søndag 2. juni 2013

Ytre Bremanger (2): Kjerringehalsen fyrlykt i Kalvåg

Rusletur på Bremangers utside - med havet rett på...


Steffen bloggar:
Dei klorar seg fast, inne i fjordane og på øyar og nes ute ved havet. Fyrlyktene. Dei har ulik rekkjevidde på strålane sine, litt ulik utforming - men funksjonen er felles: Dei skal syne veg og gje tryggleik for farande langs vår fårlege og langstrakte kyst. I storm og styggever har dei redda mang eit liv.  Langs kysten vår er det nesten 2000 fyrlykter, men i dag er alle fyra (minus eitt) avfolka - automatisering og kostnadsreduksjon er stikkordet.

Fyrlykter fascinerer også mange av oss som ikkje er dirkete sjøfarande. Dei symboliserer eit mål å gå til på fotturane våre - og det vekkjer alltid ei spesiell stemning å komme ut til dei kvite og orange malte bygningane, oftast halde i god stand av Kystverket. Du kan lese meir om funksjonen og historia til fyrlyktene våre her
Denne søndagen i mai ynskte vi å oppleve nett dette - og valet fall på Kjerringhalsen fyr  - ein stad vi aldri hadde vore før. 

Er du i Kalvåg sentrum, tar det berre eit par minutt med bil til startpunktet på turen, på Steinset like nord for Kalvåg. Her finn du parkering. 


Stien mot Kjerringhalsen er godt merka, der den startar i vika ved Småvågane (sjå kart ovanfor), og går i nordvestleg retning. I Småvågane der løypa går over frå veg til sti finn ei gamal grav frå tidleg folkevandringstid omlag 400 år e. kr, omkransa med 9 steinstøtter.

Tek du turen til Kjerringhalsen fyr, kan du mest heile turen sjå mot Mulehodet - det hovudforma neset på odden i nord (sjå 1. bilete). På turen kan du også  få med deg den unike opplevinga av hekkande ørn. 

Dette er ein spannande tur, for store og små,  i lett kuppert terreng over berg, steinar og graskledd sti. Når du byrjar nærme deg fyret, er det sett opp bolta smijern som er festa for å sikre deg mot storhavet rett vest; for her er ikkje meir fastland utanfor Frøya som vi no er på.  I sørleg retning får du fin utsikt mot øyane utanfor Florø, særleg øya Hovden

Utsikt mot havet frå starten på stien ved Småvågane på Steinset

I lett driv på store og små - her er det 4-åringen som er stifinnar

Utsikt mot sør:  Øya Hovden med tåkehatt.
Hovden  er i seg sjølv eit kjempefint turmål (båt frå Florø), og har eigen aktivitetsdag i juni kvart år- les mei her



  


Sanna Oliva var den som oppdaga Kjerringhalsen fyr først, og leier an opp mot lykta...










Etter spaserturen til Kjerringhalsen fyr, vart det bryggevandring og is i Kalvåg - no like før sommarinvaderinga av båt- og kystglade folk. Velkommen skal dei vere!



Turmåla langweekend Bremanger mai 2013

1 kommentar:

  1. Flotte bilder fra Bremanger og Kalvåg! :) Har knapt gått på tur der oppe selv om min mor er derifra, nærmere bestemt fra Struen (ved Hauge/Smevikja) :D

    Jeg har vært på Steinfjellet, men ikke andre steder. Er veldig glad i Fyr, så jeg har tenkt å gå noen turer til blant annet Kjerringhalsen som dere har besøkt her.

    Har skrevet ut litt turinfo for sommer'n. Har en plan, så får jeg håpe det blir realitet. Kjekt å se deres bilder og turopplevelser, gir en ekstra kick bak til å virkelig få lyst til å komme seg ut og til turmålene jeg har sett meg ut ^_^

    Sanna Oliva er blitt stor, tviler ikke på at hun er blitt veldig så fjellvant og lett til fots. Ny guide i familien. Herlig jente, herlige bilder! :) Nyt sommer og mange turer fremover!

    Klem,
    Eli Kristin

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!