mandag 28. september 2009

Steinkorsen (762 moh) i Naustdal - min kvardagsfavoritt nr. 1

"...det var det året nedbøren kom til Sunnfjord..."


Med unntak av nokre få fine dagar i midten av september, har det vel stort sett regna sidan midten av juli....Det avgrensar utfartsmogelegheitane noko, særskilt med ei 5 mnd gamal jente i hus. Men vi har no komt oss på tur av og til, og om det ikkje blir nye turar, så får vi heller skrive om tidlegare turar som eg ikkje har rukke å skrive om.


Varden og postkassa på Steinkorsen. Heileberget i bakgrunnen
Steinkorsen
Eg har tidlegare omtalt Steinkorsen i Naustdal som min kvardagsfavoritt nr. 1, og grunnane er fleire: Det er kort frå Førde (15-20 minutt med bil), og sidan ein startar på vel 300 meters høgde, har ein heile vegen ei storslått utsikt. Turen går du på +/- ein time alt etter kva forn ein er i, og bortsett frå at det er litt bratt i starten, så er det stort sett lettgått terreng som gjer at du kan halde litt tempo også når du ikkje er i toppform. Dessutan så kan du også gå vidare via Boltestølen til Jonstadstølen derifrå. Frå start og fram til Jonstadstølen må du rekne ca. 2 timars gange.
Turen startar på Kringla. For å kome dit, køyrer du knappe 1,5 km vestover på rv. 611 frå Naustdal sentrum. Det er skilta Kringla 3 km. Stien start til høgre for løa på tunet, og det er skilt merka med "Stølsvegen". Det er noko bratt opp mot Kringlestølen som du kjem til etter 15-20 minuttars gange. Du går først gjennom noko granskog, men deretter er det heile vegen ei fantastisk utsikt over Førdefjorden og Heilebergfjella.
Vidare flatar stien meir av, og det er tydeleg sti vidare til Mallasvikstølen. Derifrå går stien i nordvestleg retning, og vidare på vestsida av Kringlevatnet og oppover til toppen. Stien er nokså tydeleg heile vegen, så det er ikkje vanskeleg å finne fram om du ikkje har gått der før. Men ver litt obs rett etter at du har passert Mallasvikstølen - der deler stien seg i to: ein sti går til høgre mot elva som renn ned og ein sti til venstre går mot Kringlevatnet (dit du skal gå). Den første stien går likevel ikkje så langt, så du oppdagar fort om du går feil og då er det berre å gå oppover skråninga til du ser den andre stien igjen.

Det første biletet viser utsikta over Førdefjorden frå Kringlestølen. På det andre biletet ser du mot Frammarsvikstølen når du er på toppen:
Turen står også omtala i "Opptur - 267 fotturar i Sogn og Fjordane" av Anne Rudsengen - der er det også skildra vidare gange til Blåfjellet (Helleblåfjellet).

onsdag 16. september 2009

Botnavatnet og Botnastølen - kombinert trille- og bæreseletur

15.09.09: Den tredje dagen på rad med nesten opphaldsvær, måtte også nyttast til tur. Vi inviterte med oss eit vennepar til ein liten kombinert trille- og bæreseletur.

Vi køyrde inst i Angedalen i Førde kommune for å ta turen til Botnavatnet (412 moh). Vi parkerte på parkeringsplassen rett før dei siste gardane, men det er mogeleg å køyre eit stykke innover på grusvegen mot Botnavatnet. Vegen er i god stand, så her er det heilt uproblematisk å trille med barnevogn. Det er lett stigning/"flat" veg hele vegen, bortsett frå at det er ein lang, bratt bakke rett før ein kjem opp til vatnet. Men det er berre bra å få løyst sveitten litt!

Her er vi vel framme ved Botnavatnet med barnevognene våre:


Flott tur å gå for småbarnsfamiliar, og fin stad for både bading og fisking.

Botnastølen ligg på andre sida av vatnet. Det går ikkje veg heilt inn, så vi måtte fram med bæreselane. Det er ikkje lange stykket å gå, og det er vel verdt å ta turen vidare inn mot stølane. For dei som har lyst og mogelegheit til å ta ein skikkeleg fjelltur, så er fjella innerst i Angedalen litt trolske og både Solegladnipa (1213 moh), Syskarnipa (1282 moh) og Isvassbotn (910 moh) er vel verdt eit besøk. Derifrå er heller ikkje vegen lang over til Ålhusdalen i Jølster.

Familiekos på Botnastølen:

søndag 13. september 2009

Årnesholten - min kvardagsfavoritt nr. 4

Endeleg vart det ein dag med sol og varme temperaturar! Det gjorde seg etter vekesvis med regn. Og då var det sjølvsagt at denne dagen måtte nyttast til fjelltur. Vi reiste heim til mine foreldre på Sande, dei var barnevakt for Sanna Oliva, og så tok eg og Steffen rundturen Eikelandstølen - Årnesholten (765 moh) - Årnesstølen (Landastølen). Dette er ein av mine kvardagsfjellfavoritt fordi du kan ta heile turen på 2-3 timar, det er ein fin rundtur og du får ei fantastisk utsikt. Det vert sagt at du på klårværsdagar kan sjå 7 kyrkjesokn frå toppen.

Turen startar på Eikeland og går først til Eikelandstølen, som eg omtala i eit blogginnlegg i august. Derifrå er det 45 min - 1 times gange opp til toppen. Stien er ikkje alle stader like tydeleg, så det kan nok vere greitt å gå med kjentfolk første gongen. Eller så finn ein nok fram om ein brukar kart eller GPS også om ein er van med å gå i fjellet. Samla bør ein nok rekne 1 1/2 -2 timar opp på toppen.
Eit av sela på Eikelandstølen med utsikt mot Klungeren som i dag låg med litt skodde:
Det andre selet på Eikelandstølen med utsikt mot Kjelstadnakken:
Som sagt så er det ei storslagen utsikt, og du ser mange av dei kjende lokale toppane: Klungeren, Hafstadfjellet, Kjelstadnakken, Storehesten, Blegja, Holstnipa - og du får også flott utsikt ned att mot Sande, oppover Viksdalsvatnet og ned mot Økslandsvatnet.

På biletet til venstre ser du rett på Hafstadfjellet. Til høgre er det utsikt ned att mot Nesavatnet og Skudalen. Klungeren i bakgrunnen. Nede til høgre i biletet ser du Eikeland, som er staden der eg kjem i frå:



Boka på toppen viser at dette er ein topp som ikkje er alt for mykje besøkt. Det er skrive mindre enn ei side frå slutten av juni i år. Synd - for dette er absolutt ein fin fjelltur!

Frå toppen ser du ned att til Årnesstølen:
Det er ikkje tydeleg sti nedover (som vi har funne i alle fall), men det er for så vidt å stake ut kursen strake vegen ned, sidan du ser stølane heile vegen. Årnesstølen er ein fantastisk flott støl som ligg med eit vatn og omkransa av fjell. Vi har drøymt om å overnatte i telt der oppe, men det har ikkje blitt enda. Frå Årnesstølen og ned att til bilveg, er det først ein tydeleg sti, før du kjem inn på traktorveg. Turen frå Årneholten og ned på bilveg via Årnesstølen, gjer du unna på +/- 45 minutt. Vel nede på bilveg, er det så eit par kilometers gange før du er tilbake til startpunktet.

mandag 17. august 2009

Mine 5 kvardagsfavoritt - fjell

Eg er av dei som likar å oppsøkje stadig nye fjell- og turområde, og mitt favorittfjell er til ei kvar tid nokon av dei fjelltoppane eg enno ikkje har vore på. Likevel er det nokre fjellturar som eg gjerne går på mange gonger, og som nesten er eit "must" å vere på minst èin gong kvart år. Desse toppane kallar eg "kvardagsfavoritt-fjell".

Min definisjon av eit "kvardagsfavoritt-fjell" er ein fjelltopp du kan rekke å gå på etter at du er ferdig på jobb. Kva som då er eit "kvardagsfavoritt-fjell" vil både avhenge av kor ein bur, kva oppleving/tilknyting ein har til fjellet og ikkje minst kva fjelltoppar ein har vore på.
For å kome inn i kategorien "kvardagsfavoritt-fjell", så må turane såleis oppfylle følgjande vilkår (mellom anna):
  • dei må liggje i noko lunde nær avstand frå heimen
  • gangtid opp til toppen bør vere +/- 1 time
  • fjelltoppen må by på storslagen utsikt (ikkje nødvendigvis berre frå toppen, men også undervegs)
Om eg skal liste om 5 fjell som per i dag er mine favorittar, vert det følgjande:
  1. Steinkorsen (762 moh), Naustdal kommune
  2. Hatlesetnipa (583 moh), Flora kommune
  3. Smådalsnipa (930 moh), Naustdal kommune (sjå vinterbilete frå Steinkorsen her)
  4. Årnesholten (765 moh), Gaular kommune (sjå også dette innlegget)
  5. Eikåsnipa (826 moh), Førde kommune
...og eg kunne ramsa opp fleire, men dette er nokre utvalde favorittar. Dei ulike turmåla skal eg skildre i komande innlegg, og det er absolutt fjellturar du bør ta om du ikkje har vore der.
Legg gjerne igjen ein kommentar som kva som er ditt favorittfjell :)

fredag 7. august 2009

Eikelandsstølen - på heimlege trakter :)

I går var tante Mari barnevakt på formiddagen, og eg fekk med dermed ein trimtur på Hornnesstølen etter gamalt. Så reiste vi på overnatting på Eikeland, noko som medførte at eg også i formiddag kunne ordne meg med barnevakt slik at eg kunne ta meg ein liten tur på stølen "heime": Eikelandsstølen.

Eikeland ligg 6 km aust for Sande i retning Viksdalen, og på sørsida av Hestadfjorden, og er plassen der eg har vakse opp. I tilknyting til garden ligg Eikelandsfossen:


Eikelansfossen er ein av dei største fossane i Gaularvassdraget, med fall høgde på 15 meter. Og gjennomsnittleg vassføring i Juli månad på 75 m3/sek og i Januar 16 m3/sek.
Eikelandsfossen ligg i enden på Hestadfjorden og er godt merka frå vegen, det er også laga ein parkeringsplass med sti ned til fossen. Gaularvassdraget vart varig verna i 1993,etter mange års strid (
henta frå http://www.hestagrend.no/).

Men tilbake til stølsturen:

Turen startar på nabogarden, kalla "Bakkane". Den tyngste stigninga er i starten opp til ein kryssar elva, deretter er det lett og jamn stigning. Med litt tempo, gjer du unna turen på under ein halvtime, men i meir moderat gange kan du nok rekne ca. 45 min. Det er skogsveg i starten, som så går over til ein tydeleg sti. Stien forsvinn litt i dei siste myrane, men du er då komen så langt at du ser stølen, og då er det berre å gå strake vegen opp.
Vel framme på stølen, var det ei flott dame som helste på meg i eitt av selsvindauga, og eg helste tilbake via mobilkameraet:

På stølen står det i dag 2 stølshus, og du får flott utsikt mot Skudalen og Kjelstadnakken:



Om du ynskjer ein lengre tur, kan du gå vidare opp på Årnesholten (765 moh). Her er det ikkje alltid like tydeleg sti, så om du ikkje er van med å finne fram i fjellet på eiga hand, kan det vere greitt å gå turen med kjentfolk første gongen. På toppen er det flott utsikt - det vert hevda at du kan sjå 7 kyrkjesogn på godværsdagar.

Rausjødalen - DNT-hytte og Europas første fellesmeieri nord for Alpane.



Fredag 31. juli var vi innom den 3. DNT-hytta på turen vår. Rett nok har det vore bilveg heilt fram til alle hyttene, men det er no likevel kjekt å ta turen innom - ikkje minst for å finne ut om det er ein aktuell plass å kome tilbake til for faktisk å gå på fjelltur :) Og eit flott turmål med berre ein times gange frå hytta, er Rausjøpiggen 1305 moh (biletet). Det vart ikkje noko fjelltur på oss denne gongen, både fordi det var regn og skodde, men det er jo også avgrensa kva turar vi kan ta Sanna Oliva med på enno.


For å kome til Rausjødalen tar du av frå Tynset og køyrer i retnng Brydalen. Når du tar av, rett før tettstaden Brydalen, er det 13 km på grusveg innover fjellet (mrk: det er bomveg). Det er ikkje å tilrå å køyre med altfor store bilar innover, for sjølv om vegen i seg sjølv ikkje var så ille, så var det få utkøyrsler for møtande trafikk. Og det kan jo bli ganske drygt å måtte rygge 5-6 kilometer... Det gjekk heldigvis greitt for oss i bubilen - vi slapp å møte bilar. Men det var faktisk ganske bra med turistar som tok vegen opp dit, så risikoen for møtande trafikk er definitivt til stades!


Klikk her for DNT sin eigen omtale av hytta, tilkomst og turmogelegheiter.


Noko anna spanande med Rausjødalen, er at rett ved DNT-hytta ligg Europa sitt første fellesmeieri nord for alpane. Her blei det laga sveitserost allereie i 1856. I dag er bygningen restaurert, og husar eit spanande meierimuseum og ein triveleg kafè. I tillegg er det eit nyopna galleri, og det er laga nautrstiar for barn og det er også høve til å få helse på "Dei tre bukkene bruse", Høne-Pøne, Hane-Pane, kaniner og den lille kalven som ikkje ville teljast. Det er også mogeleg å få ri på ein liten shetlandsponny.
Dei har opent kvar dag frå byrjinga av juli til byrjinga av august. Sjå også Rausjødalen sine eigne heimesider.

tirsdag 4. august 2009

DNT-hytte nr. 2: Kårvatn


Frå Todalen køyrde vi vidare innover dalen, 7 km, for å kome til Kårvatn. Kårvatn gard har gitt husly for turistar i over hundre år, og fjella omkransar garden i alle himmelretningar. Turmogelegheitane er mange.

Litt fakta:
Til Kårvatn er det heilårsveg, og området er også verd eit besøk på vinterstid. Vertskapet bur på Kårvatn heile året. DNT har, gjennom Trondheim Turistforeining (TT), ei sjølvbetjeningshytte på garden. Hytta vert kalla for "Målastua". Du ser hytta til venstre på biletet. Hovudhuset på garden ser du til høgre. I tillegg til DNT-hytta, er det mogelegheit for å leige leilegheit og hytter for kortare eller lengre tidsrom. På garden er det overnattingskapasitet på vel 30 sengeplassar, i tillegg til hyttene dei har for leige.

"Målastua" blir drive på ein litt annan måte enn dei tradisjonelle sjølvbetjeningshyttene. Vertskapet på garden sørgjer for at dei som kjem får kjøpt eit større utval matvarer, og eit godt utval i drikke. Hytta har både straum og innlagt vatn.

Turmogelegheiter:
Kårvatn er ideell for barnefamiliar, først og fremst sidan det er bilveg heilt fram. Nærområda rundt garden byr på mange opplevingar for borna. Om hausten er det mykje bær og sopp, og om sommaren er det gode mogelegheiter for bading og fiske. Ein kan gå tur til Naustådalssetra eller til Gammelseterdalen. Berre ein halvtimes gange frå garden ligg Nauståfossen. Kulpen ved foten av fossen kan brukast til bading, og det er også mogeleg å gå bak fossen der det finnast eit større rom under berghammarane.

Kårvatn er også knytt til rutenettet i Trollheimen, og det er merka ruter til Trollheimshytta og til Innerdalen. Det er elles fleire andre flotte dagturar som ein kan ta frå hytta.

Avstandar:
Kårvatn ligg 2,5 mil frå Sunndalsøra på RV 671. Frå Trondheim er avstanden 15 mil, frå Molde vel 10 mil og frå Kristiansund knapt 10.

Sjå www.kaarvatn.no for kontaktinformasjon.

På Kårvatn var det absolutt koseleg, og ikkje minst ein fredens plass. Også denne hytta litt i utkanten av rutenettet i Trollheimen, men det såg likevel ut til å vere bra med fjellfolk som fann vegen hit.

lørdag 1. august 2009

På besøk i DNT-hytte: Todalshytta


Onsdag 29. Juli-09 tok vi ein avstikkar frå Surnadal på vegen vår austover, og køyrde i staden sørover i retning Sunndalsøra. Målet vårt var Todalen og inn til ein stad som heiter Kårvatn. Todalen er kjent for å ha det reinaste og klåraste vatnet i heile landet.

Vel framme i Todalen, oppdaga vi at det låg ei turlagshytte tilhøyrande Kristiansund og Nordmøre turistforening (KNT): Todalshytta. Så den måtte vi sjølvsagt inspisere. Det vart for øvrig Sanna Oliva sitt første besøk på ei DNT-hytte!

Todalshytta ligg berre 50 m.o.h. Den er betjent frå midten av juni til 1. September. Ellers er det eit ubetjent kvarter med 4 senger i Isbua der du kjem deg inn med DNT-nøkkel. Hytta har elles 32 senger på to- og tresengs rom. Og det er bilveg heilt fram.

Todalshytta er knytt til rutenettet i Trollheimen via Innerdalen eller Kårvatn/Trollheimshytta. Du kan t.d. gå ein tur gjennom Bjøråskaret over til Innerdalen, og tilbake til Todalen gjennom Snekkardalen neste dag. Eller kan du velje mellom utallige dagsturar, og ha hytta som base.

Er du fiskeinteressert, er det mange mogelegheiter i alle fjellvatna og -elvane, eller du kan prøve å få storfangst i elva Toåa som renn like nedanfor hytta.

Om du likar blomar, så er det kort veg til Svinviks arboretum der m.a. meir enn 200 ulike rododendronsortar står i full blomst i mai-juni. Hytta ligg elles på ein svært så fredeleg stad, så det er ein god plass å finne roen på!

Todalshytta har absolutt sitt særpreg, og vart opprinneleg bygd av engelskmannen Ethelbert Lort-Phillips - ein velståande engelskmann og ivrig sportsfiskar. Den vart brukt til å gje laksefiskarane standsmessig losji og forpleining på byrjinga av 1900-talet. Under krigen vart hytta brukt av tyskarane, og i 1947 vart hytta kjøpt av KNT.

torsdag 30. juli 2009

Rundefjellet og Rundøy fyr

Den første friluftsturen vår i ferien gjekk til fugle- og skatteøya Runde i Herøy kommune. I fuglekoloniane og den 300 m stupbratte Rundebranden er det observert 240 forskjellige artar og 170 000 hekkende par. Lundefuglen er den mest talrike. Rundefjellet er Norges sørlegaste og lettaste tilgjengelege fuglefjell.

Øya har også Norges 4. eldste fyr og losstasjon med gamle tradisjonar inntil 1998. Fyret fungerer i dag som DNT-hytte tilhøyrande Ålesund og Sunnmøre turistforening.

Det er mange merka turløyper på Rundefjellet, alt etter kva du vil sjå og kor langt du vil gå. Dei merka turane startar ved Goksøyr, rett etter Goksøyr camping. Dei fleste stiane leiar naturleg nok mot gode utsiktspunkt for å studere fuglelivet. Stiane er lettgåtte og passar for dei fleste. Det er ein litt hard start med ein litt bratt bakke, men når du har gått opp den, er det tyngste gjort. Og du vert belønna med flott utsikt for kvart steg du tar!

Vi ynskte sjølvsagt å ta turen til Rundøy fyr. Du må rekne 1 - 1 1/2 timars gange ein veg. Då været ikkje hadde vore av det beste, hadde vi ikkje tenkt å ta veslejenta med og i staden gå turen på omgang. Steffen gjekk først, men etter vel ein halvtimes gange, kunne han formidle at sola skein og det var heilt vindstille. Derfor laga eg meg klar, tok Sanna Oliva i bæreselen og byrja på turen eg også.

For å kome til fyret, må du gå over eit høgdedrag før du startar nedstigninga mot sjøen igjen. På veg ned frå høgdedraget og rett før siste nedstigninga mot fyret, kom Steffen meg i møte. Han hadde då vore nede til fyret -han overtok veslejenta og returnerte med henne til bilen, medan eg gjekk vidare til fyret.

Trass i det dårlege været som hadde vore, var det mange som hadde overnatta i fyrvoktarbustaden. Det var mange barnefamiliar, og dette er ein tur som absolutt eignar seg for barn.

På vegen tilbake tok eg turen oppom Rundebranden, noko som absolutt er å tilrå, og det gjer ikkje turen noko spesielt lenger då du berre går ein litt annan veg tilbake. Du får då også med deg det fanastiske fuglelivet som er på øya.

Om du likar kombinasjonen hav og fjell, er dette ein tur å ta med seg. Du kjem ikkje høgare enn ca. 300 meter, men med dei naturopplevingane du får på kjøpet, så er dette mykje flottare enn mang ein topptur! Og utsikta er minst like vidstrakt!

mandag 27. juli 2009

Blogging frå mobilen

I desse ferietider er det ikkje alltid at eg har tilgang til nett - eg/vi er stort sett ute og fartar. Så derfor vert bloggen i ein periode oppdatert frå mobilen. Det er litt avgrensa mogelegheitar for å lage dei spenstige innlegga då, men eg kan heller gå inn og redigere dei når eg er kome heim og m.a. leggje inn fleire bilete. Så då får eg sjå om det blir nokre fine turar i ferien :). Framleis god sommar til alle!

Då vart det Erdalsstølen likevel

I forrige innlegg måtte eg og veslejenta gje opp turen til Erdalsstølen pga regn og torden. Men turen vart dagen etter - med heile familien. Og det vart på alle måtar ein vellukka tur! Sanna Oliva storkosa seg i bæreselen, og smilte stort etter turen. No skreiv eg om sjølve om turen i eit blogginnlegg i mai i fjor, og det var ei gledeleg overrasking å sjå at dei no har laga bruer over dei to elvane som vi tidlegare av og til har måtte vasse over. I mai i fjor var det i alle fall ei ISKALD oppleving...

onsdag 15. juli 2009

Det var forsøket verdt...

Optimistisk med tanke på at bæreseleturane på Kletten har gått så fint, tenkte eg at vi skulle prøve oss på ein litt lengre tur i dag. Valget måtte falle på ein plass der det er lett å gå og sjølvsagt ikkje altfor langt. Derfor vart skogsvegen til Erdalsstølen målet for turen.


Då eg parkerte bilen, traff eg på ei hyggjeleg dame frå Stavanger som held til på Fossengarden i Erdalen om sommaren. Fossengarden er ein av dei turane vi tar nokon gongar for året, og er ein fin trimtur. Eg hadde faktisk vurdert å ta turen opp dit i staden for Erdalsstølen. Sist gong vi var der, var knappe to veker før Sanna Oliva vart fødd (sjå biletet).


Vi starta ferda mot Erdalsstølen, og veslejenta såg ut til å trivast godt i bæreselen. Etter 7-8 minuttars gange, byrja det å småregne. Det såg ikkje ut til å vere langvarig, så eg tok fram paraplyen og tenkte at det skulle bli ei ny oppleving å gå på fjelltur med paraply! Men etter nokre minuttar til, høyrde eg det tordna i det fjerne og regnet auka på. Så då vart det ikkje så vanskeleg å ta avgjerda om at det var best å snu. Og det var nok lurt, for både regn og torden nærma seg fort. Sanna Oliva lot seg ikkje merke av det, for ho var sovna i bæreselen.


Eg hadde akkurat fått seg meg inn i bilen, då himmelen sine sluser verkeleg opna seg. Eg har ikkje sett maken til regnvær på lange tider, og det var knapt så vindusviskarane klarte å ta unna. Så det vart ingen tur på Erdalsstølen for oss, men det var forsøket verdt i alle fall :)

tirsdag 14. juli 2009

14.07.09 Bæreseletur til Kletten på Haugum



I dag er nurket vårt 3 mnd gamal, og vi driv no og trenar ho til å vere i bæresele. Ein fin treningstur for dette har vore å gå opp på Kletten på Haugum, som er rett bortanfor der vi bur. Toppen er ikkje meir enn ca. 80 moh, men gjev likevel ei flott utsikt over Førde sentrum. Så derfor kallar eg det for Førde sitt miniputt-byfjell! Frå du startar turen, tar det ikkje meir enn 7-8 minutt å nå toppen i veldig roleg gange.

På toppen er det sett opp benkar, med nistepakke og god drikke er det lagt til rette for at du kan nyte utsikta lenge - og du ser mellom anna rett over til Førde sitt eigentlege byfjell, Hafstadfjellet.

Kletten har også ei viktig historie med seg. Der er mange bunkerar og krigsstillingar frå 2. verdskrig. Like aust for Kletten låg brakkeleiren på Hundvebakke. Frå Kletten har du utsyn til dei viktigaste tyske anlegga i Førde, og til staden der det Canadiske flyet med Phil Myrick og Claude Berges styrta i Førdefjorden under "Den svarte fredagen" 9.februar 1945.
Dette var det største luftslaget over norsk jord under 2.verdskrig. Kletten Grendalag har fått støtte til å reise ei krigsminnetavle ved oppgangen til Kletten og ynskjer å jobbe for å ta vare på hstoria og krigsminnene som ligg til området. Sjå også deira heimesider.



mandag 13. juli 2009

13.07.09 Trilletur til Flugedalen

Så vart det jammen ein kveldstur i dag også. Denne gangen parkerte vi ved Ryggjabrua - på veg inn i Angedalen (Førde kommune). Derifrå følgde vi ein god grusveg som går opp i Flugedalen. Vegen er vel eit par kilometer, og i raskt tempo med barnevogna går du opp på i underkant av ein halvtime. Ein god trimtur med jamn stigning heile vegen, så denne turen er god når ein skal øve seg på å gå i motbakkar ;)

Vel framme, måtte vi dokumentere hendinga:

For dei som kan gå til fots og utan vogn, er det eit fint alternativ å køyre opp i Flugedalen og ta turen opp på Eikåsnipa. Der får du flott utsikt over Førde og Jølster. Men hugs at du må betale bompengar for å køyre på vegen.



13.07.09 Trilletur til Hunsrasta

I dag vart det trilletur til Hunsrasta ved Bekkjavatnet i Førde. Dei fleste førdianarar veit kor denne turen går, men for ukjende så kan eg fortelje at turen startar på høgda mellom Bekkjavatnet og Langelandsvatnet - like ved grensa til Gaular kommune. Det er 2 km grusveg inn på sørsida av vatnet til Hunsrasta som renn ut heilt sør-aust i Bekkjavatnet. Denne vegen er godt tilrettelagt for turgåing med barnevogn. Det er også ein forholdsvis lett tur, og den tyngste bakken får ein på turen attende til parkeringsplassen.

Området ved Hunsrasta er tilrettelagt for aktivitetar som bading, telting, grilling m.m. Her er toalett, bord og benker, gapahuk m.m. Området er mykje brukt av barnehagar, skuleklassar og andre til friluftsliv og undervisning. Det er også fin sti rundt heile vatnet. Frå Hunsrasta kan ein også gå vidare opp til Hafstadfjellet. Det er med andre ord eit kjempefint turområde, men minuset er at turen kan bli litt i kortaste laget med barnevogn for dei som er van med å gå på tur. Det er då eit godt alternativ å ha med seg bæresele, og halde fram turen med denne.



Sjå også omtale av området på Reisemål Sunnfjord sine sider:
http://www.sunnfjord.no/go.cfm?id=109513

12.07.09 Trilletur Klopstad - Kleppstølen

Posted by PicasaPå ettermiddagen søndag 12.07 køyrde eg og familien min opp og parkerte ved bossplassen i Hesjedalen. Derifrå gjekk vi på den private bomvegen over til Åsedalen i Naustdal kommune. Etter vel 1 km, kom vi til den asfalterte vegen i Åsedalen. Der svinga vi til høgre og gjekk nokre hundre meter før vi kom til eit skilt som viste til Kleppstølen. Derifrå var det ny, men god, grusveg, så det var uproblematisk å trille med barnevogn. Men du passerer eit par ferister på vegen, og desse kan vere litt vanskeleg å kome over når du er åleine. Det går å trille vogna forsiktig over, men det beste er nok å løfte den over. Vegen har litt stigning, men den er ganske overkommeleg.
På veg innover har du mulighet til å ta av til Grimsetstølen på høgre sida, og litt seinare til Kvamestølen på venstre sida. Men då må du nok parkere barnevogna. Etter ein 45 minuttars gange frå bilen, var vi framme på Kleppstølen (sjå biletet).
Total gangavstand t/r: ca. 9 km
På Kleppstølen er det for øvrig fint å parkere bilen og gå til fots til Stehoggestølen og Smådalsnipa.

På'an igjen med friskt mot :)

Det vart visst brått stopp i blogginga mi i fjor sommar. Ein startar med friskt mot, men så strekk ikkje tida heilt til.... Men det var i alle fall ein kjekk ferietur, og den vart avslutta med turar til Kjerag og Månafossen, før det vart litt byliv i Stavanger.

MEN; no har eg no tenkt å prøve meg på nytt igjen. Sidan familien vår no har auka med ei skjønn lita tulle på 3 månader, seier det seg sjølv at mogelegheitane til dei store fjellturane er litt avgrensa for tida. Det betyr likevel ikkje at det ikkje blir turar, men det blir litt andre turar enn det ein har vore van med. Så nett no er hovudsysselsettinga å finne gode turmogelegheiter med barnevogn, og vi er dessutan litt i prøvefasen med bæresele.

Så framover vil bloggen handle mykje om turar med babyar, men det vil nok også bli ein del andre turar. Dessutan kan eg jo skrive om turar vi har tatt tidlegare, og ikkje minst gje tips til kva som er mine favoritt-turar. Så det er nok å skrive om - så berre følg med!