mandag 3. juni 2013

Ytre Bremanger (3): Kveldstur på Geitenipa (420 moh)


"Tilfeldig, men likevel planlagt?"

På mange av våre bubilturar er det ofte tilfeldig kva vi ender opp med som (fjell)turmål: Brått oppdagar vi noko interessant på kartet som vi må sjekke ut, eller vi ser noko spanande i ei av dei mange turistbrosjyrene vi plukkar med oss i løpet av turane våre. Og dei er ikkje få!

Samtidig vil eg hevde at det er noko planlagt over desse turane: Vi (les: Steffen) planlegg reiserutene i god tid på førehand; nokre klare turmål er peika ut, men så har vi MANGE turmål på alternativlista... Når vi endeleg er undervegs, hiv eg meg over kart og brosjyrar, og oppdagar kanskje nye aktuelle turmål. Og så blir det som regel litt av begge deler: nokre av dei godt planlagde turane og nokon litt meir tilfeldig valte undervegs. 

Turen til Geitenipa vart resultatet av ei slik "tilfeldig, men likevel planlagt" hending. Etter å ha vandra til Kjerringehalsen fyrlykt med ungane tidlegare på dag, og inntatt middag og is i Kalvåg sentrum, var vi på leit etter ein fin stad å overnatte for kvelden. Vi vaksne hadde eit ynskje om at det gjerne kunne vere i nærleiken av ein liten fjelltopp som vi kunne bestige kvar for oss utan at det tok for lang tid, samtidig som det skulle vere ein plass der ungane kunne få boltre seg litt ute i kveldssola før kveldsroa (forhåpentlegvis) seinka seg. Turkartet for Bremanger lova at Geitenipa kunne by på flott utsikt, særleg vest og sørover, og at stipulert tidsbruk ville vere ca. 1 time til toppen. Det passa heilt ypparleg for oss.

Bubilen står parkert nede ved vatnet
Det er fleire ruter til Geitenipa, og vi valte den frå Vågane, som ligg på søre Bremangerlandet.

Startpunktet ved Vågane er heilt i enden av vegen, ved ein stor snuplass/parkeringsplass som ligg idyllisk til ved eit lite ferskvatn. Køyreturen ut til Vågene er ei fin oppleving i seg sjølv - vi passerte mellom anna nokre flytande hytter som låg vakkert til i ei lita vik.

Vi fann ingen tydeleg sti å følgje til Geitenipa, men i følgje folk som bur i området, skulle det likevel vere greitt å finne fram. Dermed var det å stake ut kursen for kor fjellet låg, og sjå på den innteikna ruta på kartet for å få ein peikepinn på kor vi skulle gå.

Dei første 200-300 metera går opp forbi det fråflytta huset ved parkeringsplassen og over attgrodd innmark. Deretter i mark med røsslyng, før ein kjem opp på svaberg og kan gå tørt og lett resten av turen. Jamn stigning heilge vegen. Frå Geitenipa er det flott utsikt over Frøysjøen og skipsleia sørover.
På veg opp mot Geitenipa. Turen startar ved huset ved vatnet, nede til venstre i biletet. Ingen tydeleg sti, men eit par vardar fann vi på vegen. Vi ser attende til Kalvåg til høgre i biletet. 
Frå Geitenipa ser du innover fjorden til Svelgen. 

Vi ser mot Botnane og Årebrotet på andre sida av fjorden
Ein varde viser at vi er på rett veg - Geitenipa i sikte, til venstre i biletet. Ca. 10 minutts gange igjen til toppen!

Steinfjellet med fjernsynsmasta midt i biletet. Dette vart neste dags turmål!

Flotte fjell også i Botnane i Bremanger - her har vi lyst å gå ein anna gong...

Øyane vest for Flora - vi kan skimte Kinnaklova langt der ute. Hovden i tåke.

Flotte skyformasjonar sørover mot Flora-øyane i kveldssola!

Nesten nede til bilen igjen. Sola har gått ned ved vatnet, men skin framleis på toppane

Nok ein flott fjelltur er ved vegs ende!
I campingbilen har kveldsroen seinka seg for dei to små, og inne sit kjærasten og ventar med litt kveldskos :)
Men først ein kveldsdukkert i vatnet.. faktisk fin temperatur kl 22.00!

Så, då er innlegg 3 av 4 frå Bremangerhelga vår publisert. Dei tidlegare innlegga finn du her: Veten og Kjerringhalsen fyr.  Siste tur i rekkja vert Steinfjellet der fjernsynsmasta står. 
Stay tuned!

2 kommentarer:

  1. Så flott en tur og fine bilder :-) Så heldig dere er som har en bobil dere kan farte rundt med! Vi vurderer også å skaffe oss en om noen år... Ser for oss at vi da kan kjøre rundt i Norge og dra på mange fine turer med barna til diverse fjellområder. Så kan man jo kombinere bobil / teltliv ;-) Kjekt å ha en base (med dusj) når man har flere barn tenker jeg... Ha en fin dag og kos dere videre. Monica

    SvarSlett
  2. Bubil er ein fin ting å ha - vi er heldige og kan låne av svigerforeldre :). Vi har kombinert bubil og fjelltur i mange år - deilig å kunne køyre fram om kvelden og gjere seg raskt klar til fjelltur neste dag - i alle fall viss ein skal på lange turar. Med to små blir det ikkje dei store turane enda - men vi kosar oss alle saman med bubilen, og bur tørt og godt også når det regnar :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!