fredag 18. september 2015

Litlehesten (912 moh) står ikkje tilbake for den Store....

Turen til Litlehesten startar på same stad som turen til Storehesten. Etter ca. 10 minutt kjem du til Kårstadstølen, og har då toppen av Lisjehesten i sikte. 

Eg har lenge hatt eit ynskje om å gå på Litlehesten (912 moh) i Gaular. 
Trass i si markante form, og at den er lett synleg i terrenget, 
må den som regel vike plass for storebroren:
Veldig mange har vore på Storehesten - eller Kvamshesten som den heiter på kartet, 
men det er langt færre som har vore på Litlehesten. 
Det burde det ikkje vere noko grunn til;

Litlehesten står ikkje tilbake for Storehesten verken når det gjeld turoppleving eller utsikt!!!
Den einaste grunnen til ikkje å velje denne toppen, 
er at den ikkje er like godt merka som turen til Storehesten.
Eg gjekk turen frå Bygstad i Gaular, 
og gjekk den merka ruta til Storehesten i ein halvtimes tid før eg tok av mot Lisjehesten. 
Eg tok til høgre rett før eg kom opp til Skardavatnet. 
Du finn tidvis sti og varding, 
men elles er det greitt å sjå kor du kan gå i terrenget. 
Litt opp og ned mellom berga blir det, 
men brått så er du på toppen! 

Lengd: ca. 9 km t/r
Tidsbruk: ca. 1,5 - 2 timar opp, noko kortare ned att. 

Det er også mogeleg å gå turen frå Solheimsdalen i Førde, 
og opp på nordsida av fjellet. 
Men der har eg aldri gått, så eg kan ikkje seie så mykje om det :)

Du følgjer heile hesteryggen utover til toppen av Litlehesten i aust. For å spare krefter, bør du ikkje gå over høgaste punktet midt på ryggen (ca. 930 moh), men gå litt på nedsida i framkant. Der var det god sti og merking som ein kunne følgje. 



Utsikt austover frå Lisjehesten: Inst i Solheimsdalen til venstre, Gjøsetvatnet og Gjøsetstølen midt i biletet.  Hafstadfjellet litt lenger bak. 

Det er ikkje så ofte ein ser Storehesten på nære hald frå denne sida - eit flott syn her også!


Utsikt mot Blegja og Heilevangsstaurane ved Førdefjorden. 

Varden på Litlehesten
Kartutsnitt frå ut.no. Eg følgde stien mot Storhesten heilt fram til der stien gjer ein sving mot Skardavatnet. Der tok eg i staden inn på sti til høgre i retning Kvamsskaret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!