søndag 31. juli 2011

Storsæterfossen i Geiranger




9 vaksne og 6 "små" i alderen 0 - 14 år hadde ein flott fjelltur til Storsæterfossen i Geiranger. Som turen til Løsta, startar også denne frå Vesterås.


Turen går på merka og god sti, og du må rekne rundt 45 minutt på turen. Stien ber preg av å vere mykje brukt, og etter alt regnværet vi har hatt i sommar, så var det gjørmete og blautt.


Storsæterfossen vert rekna for eitt av dei flottaste fossefalla i landet, og det er noko spesielt at du faktisk kan gå inn under fossen! Her kan det vere vått og glatt på steinane, så born bør ikkje gå åleine.


Det er eit fint grasplatå rett over fossen, der det er fint å raste. Men ver merksam på at det er stupbratt ned på sidene mot vassdraget. Her har visstnok skjedd ulykker med tragisk utgang.


Det er mogeleg å ta turen vidare 1,5 km inn til Vesteråssætra, eller du kan ta turen opp på Laushornet (1413 moh). Her må du rekne 3 timar opp. Vi hadde noko tåke også denne dagen, så for utsikta sin del, var det ikkje noko vits å gå vidare.


Men ein fin tur til fossen var det så absolutt. Og vel tilbake til bilen, kjøpte vi is på restauranten som ligg på Vesterås. Ei fin belønning og motivasjonsfaktor til små føter som har vore flinke å gå på tur!

onsdag 27. juli 2011

Løsta - Geiranger







Vi har feriert nokre dagar i Geiranger og fått gått nokre flotte turar der. Første turen gjekk til utsiktspunktet Løsta - ein tur på 4 km t/r. Turen startar frå Vesterås, og følgjer den forholdsvis flate traktorvegen utover frå husa. Turen går gjennom eit levande kulturlandskap, og du får helse på både geiter og lama. Etter 5-600 meter deler stien seg, og du kan gå ein lettare tur til Vesteråsfjellet. Turen til Løsta held derimot fram i småkupert stigning. Etter 45-60 minutt er du vel framme, og har eit panoramautsyn over Geiranger og fjorden. Litt tåke øydela for noko av utsikta denne dagen.


Turen står omtalt i boka Opptur Geirangerfjorden, og aktuelt turkart er turkart for Stranda kommune 1:50 000.


Kontrastane blir store, når vi vel heime frå flott tur fekk høyre dei første nyhenda om terrorangrepa i Oslo:(

onsdag 20. juli 2011

Raksætra i Loen

        Raksætra - endå eit bevis på at ein ikkje treng gå langt for å få flott utsikt!

Turen startar på fjellgarden Oppheim mellom Loen og Stryn. Stien er godt merka, og etter 30-45 minutts gange er du oppe ved den velhaldne Raksætra. Her er det panoramautsikt til Olden og Oldenvatnet, Loen og Lovatnet og sjølvsagt Skåla.

Om du tar Skylift'en til Hoven og går grusvegen ned att, er Raksætra ein kort avstikkar frå vegen. 



Du kan skimte Raksætra midt oppe i skogen. 

På grunn av hyppige regnbyger, stoppa vi ved Raksætra. Men du kan gå vidare til Oppheimsætra (10 min) og til Årheimsfjellet og Skredfjellet. Truleg flotte turar, men dei får vi ta att ved seinare høve!

Det høyrer med til turen at vi klarte å misse 3 stk sokker på veg opp på minstemann i bæremeisa, men alle dukka opp att på returen :) 


mandag 4. juli 2011

Nipenatt

Utsikt frå Strandanipa
Fredag kveld deltok vi på Nipenatt med Flora turlag. Og etter fleire dagar med regn, var vi også så heldige at været vart betre og betre utover natta, og vi fekk delvis sol(nedgang).

Kort fortalt er ruta som følgjer (med start i Eikefjorden):
Hovlandsstølen - Nipevatnet - så vestover til Flatenipa (860 moh - turens høgaste punkt) - Litlenipa - Strandanipa - Hatlesetnipa og ned att til Grov.
(Kartblad Eikefjord 1118 II - Turkart: Ålfotbreen).



Ved å klikke på Hovlandsstølen, Nipevatnet og Strandanipa ovanfor, finn du turskildringar som er lagt ut på http://www.eikefjord.net/. Stiane er svært godt merka. Turen til Hatlesetnipa finn du m.a. omtalt i Boka "Opptur Sogn og Fjordane" av Anne Rudsengen (s. 474-475). Ei knapp mil vest for Eikefjorden, tar du til høgre i krysset til Grov. Der kjem du inn på rv. 614, og ca. 1/2 km frå krysset, går det ein skogsveg på høgre side. Her startar turen og det er godt merka sti også her. Flotte bilete frå Hatlesetnipa no i juni, finn du på bloggen til Skorpionens hjørne. Det var for øvrig første gongen eg gjekk stien frå Hatlesetnipa og ned på Grov. Vi har alltid gått frå Hatleset (stien er merka med vegskilt "turløype" ca. 7-8 km vest for Eikefjorden, og har god parkeringsplass), og eg vil nok heller tilrå den turen framfor stien frå Grov.

Eg har vore fleire gonger på Hatlesetnipa og ein gong på Hovlandsstølen, men har ikkje gått i terrenget mellom desse plassane, så dette vart ein heilt ny tur for meg. Ved rasteplassen langs rv. 5 i Eikefjorden starta eg og Steffen på turen kl 19 - i lag med 12 andre. Bortsett frå å ha gått tur i midnattssola i Nord-Norge, har eg ikkje mykje røynsle i nattevandring på fjellet. Men det er absolutt å anbefale! Det var utruleg fint å gå, lettgått terreng og noko magisk og fredfullt å vandre etterkvart som natta seig på. Og roen senka seg over turfølget: Etter at prata gjekk nokså aktivt på veg mot Hovlandsstølen og Nipevatnet, var det betydeleg stillare i flokken då vi rusla frå Strandanipa og vidare til Hatlesetnipa. Om det var natteroen som seinka seg eller om vi var byrja å bli slitne, kan jo kanskje diskuterast ;)

Utsikta mot øyriket utanfor Florø, var upåklageleg. Dessverre låg tåka over Ålfotbreen, så vi fekk ikkje sett så mykje til Keipen, Plogen og Saga. Tåka letta litt ut på natta, og vi fekk med oss ein flott solnedgang over Haukåbøra.
Klokka var passert 01.30 då vi ankom rv. 614 ved Grov - slitne, men godt nøgde med ein flott fjelltur - ca. 4 1/2 times aktiv gange og om lag eit par timars mat- og pustestopp samla sett.

Nokre bilete frå turen:

Bloggtilråding: Frøkner på langs

Frøkner på langs - et Norgeseventyr er ein blogg om 3 jenter som starta å gå Norge på langs - frå Nordkapp til Lindesnes - den 11. juni 2011. I denne bloggen kan du følgje deira tur sørover.

Om motivasjonen bak turen seier dei at det i løpet av dei siste åra har blitt stadig fleire som utfører Norge på langs - ekspedisjonar, men få blir utført av reine jentefølgjer. Dette er framleis ein mannfolkting. Derfor vil dei gjerne bevise at også jenter kan gjere dette. Det viktigaste er ikkje fysiske føresetnader, alder eller kjønn, men heller interesse, vilje og pågangsmot. Og håpar at dei med dette kan inspirere andre jenter til å gjere det same!

I tillegg set dei fokus på Brystkreftsaka og bærer kvar si rosa sløyfe på turen.