tirsdag 26. februar 2013

Fullmåne over Fureviknipa - og vi tok på den!

Gjestebloggar: Steffen Ben

Nett no har Naturen veka si! Perioden då det mest er like lyst om natta som om dagen; om vêrgudane vil det slik då.  Og Gudane skal vite at dei har vore i storslag i det siste; blå himmel og passeleg kaldt og stabilt vêr, har gjeve oss mange fine dagsutflukter den siste tida.

I går kveld var det jamvel fullmåne, og den måtte ny(t)tast, ettersom det var klårvêr. Berre eit florlett slør la seg framfor månen - men eg trur månen likevel leverte 98,7%  av full lysverknad. Klokka 21 låste eg bilen på parkeringsplassen ved tunellen på Ulltang, etter ti minuttars køyring  i retning Askvoll. To karar i følgje, i godt strøk, i lett trav, nedover hovudvegen eit lite stykke, til startstaden for kveldens nyte-tur oppover fjellsida - mot toppen av Fureviknipa (750 moh).

Eit menneske ... og eit firbeint dyr - ein hund...kom imot oss, skrått inn frå trerrenget på sida av vegen. Ei ho, kom det fram då ho byrja snakke, hadde hovudlykt på, "for skams skuld" som ho sa. For strengt talt såg ho utmerka å gå i månelyset utan ekstra lys, ho og. Ho kom på attendetur frå Fauskevarden. På seg hadde ho truger - og nytta såleis same kommunikasjonsmiddel ute i marka som vi og skulle nytte denne kvelden.

Men ikkje berre månen lyste opp terrenget i retning Fureviknipa; skitrekket ikkje så langt nedanfor som slepte skifolk oppetter skibakken, og lysarmaturane med sterkt orange lys, gav liten tvil om rett retning for oss to som kom trakkande av eiga maskin - til fots.

Vi gjekk opp fjellsida og kom etter kvart inn i heisanlegget, heilt i toppen av skiheisen. Månelyset hadde sikta seg nøyaktig inn på å lyse gjennom øverste masta på anlegget, og dette gav ei trolsk stemning. Fram med fotoapparatet!

Det drog litt i lufta i toppområdet, utan at det la nokon dempar det slàg. Fin utsikt austover  - mot Førde by - og mot månen så stappfull og sprekkferdig! Ausgezeichnet!

25.02.2013 kl. 21.30:
Månen mett og god - midt i fleisen - på vår trugetur, forbi toppen av skitrekket og til varden på Fureviknipa!
PS! Det manglar penn i postkassen på varden, så ta med ein, er du snill!

mandag 25. februar 2013

#sol #vinteraktivitetar #kvalitetstid #familiekos

Vi har hatt ei fantastisk helg med strålande sol......reine påskestemninga!

Familiekos har stått i fokus, så både laurdag og søndag har vore brukt til berre å nyte sola, vere i lag store og små - utan nokon større turmål i sikte! Vi fann oss rett og slett ein base der vi hadde gode sitjeunderlag og alt av medbrakt utstyr, og så tok vi det derifrå. Ungane hadde med både ski og akebrett som dei vekselvis testa ut. Vi vaksne hadde også truger, som gjorde det lettare å dra dei små på akebretta sine. Vi starta også grillsesongen og grilla pølser både laurdag og søndag - og det synast dei små var minst like kjekt som alle aktivitetane. Då eg spurde Sanna Oliva kva som var det kjekkaste på laurdagen, svara ho: "Å ete...."! :)


Laurdag var vi tilbake der vi starta skituren til Klungeren dagen før - nemleg Masdalsgjerdet i Førde. Søndag tok vi turen til Vadheim for å kunne vere i lag med onkel/tante/søskenbarn (eller bror/svigerinne/tantebarn om eg skal sjå det frå min ståstad) og kosa oss ved ei skiløype rundt Tangetjørna i Indredalen. Tangetjørna er også startpunktet for turen til Mannebrekka som eg skreiv om i fjor haust (så meir info om kor det er, finn du i det innlegget). Ved Tangetjørna er det laga ei skiløype på ca. 2 km og mykje av løypa er passeleg flatt for søte små som skal trene seg på å gå på ski. Er imponert over kor fort dei små meistrar ski og stavar, så eg augnar håp for framtidige vintrar :) Og vi vaksne tok oss nokre individuelle turar rundt løypa, så vi fekk forbrukt litt ekstra energi også!



Deilig er det å kjenne at sola varmar og at vi derfor kan vere ute lenge - ca. 4 timar ute  i sola både laurdag og søndag! Dette kan vi like! Så no er det berre å glede seg til påske om ein månads tid, og håpe at sola skin også då :)

fredag 22. februar 2013

På ski til Klungeren (817 moh)!

På ski mot Klungeren (817 moh)
Jaudå, du las riktig - eg (denne gongen: VI) har vore på ski igjen! Denne gongen utanfor preparerte løyper, men likevel på ein svært populær skitur. Eg har vore på ski på Klungeren tidlegare - for maaaange år sidan - men første gong eg har gått frå der vi var i dag.

Sol frå skyfri himmel, flott landskap og vi var faktisk heilt åleine.......... SKIGLEDE :) :)

Flott utsikt mot Storehesten og Heilebergmassivet på store delar av turen opp til Klungeren!

Vi var faktisk overraska over at vi ikkje møtte nokon andre på turen, for vanlegvis så er det mykje folk som går her. Og med dette været - i sjølvaste vinterferien!!!! Frå våre barndoms dagar minnast vi at alle familiar med respekt for seg sjølv, gjekk på påsketur på Klungeren!  ;)

Kanskje trur folk at det ikkje er godt nok skiføre for tida? Men det var det absolutt: skare snø i nedre del, men veldig fint lenger oppe der det var kome eit par centimeter nysnø. Det var faktisk lite snø på toppen - den har blæse av, og vi var nesten ned på berget fleire plassar. Jammen godt vi ikkje datt på vegen ned att!

(For øvrig så høyrde vi rykter om at det var enormt med folk på Langeland i dag)

Fødd med ski på beina? :)
Skispor


Vakker utsikt frå varden på Klungeren!!!


Majestetiske Storehesten - eit syn som er like flott kvar gong!

Litt korte turfakta:
Vi starta i Masdalsgjerdet i Sundsdalen i Førde. Sjølv om vi ikkje var særleg kjende med ruta, var det fleire skispor å følgje, så vi fann lett vegen til topps. Terrenget stiger jamt og trutt oppover, og passeleg slakt å renne ned igjen.

Samla stigning ca. 400 høgdemeter, og lengde 9,5 km t/r.

2 kartutsnitt over området som viser kor turen er:
Vi køyrde opp til Masdalsgjerdet og starta turen der. Det er også mogeleg å gå frå Skilbrei eller Skudalen/Foss i Gaular

Eit nærare kartutsnitt som viser korleis terrenget er


torsdag 21. februar 2013

Ein gjengangar....

Nok ein flott trugetur på Steinkorsen i Naustdal :)

Det er vel kanskje rett å kalle turen ein gjengangar
når det er fjerde turen hit på knappe to veker? 
Noko uvanleg til oss å vere sidan vi først og fremst likar variasjon, 
men så er jo turen min kvardagsfavoritt nr. 1!

Og eg er faktisk enno ikkje lei, så det kan bli fleire turar hit :)
....Men neste tur blir noko anna - vent og sjå!

(Om du vil ha nærare turskildring om turen til Steinkorsen, kan du lese dette innlegget.)

tirsdag 19. februar 2013

Den andre sida av snøfallet...

Gjestebloggar Steffen Ben:

Førestill deg:  Vakne om morgonen, sjå ut vindauget - jau, så pokker - vintervêret ER faktisk like bra som eit samstemt YR/STORM melde i går kveld. Jippi!  Heilt blå himmel, 11 blå grader, pudderfin nysnø like ned i fjæresteinane. Dagen i dag berre MÅ ny(t)tast, til fjells sjølvsagt. 

Kvar helst skal vi reise då? Slike snøkryddra vinterdagar er jo like fine uansett kvar ein bevegar seg.  Tja, vi prøvar oss.... til....Naustdal og... fjellgarden Kringla. Pakk sekken og fram med trugene! - snart er vi av stad.


MORGON
Stundom
er det godt å vera
åleine med orda

stå opp i grålysing
stiga over dørstokk
trø naken i nysnø

og vera den fyrste
på jorda
(Signe Seim)



If you can walk, you can snowshoe!

KRINGLA i Naustdal:   
Kva gjev vel betre perspektiv på ein tur enn å sjå attende og ned på (Førde)fjorden?


Orgasmisk!!! vil mange seie om slik natur.
"Jau-då, dette er til å leve med", seier Sunnfjordingen


Hyssj:
Kan DU høyre lyden av truger mot tørr snø i sporet mot himmels?












Kva ser du?
Nylagt snø?
-10 grader celcius?
Ein turgåar?
...eller ein støl i himmelsjå, oppe til venstre?























Menneskeskapte, forgjengelege spor
På Mallasvikstølen vankar det peanøtter frå sekken...






"Det gyldne snitt", heiter biletet over i fotografisk terminologi
"Å sjå sitt snitt" til fjelltur, er ei anna side av same sak.


Vi brøytar oss veg framom tre stølsgrender på turen:
Kringlestølen (biletet), Mallasvikstølen og Sælestølen





Sporlaust langt borte:
Pust i bakken på Mallasvikstølen

Skapt av hender:
Stølshusa på Sælestølen er vølte av arbeidsame menneskehender.
Steinane og snøformasjonane er forma av naturens hender




Det kvite landet...
... før meteorologane ombestemmer seg, då...


NOKO OM FRID0M
At det var slikt ljos.
Morgonar eg såg og såg
til eg var bortrykt.
At det var slike fjell.

Opphøgde
stod dei og visste 
noko om fridom
noko om lengt
og stor einsemd
kanskje

bar dei på ein visdom.
Noko om sjelers
urolege dragning
mot islandet.
(Signe Seim)





Best view ever?
Kva støl i Sunnfjord har beste panoramaet til Store- og Lisjehesten?
 - Sælastølen i Naustdal! (Ikkje det, du?)







Naturens bauta held stand:
765 m.o.h - vi har truga oss til topps på Steinkorsen. 
Håsteinen bakerst til høgre.


Fjellkutyme 1:
Termos med varm Toddy må fram - då sit smilet laust




Fjellkutyme 2:
Fotografering av turfølgjet ved varden



Fjell i syningom:
Tre kjende profilar i Ålfotenmassivet: 
Keipen (spissen til v.); Plogen (like til høgre for midten) og Saga (h.).
Kan anbefalast!!!

Ufrivilleg retur:
Handbrekken  komen på?



Den andre sida av snøfallet...
... er over for denne gong. 
Kringlestølen vaktar over Førdefjorden.
"Jau-då, utsikta er til å leve med, den"

Info om tur til Steinkorsen , finn du i dette innlegget!

lørdag 16. februar 2013

Vi bana veg til Hjellestølen :)

Flott utsikt attende mot Førde sentrum og Hafstadfjellet!

Vi kan ikkje skryte på oss mykje sol i dag, men det har vore mildt og nesten opplett heile dagen. Skodda låg tjukk i fjella på morgonen, men det letta utover dagen. Lysta til ein tur - oss to vaksne i lag - vart derfor stor! Barnevakter vart ordna for nokre timar på ettermiddagen (Takk, kjære svigerforeldre!) - og vi la i veg på trugetur igjen. Vi har verkeleg fått sansen for truger - og har truleg også rekruttert nokre nye trugegåarar dei siste dagane :)

Inspirert av at Indre Sunnfjord Turlag skal ha trugetur til Hjellestølen og Steinheia her i Førde i morgon, så tok vi turen på nettopp Hjellestølen - og dermed har vi bana "veg" for dei som skal ut og gå i morgon! :) No er det meldt ganske mykje regn i morgon, så det kan i så fall bli eit våt affære for dei som tar turen. Eit par år sidan sist vi var her, så kjekt med eit gjensyn med Hjellestølen!

Vi starta rett nok turen vår frå skogsvegen på Hjelle, og ikkje frå det vanlege startpunktet litt lenger inne i dalen, rett før du kjem til Ryggjabrua (sjå sti innteikna i kartet under). Den vanlege stien er skilta frå vegen og merka oppover. Det er for øvrig god sti, så greit å sjå kor du skal gå - vel og merke når det ikkje er snø.....
Når du går skogsvegen, kjem du etterkvart inn på denne stien også. Litt lenger å gå, men det er også litt mindre bratt stigning. Og trugene var eigentleg overflødige så lenge vi gjekk på skogsvegen. Distanse ein veg: ca. 3,5 km.


Som de også ser av kartet over, så er det sti frå Hjellestølen og vidare på Førdsnipa.

Vi starta turen mellom 15.30 og 16 og var attende til bilen 17.45. Då merka vi at det var byrja å mørkne, men det var framleis uproblematisk å gå. Så vi kunne med stor glede konstantere at det no faktisk er mogeleg å gå seg ein ettermiddagstur på eit par timar rett etter jobb utan å mørkne ute - våren nærmar seg, folkens!!! :)


Vel framme på Hjellestølen

Vi ser opp mot Førdsnipa - nokre snøfjon i lufta

tirsdag 12. februar 2013

Eg berre måtte....

Smiiiiil - eg har nådd toppen!
....ta meg ein ny tur på Steinkorsen! No snur været - i alle fall for nokre dagar, så eg måtte utnytte vårt godt opptrakka truge- og skispor til endå ein tur!

Har hatt 5 aktive dagar der eg har fått nyte det fine vinterværet! No blir det nok nokre dagars pause, men brått er vi tilbake:)

Og uansett kjem vi snart med ein biletserie frå dei siste turane - tatt med litt betre fotoutstyr enn mobilen, og med min kjære som fotograf:) Gled dykk!

Utsikt over Førdefjorden

Turinfo om Steinkorsen finn du her. 

mandag 11. februar 2013

Fødd med ski på beina, sa du?

Storehesten og Lisjehesten ruvar majestetisk mot deg langs løypene på Langeland
Tja...... det kjentest ikkje slik ut då eg tok på meg skia i dag
- for første gong på snart 5 år (trur eg)!
Paradoksalt nok er også fødslar medverkande til at skia ikkje har vore på
- men kan nok ikkje skulde berre på det.
Det har vore andre prioriteringar i høve friluftsaktivtetatar: til fots, på truger eller trilleturar.

I vinter hadde eg ei målsetting om at no - NO måtte skia på att. 
Har tradisjonelt sett gått mykje på ski - bortoverski vel å merke.
I mine barndomsdagar gjekk eg år etter år for å få skimerket
- målet var 5 år på rad med gull, 
og det klarte eg! 
Så eg har saktens gått mine kilometer på ski, 
og var (er) veldig glad i den type aktivitet. 

Men det var uvant å bevege seg i skiløyper igjen,
kan ikkje seie eg følte meg særleg elegant der eg gjekk bortover......;)
Det kom seg litt etter litt, 
og hadde eg hatt ski som spelte litt meir på lag, så hadde det vore enda betre! 
Smørefrie ski har nok sine fordelar, 
men dei såg eg ikkje så mykje av i dag, nei!

Og målsettinga mi var ikkje nett så lita når eg la ut i løypa
- den lengste løypa måtte testast. 
Så dermed vart det nærare 20 km på meg i dag! :)

Turen gjekk på Langeland - ei populært skiutfartsområde på grensa mellom Førde og Gaular.
Her myldrar det av folk til ei kvar tid - i alle fall på flotte solskinsdagar som i dag. 
Du finn også mange ivrige treningsentusiastar
- og eg kjenner at det stressar meg litt der eg går i løypa.
Føler på at det er om å gjere å kome fortast mogeleg fram.
Eg klarar derfor ikkje å få den heilt store friluftskjensla, 
slik eg har når eg går på fjelltoppar.
Og trur nok kanskje at eg trivst aller best på "toppturar" - også på ski:
gå jamt og trutt oppover - stige høgdemeter for høgdemeter.
Men eg treng nok litt meir skitrening før eg blir komfortabel med nedfartar igjen...;)

Uansett:
Det var kjekt å gå på ski igjen og den "fullkomne" skigleda skal eg nok finne att!
Det var nydeleg fint i løypene - all ære til dei som har laga dei!
Og det var umogeleg ikkje å kose seg med sol frå skyfri himmel!

Litt dårlege mobilbilete, men dei gjev no i alle fall eit inntrykk:

Storehesten igjen :)
Om lag halvvegs - på Ytre Hjelmelandsstølen
Ein liten stopp på Gjøsetstølen må alltid til - her møtast den lange (20 km) og korte løypa (10 km) til stølen

Litt info om Langeland Skisenter: 
Langeland Ski og Fritidssenter ligg langs E-39, 10 km frå Førde i retning Sande.  

Skisenteret har fleire preparerte løyper: 2 km, 5 km, 10 km og 20 km (dei to første er lysløyper). Dei to lengste er preparerte ved bra snøforhold. 

Det er stor parkeringsplass med parkeringsavgift - 50 kr per dag og 600 kr for årskort (det er mogeleg å betale med kort). 

Ved skistadion er det ei stor skihytte med kiosk som er open i helgane i sesongen. Her det mogeleg å varme seg. 
Ved stadion er det også gode forhold for aking.

søndag 10. februar 2013

Foss-stølen til fots


Flott vinterdag på Foss-stølen i Gaular
Boka må sjølvsagt signerast i!
Godt føre - både for dei som vil gå til fots og på ski!
Hestar på beite ved starten av skogsvegen

Nok ein strålande vinterdag! 
Gode spor gjorde truger overflødig, så denne gong vart det til fots.
12 kalde minusgrader ved bilen, men deilig å kjenne at det no faktisk er varme i sola.
Vel nede att, vart det ut i sola med dei to små - litt skigåing, men mest aking. 
Og då var alle godt nøgde med dagen! :)

For ei flott vinterhelg!

Meir informasjon om turen til Foss-stølen, finn du i dette innlegget.
Til info, så er turen ca. 2,5 km ein veg og har 385 høgdemeter stigning (i følgje Run Keeper).

Dagens gullkorn frå småfrøkna vår: 
I bilen på veg til mine foreldre, kjem vi etterkvart inn på vegar der det framleis ligg ein del snø og is i vegbana, i tillegg til at det er strødd. Det humpar og bråkar litt ekstra i bilen grunna dette, og då kjem det frå baksetet:

"Kva er det som brakar sånn? Har dei ikkje salta her????"