fredag 9. november 2012

Sørmarka folkesti i Stavanger



Det har vore litt laber turaktivitet den seinare tida, og ymse grunnar til det. Bloggaktiviteten har også vore litt laber, og har nokre innlegg på vent! Uansett, forrige helg var eg på jentetur til Stavanger. Mi første helg åleine sidan dei to små kom til verda, og det gjorde godt! Når eg i tillegg høyrde at alt gjekk fantastisk fint i heimen - min mann gjorden ein utmerka jobb - så kunne eg nyte det med betre samvit! Vi var fire jenter samla, og når jenter er på tur, så blir det mykje shopping. Ikkje akkurat noko turaktivitet det, men ein skal ikkje undervurdere tal skritt ein tar i løpet av to laaaaange shoppingdagar..... Hadde vore artig å hatt med seg skritt-teljar!

Men når søndagen kom, fann vi ut at vi måtte ut og gå litt i frisk luft før vi skulle reise kvar til vårt. Derfor vart det ein tur på folkestiane i Sørmarka - nærmare bestemt Sørmarka Sør. Eg har tidlegare gått ein del av folkestiane i Stavangerområdet - sjå innlegget På tur på folkestiar i Stavanger. Då oppsøkte vi Kværnevik, Sørmarka nord, Mosvatnet og Vålandsskogen Folkesti. Stavanger turistforening og Stavanger kommune har vore utruleg flinke til å tilretteleggje turar i nærområdet, og i 2012 har dei eit prosjekt kalla "52 hverdagsturer". Kvar veke gjennom heile 2012 har dei lansert ein ny tur i dei sju bydelane i Stavanger for å få folk ut på turar i nærområdet. Utruleg bra, og bør vere til inspirasjon for andre kommunar!


Litt småregn gjorde at det ikkje blei veldig mange bilete frå turen, men det vart berre nokre få:
Utsikt mot Stavanger by



God merking overalt




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!