fredag 7. juni 2013

Gåvetips til ein fjellfant!

Boka "På tur i Valdres" og bålvaffeljern er gode gåvetips til ein friluftsentusiast!

Min betre halvdel hadde bursdag for ei vekes tid sidan. Nok ein gong var gåvene prega av at han er ein fjellentusiast og friluftsmann.... vel vitande om at dette var gåver som ville falle i smak!

Boka På tur i Valdres av Morten og Julia Helgesen har lenge stått på ynskjelista. Vi har hatt den på lån frå biblioteket nokre gonger, men den har såpass gode turtips, skildringar og bilete, at vi har lyst å ha den i eige. Boka har forslag til både fotturar, skiturar, sykkelturar og padleturar.

Valdres er eit turområde vi likar veldig godt, og er absolutt eit aktuelt reisemål på framtidige turar. Vi har tidlegare vore ein del nord i Valdres - rundt Tyin og Bygdin - gått nokre turar, og har observert endå fleire interessante turmål. DNT-hytta Fondsbu og Eidsbugarden ligg vakkert til, og er eit godt utgangspunkt for mange flotte dagsturar. Forfattar Morten Helgesen skriv mellom anna i forordet:
"Hvis man er glad i å dra på tur, er man definitivt på rett plass i Valdres - nesten uansett hvilke turaktiviteter man foretrekker. Som innflyttere var vi fascinert av Valdres allerede ved ankomst for mer enn ti år siden, og begeistringen for Valdresnaturen har ikke akkurat avtatt med årene.
Enten man foretrekker fottur, skitur, sykkeltur eller noe helt annet for den saks skyld - Valdres har det meste en turelsker kan ønske seg".
Om du bur i Valdres, har hytte i området eller er på leit etter "nye" turområde, så er dette ei bok du absolutt bør ta ein kikk i!

Julia og Morten Helgesen har gitt ut fleire bøker, m.a. "Norges fjelltopper over 2000 m" - ei fantastisk praktbok - og dei driv endåtil eige forlag: Glittertind Forlag.

I tillegg til Valdres-boka, vart det også eit bålvaffeljern i presang. Det har vi lhatt lyst på lenge! Dessverre så er det litt tungt, så vi ser ikkje føre oss at det akkurat blir med på veldig lange fjellturar....men passar jo ypparleg for ein kosetur med dei små til ein gapahuk/bålplass eller på stranda. For øvrig ser vi føre oss at det kan vere kjekt å ha på stølen også! :)

 

1 kommentar:

  1. Så fine bursdagspresanger! Alltid kjekt med turbøker for planlegging av turer eller bare se på bilder og ønske seg på tur.
    Ser at det er flere som har investert i bål-vaffeljern nå. Koselig syssel med de små vil jeg tro.

    Ønsker dere fine turer! Her i Kristiansund har det regna i hele dag, men nå skal vi ut og gå en tur. En hel søndag uten tur går ikke.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!