fredag 31. august 2012

Bjørsetfjellet og draumen om Jølstrafjella


Bjørsetstølen (760 moh)
I sommar/haust har vi hatt som målsetjing å prioritere ein del turar i fjella i Jølster. Vi har gått relativt mykje i fjella i Førde, Naustdal og Gaular, så der er vi godt kjende, men Jølster er enda eit (nesten) litt ukjend fjellområde for oss. Kanskje naturleg sidan vi har meir familiær tilknyting til desse tre første kommunane. Jølster er derimot eit fjelleldorado med fantastisk mange flotte fjell, så derfor burde vi absolutt gå meir i desse fjella.

Eg har liksom tenkt at eg nesten ikkje har gått på fjell i Jølster, men når eg byrjar å rekne på det så blir det faktisk nokre turar likevel: Eikåsnipa, Tindefjellet, Skryklingen over til Haukedalen, frå Longevasshytta og over Trollebottseggja til Gotdalsstøylen på Ålhus, Helgheimsstøylen og Skjorta, Lundeskaret og over til Sygnesand og til sist, Bolsetnipa. Så joda, litt turar i Jølster har det faktisk blitt opp gjennom åra. Men vi har så utruleg mange fjell på lista over turar vi gjerne skulle gått..... (joda, litt fjellgalne kan vi vel kanskje kallast....!) 

Men det er mykje som skal klaffe for å få til desse turane: vi må ha barnepass, været må vere bra og det må ikkje vere låge tåkeskyer. Og alle desse tre tinga kan vere utfordrande å få til. Spesielt dei to siste: Slik det stort sett har vore i sommar, så har det vore einskilddagar der det er opplett og gjerne litt sol, men dei låge tåkeskyene forsvinn dessverre ikkje like fort!

I dag fekk vi likevel sjansen: Rett nok var det masse låge tåkeskyer, men litt utover dagen såg vi at dei var i ferd med å lette, så vi tok sjansen på at vi i alle fall kunne få oss ein kortare tur før ungane skulle hentast i barnehagen. Eg snakka om at vi kunne gå på Orkja, Steffen svara "ja", men då han køyrde oppover Jølstravatna, så vart det tydeleg at han hadde tenkt på Bjørsetstølen i staden. Begge stader låg fri for tåke nett då, så det var eigentleg det same kva vi tok. Så då vart det Bjørsetstølen og Bjørsetfjellet (1003 moh).

Her er fjellet eg trudde vi skulle på!
For å kome til Bjørsetstølen, køyrer du E39 til Ålhus (mellom Vassenden og Skei), og køyrer til toppen av hyttefeltet i Hegrenesåsen. Frå enden av vegen der, går det tydeleg merka sti oppover.
I starten av stien finn du informasjonstavle med oversiktsbilete av turen og kort turomtale. Det er utarbeida eit hefte som heiter "17 turområde i Jølster" kor du finn omtale av denne turen og andre turar. Heftet får du kjøpt hjå Jølster kommune, på turistkontoret og ulike butikkar i kommunen.

I heftet står det at du må rekne 3-4 timar t/r Bjørsetstølen. Vår konklusjon er at då har du veldig god tid! Litt turvante folk klarar dette fint på om lag 1,5 - 2 timar, men for personar som ikkje går så ofte i fjellet, kan nok 3 timar vere eit greitt utgangspunkt. Stien er god og tydeleg, og veldig grei å gå. Litt bratt stigning i starten, så eit flatare parti før du igjen stig litt bratt til du kjem over skoggrensa. Derifrå er det veldig lettgått og fint terreng vidare til stølen. Det er fleire flotte utsiktspunkt undervegs.



Restar av gamle murar
Jølster kommune har laga eit nytt turkart for kommunen. På dette kartet ser du at det også går sti frå Bjørsetstølen og vidare opp på Bjørsetfjellet. Sidan vi såg vi hadde tid til det, gjekk vi vidare oppover, og plutseleg var vi komne på topp-punktet på 1003 moh! Det er mogeleg å gå enda lenger innover fjellet, men på grunn av tåke, fann vi ut at det var greitt å snu (Dessutan hadde vi ikkje tid til så mykje meir!)

Tåka kom sigande, så då var det greitt å snu


På veg ned att forsvann tåka frå dei høgaste fjelltoppane, og vi fekk eit flott skue over vakre Jølster. Vel nede ved stølen igjen, tok vi ein matpause før vi sette kursen mot bilen.



Totalt på turen brukte vi om lag 3 timar inkludert pausane. Vi var godt nøgde med turen, og endeleg er vi i gong med nokre av Jølstrafjella, så får vi sjå kor mange fleire det blir i løpet av hausten!

torsdag 30. august 2012

Kom deg ut, kom deg opp!




Barnas Turlag Førde deltek på Førde Opp laurdag 1.9.12


Ver med å lage Førdes beste heiagjeng! Natursti langs Bystien. Matlaging på bål, og andre aktivitetar på BT sin base like under noverande toppunkt på Bystien. Premiar til alle.

Deltakaravgift for alle som vil ha startnummer og medaljar frå Førde Opp: barn 100 kr.

Påmelding innan torsdag 30.8 til

Linda Marie Fonn 97 19 61 12 eller

Marit Smørdal: 95 97 49 49.



Oppmøte i Sentrum Sør kl 10.

Sjå etter Barnas Turlag sin vimpel og turleiarar med turlagsvestar.

Avgang med Barnas Turlag ca kl 10.30.

Vil du lese meir om Bystien, kan du lese mitt innlegg her eller gå inn på Førde Opp sine heimesider.

"Kom deg ut, kom deg opp" ei eit lokalt arrangement i samband med den nasjonale "Kom deg ut"-dagen som Den Norske Turistforening arrangerer. Arrangementa er eigentleg søndag 02. september, men sidan det er Førde Opp på laurdagen, fann Barnas Turlag Førde det naturleg å leggje arrangementet i tilknytning til dette.

tirsdag 28. august 2012

Meneseggja og Harevollnipa (1406 moh)


På veg heim frå ferie i år, tok vi ferja frå Vangsnes til Dragsvik, og køyrde Gaularfjellet attende til Førde. I Vetlefjorden såg vi den langstrakte fjellryggen frå Menes og innover dalen mot Melsnipa, stråle mot oss. I "Opptur Sogn og Fjordane" er den omtalt som den mest eksotiske fjellryggen i midtre Sogn! Vi har lenge hatt lyst til å gå der, og på utsiktspunktet på Gaularfjellet måtte vi - som så mange gongar før - stoppe og ta fjella nærare i augesyn!

Turen frå Menes til Melsnipa og ned att i Grøndalen, er ein lang og krevjande fjelltur på minst 12 timar med ein del luftige parti (tur 08-01 i Oppturboka). Den krev derfor svært godt vær, og kan truleg vere grei å gå med kjentfolk første gongen. Indre Sunnfjord Turlag har hatt fleire turar der. Men for å få ein liten smakebit på fjellpartiet, hadde vi sett på kartet at det er mogeleg å gå ein sti frå Ulvestad, og opp på Harevollnipa og ned att Meneseggja til Menes (eller motsett veg om ein vil).

Eit par dagar etter heimkomst frå ferien, baud det seg ein sjanse for meg og Steffen å få ein fjelltur utan born. Då vart Meneseggja fort eit aktuelt turmål, men ville vi ha været på vår side? Vi sjekka spent yr.no fleire gonger for dagen dei siste dagane før: Det var faktisk lovt full sol delar av denne dagen, men det såg litt skoddetungt ut i Førde kvelden før. Steffen tok derfor ein telefon til Oddvar Menes - bonde på Menes, fjellmann og turleiar på fleire turar - for å høyre korleis været var der. Det var ikkje skodde eller lågt skydekke på toppane der inne, så vi bestemte oss for å ta sjansen. For øvrig så tilrådde Oddvar at vi gjekk turen t/r frå Menes. Stien frå Ulvestad er visst noko gjengrodd og kan vere vanskeleg å finne. Og røynde fjellfolk skal ein alltid lytte til, så vi bestemte oss for å gjere det.

Dessverre var det ein del låge tåkeskyer då vi køyrde frå Førde, over Rørvikfjellet og i retning Gaularfjellet. Men vi såg samtidig at dei kom og gjekk, og dessutan hadde jo Yr lovt full sol ut over dagen....

For å starte turen køyrer du over Gaularfjellet, i retning Dragsvik og Balestrand. Nede i Vetlefjorden, tar du til Menes og køyrer på venstre sida utover fjorden (i staden for på høgre sida til Balestrand). Køyr til dei ytterste gardane. Der står det skilt til Menesstølen og Harevollnipa.

På Menes traff vi Oddvar, og slo av ein prat med han før vi starta turen. Han meinte vi burde rekne 1,5 time til Menesstølen, og mellom 3-4 timar totalt til Harevollnipa. Sidan turen startar på ca. 40 moh, så er det mange høgdemeter som skal gåast. Den brattaste delen av turen var frå Menes og opp på Menesstølen på om lag 800 moh. Her steig det jamt og trutt bratt oppover, men det er er god og tydeleg sti (i tillegg til god merking), og du treng verken klyve eller gå over nokre luftige parti. Så her er det først og fremst beinmuskulaturen og kondisjonen som får prøvd seg.

Rett før Menesstølen, møter du på dei svære kraftlinjene som går over fjorden. Ikkje noko spesielt vakkert syn, men du blir likevel slått av den flotte utsikta ut over fjorden:

Etter kraftlinjene er det eit kort stykke med flatare terreng fram til Menesstølen:

På eine hjørnet av selet, heng det eit spann med ei turbok i, så her må du gjerne skrive deg inn :). Vi brukte 1time og 15 minutt opp til stølen, og tok oss ei matøkt før vi gjekk vidare. Vi fekk også litt selskap:


Det står skilt som viser kva retning du skal gå for å kome vidare til Harevollnipa, og finn du stien, så er den god og tydeleg også vidare. Når du er komen opp i om lag 900 meters høgde, er du komen opp på sjølve Meneseggja. Du har då foran deg eit langt parti med lett stigning, og du merkar nesten ikkje høgdemetarane du stig oppver. Sjølve eggja er dessutan ganske brei, så det er heller ikkje noko problem å gå her sjølv om du skulle vere redd for høgder. Fantasktisk utsikt i fleire retningar: ned mot Vetlefjorden og over til fjella kring Esefjorden og Balestrand, innover fjorden mot Fjærland og sjølvsagt utover fjorden i retning Vangsnes og Vik.



Keipen i Esefjorden - også ein majestetisk fjelltopp vi gjerne skulle vore på!


Meneseggja er brei og lett å gå
Stien er stort sett veldig tydeleg, men kan vere lett å misse i steinurane når du nærar deg toppen. Men då ser du uansett kor du skal. Det er eit stykke med brattare stigning den siste delen før du er på toppen på 1406 moh: 


Vi nærmar oss toppen av Harevollnipa
Som førespegla tidlegare i innlegget, så var det store spenningsmomentet kva vær vi ville få på turen. Sola som vi var lovt, såg vi berre så vidt. Det låge skydekket kom og gjekk, noko som medførte at vi i alle fall fekk sett det meste samla sett. Og så var vi kjempeheldige: Været viste seg frå si beste side akkurat då vi nærma oss toppen (sjå bilete over), og vel oppe, hadde vi ca. 3 minutt med full utsikt i alle retningar. Men så kom skodda, og i løpet av få sekund, så såg vi nesten ingenting..... Då var det greitt å vite at vi hadde GPS med sporlogg, slik at vi uansett ville kunne finne vegen ned att! Men heldigvis så forsvann i alle fall delar av skodda igjen, så vi klarte fint å finne vegen attende. Vi fekk også litt regn på returen, men det varte heldigvis ikkje lenge.

Det var ingenting å seie på utsikta så lenge det varte - Steffen rakk å knipse litt før tåkeskyene kom:





Ei nøgd jente på toppen!


Fantastisk kjekt å kunne krysse denne turen av på "to do" - lista! Og har du ikkje gått der, ja, så bør absolutt vurdere det! Det er lett å finne fram på eiga hand, men det kan vere greitt å ha nokre fjellturar i beina før du startar på denne turen.

Vel nede ved bilen, traff vi Oddvar igjen. Vi snakka vel og lenge - og sjølvsagt var det fjell og fjellturar som var samtaletemaet:)





 

fredag 24. august 2012

"Og stien blei fin og brei, men bratt! Suddelida, Suddelidei"

"Nei, det er ingen pinglesti,
for i låra skal det svi,
når du skal gå på tid!
Suddelida Suddelidei"

Som så mange andre har eg vore og testa den nye Bystien i Førde: den som går frå sentrum og opp til Hafstadfjellet, og som alle snakkar om er så bratt..... Eg har vore der to gonger, ein gong tidleg i sommar før dei var byrja arbeidet med trappene, og ein gong no for eit par dagar sidan.

Første gongen eg gjekk der, var eg spent på om stien verkeleg var så bratt som alle snakka om. Det kunne då ikkje vere så ille, vel? Med friskt mot og rask fart starta eg derfor på turen, men kunne raskt konstantere at det steig ganske bratt oppover, ja..... men vi sunnfjordingar har jo gått i motbakkar før, så dette må vi kunne klare! Dersom ein skal opp i over 700 meters høgde, så må det nødvendigvis gå oppover.

Og når det gjeld turistane som skal gå Bystien: Eg foretrekkjer heller å møte turistar som kjem med tunga ned på knea fordi det er slitsomt, enn at dei skal spankulere oppover med småsko og penveska under armen (slik eg m.a. opplevde på Preikestolen)! Er ein på fjelltur, så er ein på fjelltur og ikkje på shoppingtur...

Men Bystien utmerkar seg likevel noko: På ein "vanleg" skogsveg/sti vil ein som oftast ha nokre svært bratte bakkar, men med flatare parti innimellom der ein får ned pulsen igjen. På Bystien er det bratt heile tida! Du har ingen kvilepausar med flatare parti før du har gått i rask gange i minst 20 minutt - og då kjenner du det allereie ganske godt i leggane! Men, det er ingen som har sagt at det skal vere lett å kome seg til fjells (sjølv om det er mange som prøver å tilretteleggje for det...) - så ta dette heller som ei positiv utfordring!!! Opp kjem du - det er berre å ta tida til hjelp!


Du får faktisk litt sug i magen når du står på toppen av trappene og ser nedover..

Uansett, eg har hatt ein song nynnande i hovudet mitt heilt sidan eg gjekk Bystien første gongen. Då eg gjekk oppover stien og tenkte på det arbeidet som er lagt ned av dei som har jobba på den - på vinterstid, i kulde og i denne bratta.... så datt plutseleg nokre linjer av songen "Ola Tveiten" ned i hovudet mitt: ...Og vegen blei fin og brei og slett, suddelida suddelidei. Den finaste vi har sett. Suddelida Suddelidei.... Etter litt omskriving, har desse linjene og meir til av songen, blitt til ein liten hyllest til dei som har arbeidd på Bystien for at vi skal få lov til å gå her:

Stibyggjarane si vise til Bystien

Vi jobbar hos Magne Hafstad, og er eit trufast arbeidslag
Vi grev med våre maskiner, og slite kvar ein dag
For stien låg  i sitt vinterhi, men det gjor' ikkje vi
For i heile vinter har vi vore med og rydda sti
Og stien blei fin og brei, men bratt
Suddelida Suddelidei
Den brattaste vi har hatt
Suddelida Suddeldei
Nei, det er ingen pinglesti
For i låra skal det svi
Når du skal gå på tid"
Suddelida Suddelidei
Tralla lalalala - Skål for vår flotte sti!

Og vi har vel bygd på trapper og vi har vel jamna grus
Og vi har vel lengta ned att til kjerring og til hus
For vi har slite i bakkar i vekevis i strekk
Og vi har banna på vegen og ynskja oss ti mil vekk
For stien vart lang og den vart bratt
Suddelida Suddelidei
Arbeidet var tungt og hardt
Suddelida Suddelidei
Spør du oss skal du få svar
Ja, det var arbeid for ein kar
Men stien den blei bra!
Suddelida Suddelidei
Tralla lalalala - Skål for vår flotte sti!

Og snart skal stien opnast med mange fagre ord
Då får vi sjå han Olve som skal klippe av ei snor
Og alle står og smiler, vi har sett det så ofte før
Og held sin takketale til den stolte kontraktør
Så ropar dei alle høgt hurra
Suddelda Suddelidei
Får bilete sitt i blad
Suddelida Suddelidei
Men du finn nok ikkje oss
Blant alle dei fine folk i floss
Som no skal gå til topps!
Suddelida Suddelidei
Tralla lalalala - Skål for vår flotte sti!

Og når du går på stien ein skinnande sommardag
Så send ein venleg tanke til eit trufast arbeidslag
Som har jobba seg oppetter stien fleirfoldige tunge skritt
For at du skal gå på toppen og skode kring deg vidt
Vi rydda stien bit for bit
Suddelida Suddelidei
Kvar meter har kosta slit
Suddelida Suddelidei
Men stien skal du ha
Om du ikkje tykkjer den er bra
Lukt til helvete kan du dra!
Suddelida Suddelidei
Tralla lalalala - Skål for vår flotte sti!

Utsikt frå så langt som dei er komne på Bystien (20.08.12)

Sti under arbeid!

Utsikt frå toppen av trappene
Bratt eller ikkje, Bystien er ein flott sti som vi som bur i Førde skal vere stolte av! Og den er allereie tatt ivrig i bruk - om det er trening til Førde Opp 1. september-12 som pågar eller ikkje - nærast folkevandring var det i alle fall siste gongen eg gjekk stien :) 

fredag 17. august 2012

DNT-hytta i Iungsdalen

Med det fine været vi har hatt den siste tida, går det dårleg med ferieoppdatering av turane våre! Og enda fleire turar kjem på  "På vent"-lista. Gode turmål forsvinnn ikkje så lett, så de får berre ha tolmod med meg!

Vi synast det er veldig kjekt å besøke DNT-hytter, anten du kan køyre heilt fram med bil, du må gå nokre få minutt eller om det er ein lengre og strabasiøs tur for å nå målet. Med små barn på tur, er det først og fremst dei lett tilgjengelege hyttene vi besøkjer. Gjennom Barnas Turlag får du premie for kvar 5. DNT-hytte du besøkjer. Sanna Oliva har alleire fått premie to gonger: både t-skjorte og blå DNT-nøkkel har kome i posten. No har vi nok hytter til både ein og to premiar til, så når ho mor, dvs. meg, får summa seg, så får vi sende inn liste for både Sanna Oliva og Bendik Matias. Ei litt større t-skjorte med turboreven står blant anna på ynskjelista :)

Vi besøkte nokre DNT-hytter i løpet av sommarferien i år også, deriblant hytta i Iungsdalen, derav namnet Iungsdalshytta. Hytta ligg i Hol kommune, nord for Hallingskarvet, og her er du midt mellom Jotunheim og Hardangervidda. Hytta er betjent og har 52 sengeplassar. I periodar der hovudhytta er stengt, er det også ei sjølvbetjeningshytte rett ved, med 12 sengeplassar.

Det er sjølvsagt fleire ruter for å kome seg til Iungsdalshytta, men den lettaste er å starte i Tovika. Slik kjem du deg dit (henta frå ut.no):
Med bil køyrer du riksveg 7 gjennom Hallingdal, ta av frå riksvegen mellom Torpo og Ål (skilting til Vats), og køyr over Leveld og Vats. Bomveg ved Bergsjøen (her kan du betale med kort). Vidare forbi Djup til Toviki der du kan parkere. Herifrå er det 4 km til hytta på god sti med liten stigning. Tidsbruk: ca. 1 time.
Det er også mogeleg å få båttransport over vatnet og inn til hytta.


På veg inn til Toviki
Berre køyreturen inn til Toviki er ei oppleving i sjølv, der du blant anna køyrer rett under Reineskarvet. Stien inn til hytta er god og lett å gå, men ein del stein gjer det litt vanskeleg for små føtter. Derfor blei det litt å gå sjølv, og litt i bæremeis for vår 3-åring. Men turvante barn som er eit par år eldre, vil ikkje ha problem med å gå.
Iungsdalshytta er absolutt ei hytte der du føler deg vel: stort, flott uteområde, og god atmosfære både ute og inne i hytta. No var det relativt fint vær den dagen vi var der, så vi holdt oss mest utandørs :).

Mykje folk hadde tatt vegen til hytta, og det er nok eit veldig populært turmål - både som dagstur i seg sjølv og som ein del av hytte-til-hytte-turar. Eg har sjølv sett meg ut ein 3 dagars tur eg kan tenkje meg å gå ein gong:
Start ved Bjøberg i Hemsedalen og gå til Bjordalsbu (4 timar). Frå Bjordalsbu til Iungsdalshytta (6 timar), og derifrå tilbake til Bjøberg (8 timar).



Ting vi mista, men fann att på vegen:
Eg trur vi kan starte ein bloggserie på ting vi mistar på fjellturane våre, men som vi er så heldige å finne att. Eg har tidlegare skrive om at eg har mista mobiltelefonen min, og eg kan ellers nemne bl.a. sko, sokkar, smokkar og brillar. Denne gongen var det hua til Bendik Matias som vart vekke på vegen. Eg oppdaga det rett før hytta, og sidan det var ein del vind denne dagen, så kunne den vore god å ha. Men vi konkluderte med at vi berre måtte gå fram til hytta, og satse på at vi fann den på returen eller at nokon ville finne den og ta den med til hytta. Vi hadde blant anna gått forbi ein annan barnefamilie på vegen, og som vi hadde snakka litt med. Kanskje ville dei finne hua og skjønne at den var vår.....? I alle fall, når denne familien kom fram til hytta, spurte vi om dei hadde sett noko. Og det hadde dei: nokon hadde hengt opp ei barnehue på ein stolpe ved brua som var eit par hundre meter før hytta. Og der hang den framleis når vi kom på returen :). Sidan dette var den einaste hua vi også hadde med til han på ferietur, så var det veldig greitt å finne den att! 







Alle desse toppane.....

.........på biletet over har eg gått på i løpet av våren/sommaren i år :) Heldige meg! Utruleg kjekt å sjå dei slik på rekke og rad. Med unntak av Alden, så har det for min del vore "førstegongsbestigningar" på desse toppane. Eg trur ikkje eg klarar å plukke ut nokon favoritt: alle er flotte turar, og kombinasjonen mellom fjord og fjell blir aldri feil.....!

Om du vil lese blogginnlegga mine frå turane, så finn du dei ved å klikke på namna:
Alden, Hovden, Høgkletten, Skredvarden og Atløynipa og Heileberget.

Denne utsikta mot toppane, får du når du besøker skulpturane på Hillersøyna i Bulandet:

Berte og Hansine


torsdag 9. august 2012

Vi kom heilt på toppen - på heile 163 moh!

Høyt, høyt, høyt opp på fjelltoppen
titter vesle Bendik ned
"Hallo, der nede - her er vi!"
Heilt opp på toppen
- DET KOM VI! -

Med barn på tur er det mange ulike tiltak og aktivitetar som må gjennomførast for å motivere dei små til vidare tur. Ein aktivitet som stort sett gjentar seg på kvar fjelltur, er litt synging undervegs. Både "Jeg gikk en tur på stien" og "Bæ, bæ lille lam" har blitt sunge gjentatte gonger på turane. Ein av songfavorittane til våre to små for tida er "Eplesangen":

"Høyt, høyt, høyt i et epletre,
titter to små epler ned.
Jeg rister i treet så godt jeg kan,
og ned faller eplene,
tam, tam, tam!"

På veg til den høgaste fjelltoppen på Værlandet, Høgkletten, på heile 163 moh, vart det dikta ein ny versjon av eplesangen, og som altså lyder slik som eg har skrive den i toppen av dette innlegget. Den vakte stor begeistring, og det vart berre litt krangling om kven sitt namn som skulle syngast :)


Kor mange gongar den nydikta songen vart repetert på turen til Høgkletten, er uvisst, men vi kom oss i alle fall til topps og Sanna Oliva gjekk heile turen på eigne bein. I tillegg til å synge, talte vi trebruer og steinvardar undervegs, og det var ekstra spanande med rekkverket som var sett opp i dei bratte partia. Og med litt fantasi så kunne vi seie at skilta som var merka med Nordsjøløype, var Sanna sin S, og vi leita etter S'ar på vegen :


(Foto: Billy Henriksen)

Om du tar turen ut i havgapet til Værlandet og Bulandet, er Klettane på Værlandet godt synlege på lang avstand - trass i deira relativt beskjedne høgde. Turen opp på Høgkletten er ein del av den merka Nordsjøløypa på Værlandet. Denne er (som mange av turane våre) omtala i "Opptur Sogn og Fjordane" under Askvoll kommune, turnr. 17-11.


Startpunktet for turen - Høgekletten i bakgrunnen


Klikk på biletet for å få det større

















Vi starta vår tur ved Myrvåg, rett før den første brua på nyevegen over til Bulandet. Turen er godt merka med Nordsjøløypeskilt og dessutan varda. Vår 3-åring gjekk heile vegen sjølv, men i dei brattaste partia opp mot toppen, der det er sett opp kjetting, kan det vere greitt å passe på litt ekstra. Oppe på toppen er det også høgt ned om du skulle falle utfor, så små born må passast godt på!



Forventa tidsbruk: 1 1/2 - 2 timar t/r

Sjølv om Høgkletten ikkje ruvar meir enn vel 163 meter over havet, så er utsikta formidabel: Alden, Atløy, ytre Dalsfjorden, Lihesten, Solund i sør og øyane i Flora lenger nord. På klåre godværsdagar er det ingen problem å få auge på oljeplattformene lenger vest i havgapet.  Du opppdagar også kor mange små øyar øyriket i Bulandet og Værlandet består av. I guiden over Bulandet og Værlandet frå Fjordkysten står det:

"Langt ute mot vest der havet storfelt bryt - der mange holmar, øyer opp seg skyt. Og om du tel dei, vil du få til svar - at talet er som året dagar har..."

Vi fann ei bok å skrive i :)


Værlandet og Alden

 "Høyt, høyt, høyt opp på fjelltoppen"......... Songen er framleis populær i heimen, og vesle Bendik Matias på 21 mnd trampar med beina og klappar i hendene med ein gong vi startar å synge. Og når songen er slutt kjem det: "Meir, meir, meir!" :)