søndag 7. juli 2013

For kort til Ramstadstølane? Prøv Kvannfjellet og Steinheia!

Fjella i Angedalen i Førde er mykje brukt til kortare eller lengre turar, sommar og vinter. Traktorvegane opp til stølane i fleire av sidedalane her, er fine turmål for kveldsturar, eller for turar for små barneføter (sjå tidlegare blogginnlegg til Eikåsnipa, Botnavatnet, Tjønnalandsdalen og Ramstadstølen).

Mange er det som også brukar dei gruslagde vegane opp i sidedalane til regulære trimturar. Èin mykje brukt trimtur, er å parkere ved Ryggjabrua i Angedalen, og så følgje traktorvegen innetter lia og inn i Ramstadalen til Ramstadstølane, og så snu her.

Men kva med å forlengje turen litt lenger enn til grusvegens slutt, og få èin eller to fjelltoppar med på kjøpet?
Ikkje dumt! Det gjorde eg for nokre kveldar sidan, då eg var på KVANNFJELLET og STEINHEIA.

Kvannfjellet (861 moh) med tjørn og varde
Parkèr bilen på parkeringsplassen på nordsida av elva ved Ryggjabrua i Angedalen. Følg traktorvegen innetter lia og opp i Ramstadalen til Ramstadstølenane. Her sluttar grusvegen. Då er det å ta Apostlanes hestar fatt, forbi Ramsdalsstølane og i Nord-Vestleg retning (til venstre) opp og innetter dalbotnen. Stigninga er heilt fin og det går ein sti som stort sett er råd å følgje, og som går på venstre sida av elva  ganske så rett fram i  botnen av dalen. Opp til høgre for deg har du  heile tida ein fjellrygg som du går parlalellt med.

På veg  opp og inn dalen frå Ramsdalsstølane i
retning KVANNFJELLET  (midt imot).
Kvannfjellet (861 moh) er lett å sjå oppe i himmelsjå, og siste stykke opp til toppen går du noko bratt, men heilt trygt på grasslette opp til toppområdet, der terrenget flatar ut. Her ligg det ei lita tjørn like ved varden. Utsikta er òg fin; både rett ned i dalen i sørleg retning, der Vasslivatna som er vanlegast å gå til frå Erdalsdalen om Erdalsstølane. Like eins er det fin utsikt mot Hestane og Blegjamassivet. I Nord-aust er det fin utsikt til kjende Angedals-/Naustdalsfjell som Blånipa, Krunene og Sandfjellet.

Om ein ikkje ynskjer gå lenger, er det sjølvsagt mogeleg å gå attende til Ramsdalsstøane same veg ein kom opp, og turen vert noko kortare enn om ein også tar med Steinheia og lagar ein rundtur ut av det.

Nesten oppe på KVANNFJELLET.
Attersyn mot ruta eg gjekk frå Ramstadsstølane (gøymt bak knausen bak tjørna) og inn Ramstaddalen.
Eg kom opp til venstre for tjørna og opp langs elva på biletet.

Kvannfjellet - med utsikt Sør-austover. Til venstre for varden ser ein  Steinheia.
Tindefjellet i Jølster er spissen like til høgre for varden . 

RYPE - hogd i stein!
Botnavatnet i front av "nebbet".
Det gjorde ikkje eg, så det var å ta seg vidare til neste fjell på kveldsturen - Steinheia (946 moh). Dette fjellet ligg aust for Kvannfjellet - og er ikkje den Steinheia som førdianarar er mest vane med å gå til, frå Hjelle og Hjellestølen, aust for Førdsnipa. Steinheia eg gjekk på er dessutan 100 meter høgre, kva no dette skulle ha å seie...  Terrenget frå Kvannfjellet til Steinheia er litt steinete, det ser ut til å liggje att ein gamal morenerygg her, men retningen og kvar ein helst bør gå, gjev seg litt sjølve. Også her er det opptakter til litt stiar, utan at eg kunne følgje dei slavisk. Sjølve Steinheia er relativt flat, og utan definert varde, sjølv om det ligg nokre malte trefjøler att frå det som nok har vore eit gamalt trigg-punkt.

Frå Steinheia tar ein peiling sørover på Ramsdalsdalen att, med kurs mot Furebøstølane som ligg oppe i lia ovanfor Ramstadstølane. Her er det ikkje nokon definert sti, men trygt og greit å gå ved visuelt å sjå kvar det er enklast å leggje vegen. Både på Furebøstølen og Ramsdalsstølen er bygningsmassane tekne godt vare på, med fleire stølshus i begge stølsgrendene.  Vèl attende på Ramsdalsstølane er det å følgje grusvegen attende til bilen ved Ryggjabrua.




Eg har komen ned til Furebøstølen.
Ramstadstølen ligg i dalbotnen like bak sela.


Turen er på 13 kilometer totalt og eg brukte vèl 3 timar på heile runda.
Ein bør rekne 1 1/2 time effektiv gange opp til Kvannfjellet, alt etter eigen form og farge.

Parker bilen på parkeringsplass på nordsida av elva ved Ryggjabrua i Angedalen i Førde.
Rosa farge syner grusveg. Grøn farne syner trakking i terrenget (delvis sti).

2 kommentarer:

  1. Må alltid ta meg god tid når jeg leser blogg-innleggene dine. Fint at du beskriver så nøye! Jeg er ikke kjent på dine trakter, men tekst og bilder utfyller hveandre og jeg får mye informasjon og mye fint å se på. Liker så godt landskap med sjø og fjell......

    Fortsatt god fjellsommer!

    Klem

    SvarSlett
  2. Sånne turer er så kjekke å ha i nærområdet :) heilt utrulig kor godt det gjer for kroppen og hodet å komme seg ut og opp! :))
    God sommer til dokke alle!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!