Langs veglause strender på sørsida av Sognefjorden er vårt mest populære blogginnlegg og vi veit at mange har tatt turen etter å ha lese bloggen.  

Vandring over fjella frå Lavik til Vadheim - på nordsida av Sognefjorden. Og om du ikkje ynskjer å gå 3 mil på ein dag, så kan du fint gå på enkelttoppar: Fløyen er fantastisk med start frå Ullebø eller Avsneset i Vadheim - eller du kan køyre til Bosdal i Lavik å gå på Fuglefjellet. Ein fin tur med små born. Skårseggja (609 moh) ved Avenbukta er også ein fin tur der du får flott utsikt både innover og utover Sognefjorden. 

På veg opp til Raudmelen i Balestrand
Balestrand er fjordnorge på sitt beste! Her er mange godt merka turar. Ein tur som passar for dei fleste er Raudmelen. Her vert det også arrangert motbakkeløp i september - Balestrand Opp. Dersom du ynskjer brattare bakkar og høge stup, er Vindreken eit spektakulært turmål. Bratt og høgt, men likevel trygt å gå. I Vetlefjorden kan du ta turen opp Meneseggi og vidare til Harevollnipa (1406 moh). Dette er også ein bratt og tyngre tur der du går frå 0 moh til over 1400 moh - men det er vel verdt slitet!

I Fjærland er det ei stor oppleving å vandre over Grettene. 

Utsikt ned mot Finnafjorden
I Vik tenkjer vi med lengsel tilbake til den flotte turen på Fagerdalshalvøya mellom Arnafjorden og Finnafjorden i fjor. Hit vil vi gjerne tilbake! Turinfo om DNT-hytta Vatnane finn du her. Vil du ta turen opp frå fjorden og innover Vikafjellet, kan du t.d. overnatte på DNT-hytta Målsete som ligg like ved bilveg eller du kan gå inn til DNT-hytta på Selhamar

Åsetevatnet i Mørkridsdalen

Inst i Luster - i Skjolden - finn du Mørkridsdalen som er omtala som ein av Noregs vakraste dalar! Flott terreng med mange turalternativ. Vil du ta sykkelen fatt i same området, er turen til Nørdstedalsseter eit godt tips. Her får du sykkeltur med magasug på veg ned att! Frå Nørdstedalsseter er det mange fine turmål - vi tok med ungane våre til naudbua Medalsbu for eit par år sidan. Andre turtips i Luster er: Varderekkja over Sognefjellet og Mefjellstien, DNT-hyttene Navarsete (sjå turinfo her) og Fuglesteg (sjå turinfo her).

DNT-hytta Råkeneset i Solund

Yst i Sognefjorden ligg Solund. Sjølv om det er ei øy, så finn du mange flotte turmål. Dei høgste toppane er Krakhellenipa og Pollatinden. Der har vi vore, men det var før bloggen si tid.... Men frå vår siste tur i Solund no i vår, kan vi foreslå desse turane: DNT-hytta Råkeneset (sjå turinfo her) eller topptur til Ramnenipa ved Hardbakke. 

Det er MANGE fleire turar vi kunne ha tipsa om - fleire vi har gått, men ikkje fått skrive om - og ikkje minst alle dei turane vi har på ynskjelista! Nokre fleire tips finn de i Nettavisa: 

Vi er så heldige at vi har opplevd også desse turmåla heilt eller delvis: Vi har vore på Molden i Luster, vi har gått langs Aurlandsdalen, Fanaråken er toppa ut, vi har vandra frå Turtagrø til Skogadalsbøen og nedover Utladalen til Vettisfossen, vi har fått ein smakebit av turar i Nærøyfjorden (men har mange turmål på ynskjelista) og til sist har vi også gått litt i Balestrandsfjella. 

Håpar du vart inspirert til å ta turen til ein stad rundt Sognefjorden 
- GOD TUR!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!