Flott utsikt frå toppen av Engebøfjellet |
I går var været noko skiftande, frå full sol til snøbyger, så derfor vart det eit kjent og lokalt turmål på oss - nemleg Lægestølen. Denne gongen gjekk vi t/r Grovene. Litt lettare å gå skogsvegen der med nysnø og barn i bæremeis.
I dag vakna vi derimot til sol frå skyfri himmel - påskevær som bestilt! Etter litt drøftingar fram og tilbake, fann vi ut at vi skulle teste ut Engebøfjellet i Vevring (Nausdal kommune). Sidan det er kome ein del snø dei siste dagane, er det litt avgrensa både kor vi kan gå til fots og kor høgt opp vi kan gå. Vi har ikkje vore på Engebøfjellet tidlegare, men visste at det er ein relativt god privat grusveg opp dit. Vi håpa også at det var noko mindre snø i ytre, men der tok vi faktisk feil.... det var heller omvendt. Men heldigvis ikkje så mykje at det øydela for turen vår.
Vi starta turen på Engebø. Det er ikkje noko skilt ved vegen, men det var relativt lett å finne vegen når vi hadde turkart over Vevring og dessutan GPS i bilen som viste at der gjekk ein veg oppover lia.

På veg oppover - Sanna Oliva var ikkje særleg lysten på å gå i dag... |
Vel framme på "toppen", fann vi ein postkasse med bok i. Alltid stas å opne postkassen og skrive i boka! Sanna Oliva teikna sirleg bokstaven sin - opptil fleire gonger! Dei andre signaturane vitna om at det nok stort sett er lokale folk som tar turen hit (slik det ofte er...).
Vi er spente på om vi finn noko i postkassa! (Håsteinen i bakgrunnen) |
Medan vi heldt på å skrive i boka, høyrde vi noko som dura i det fjerne. Kva kunne det vere skal tru? Traktor, gravemaskin eller noko anna? Vi måtte nesten ta ein tur for å undersøkje...
Framme på kanten oppdaga vi to karar i sving med ei boremaskin. Kanskje ikkje uventa då Engebøfjellet for tida er landskjent fordi Nordic Mining har søkt om gruvedrift for uttak av rutil og med tilhøyrande fjorddeponi i Førdefjorden. Meir om dette kan du lese på http://www.engeboprosjektet.no/ . Søknaden deira er per i dag ikkje innvilga då miljøkonsekvensane enno ikkje er godt nok utgreidd - ein konklusjon mange i lokalområdet er glade for. Prøveboringa dei heldt på med i dag, var likevel i lovlege former (om nokon skulle lure...:) ). Sjølv om den fredelege idyllen vår vart brutt av lyden av boremaskina, hindra det oss ikkje i å nyte utsikta - vestover mot havet og sørsida av Førdefjorden mot bl.a. Heilevangsstaurane og Eitrenipa.
Russeneset ved fjorden og delar av Heilevangsstaurane bak |
Det blir spennande å følgje med kva som skjer med Engebøprosjektet, men enn så lenge ligg naturen der (nesten) urørt - så løp og besøk før det er for seint!
Sidan det er påske, så er det ekstra spennande å sjå om påskeharen også har vore på fjelltur der vi går.... og jammen klarte Sanna Oliva å finne eit påskeegg under ei busk, rett ved der vi sat og åt nista vår!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!