fredag 5. juli 2013

Festivaltur til Draumefjell....

Lajla og John Ole tok oss med til Draumefjell


Draumefjell er ikkje ein plass ein reiser til 
- det er ein plass musikk tar deg til! 

Anten vi er glade, triste, sure eller hoppande lukkelege er Draumefjell den beste og tryggaste plassen i verda. 
Der kan vi gjere akkurat som vi vil.

I Førde er det for tida festivaltid - nærare bestemt Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og årets tema er "Musikk og natur". Då er det naturleg (i dobbel forstand!) at vi nettopp drar musikken ut i naturen. Som sagt, så gjort: Under årets festival er det fleire arrangement som er eit samarbeid mellom folkemusikkfestivalen og turlaget. 

Barnas Turlag Førde inviterte i går med på vandring, mat og musikk på MostienSunnfjord Museum. Mostien og museet er ein kjempefin plass å dra med ungane, så dette måtte vi sjølvsagt vere med på. Meininga var at vi skulle gå Mostien til Museumsstølen der det skulle vere konsert og servering av risengrynsgraut. På grunn av litt utrygt vær med regnbyger vart konserten flytta inn i Sersjantløa på museet i staden. Dermed vart det vandring først, og så mat og musikk etterpå.
Ein liten statusrapport for været. Regnet heldt seg faktisk unna:)

Vi har passert museumsstølen og er på veg tilbake til museet. Sjølv om det var litt regn då vi parkerte bilen, hadde vi opplett heile turen.

Stor glede over funn i postkassa!

Vel attende til museet. No er vi klar for konsert.
Etter å ha fylt magen med risengrynsgraut, var det sikkert nærare 100 små og store som forventningsfulle sette seg på golvet, klar for tur til Draumefjell. Musikarane Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken var dei som skulle ta oss med på den musikalske turen med kveding, hardingfele, flatfele og gitar. Og dei fanga publikum frå første stund, og det vakte stor latter hjå dei små då John Ole sa at Lajla såg ut som ei "Lurvebrok"! Og alle måtte opp og stå, synge og gjere rørsler til songen "Hanen høgt oppi Fagerli" (etter Norunn Holmøy). Det er ikkje så lett å vise rørslene her, men teksten er som følgjer:

Hanefar høgt oppi Fagerli,
kvite sokkar og kvite sko. 
Hanefar var ein apekatt, 
ein apekatt med silkehatt 
Så gikk han ute med jenta si, 
kom ikkje heim att før klokka var ti. 
Då fikk han juling fra mora si, 
au, au, rompa mi. 

Bendik Matias følgjer ivrig med på kva som skjer på scena

Lajla og John Ole spelte spenstige slåttar, sang gamle forteljingar
og fortalte om rare ord og vakre vårdagar.
Ein flott konsert og ein annleis "fjelltur" - og vi likar jo som sagt variasjon.... :) 

Takk til Førdefestivalen og Barnas Turlag for ei fin oppleving!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!