fredag 27. september 2013

Storslått hausttur i Astrup sitt fjellrike!

På veg oppover mot Styggevassegga (1398 moh) - Isvassnipa til høgre i biletet.

Strålande klar haustsol,
skyfri himmel,
rimfrost på marka der sola ikkje var komen, 
vindstille.
Svimmel av glede...

Denne turdagen vart perfekt!
Eg og Steffen på tur,
og eit turmål som vi har snakka om lenge. 

Vakre Jølstrafjell,
Sandal på sørsida av Jølstravatnet,
midt i Nikolai Astrup sitt rike. 

Bjørndalsstøylen - Flategga - Styggevassegga - Isvassnipa - Brandsegga - Høgenuken
Flott rundtur med høgaste punkt på 1436 moh på Isvassnipa. 
Nesten 2 mil til saman, 
og vi er framleis ved starten av helga :)

God fredagskveld!
Fyldigare turrapport kjem
- ein gong :)

Frå topp til topp - vi ser attende til Isvassnipa på veg over Brandsegga

1 kommentar:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!