fredag 14. juni 2013

Førde - i verdsklassa når det gjeld tur og natur?

Førde by er ikkje akkurat kjend for å vere vakker! Faktisk så har vi blitt kåra til Norges styggaste by opptil fleire gonger på 1980-talet. Heldigvis er vi i ferd med å snu dette omdømmet, og vi har gjort mange tiltak for å gjere Førde vakrare.

Det som er så synd, er at mykje av fokuset har vore på sjølve sentrum og alle handelshusa vi har, og så har ein gløymt at Førde har mykje anna å by på - nemleg flott natur og gode turmogelegheiter. Derfor er det ekstra kjekt for oss som bur i Førde å lese innlegg som dette (i avisa FIRDA 12.06.13):

Den nye vegen frå sentrum og opp på Hafstadfjellet, som Ytrehus omtalar som "heilt fantastisk", har fått namnet "Hafstadkleiva". Sjølvsagt har stien også fått sitt eige motbakkeløp. Har du lyst å delta, er du velkomen til Førde og FørdeOpp den 31. august 2013!

Ynskjer du å sjå korleis det ser ut i "Vakre Førde" og trappene opp Hafstadkleiva, kan du ta ein kikk her. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!