onsdag 31. juli 2013

Tam skjor til skrekkblanda fryd på Bødalssæter!

Skjora som voktar over Bødalssætra i Lodalen (Stryn)

Få fuglar er så knytt til menneskeleg busetnad som skjora. Den har vore gardsfuglen framom nokon annan, noko som kjælenamnet "tunfuglen" ber bod om. Skjora var såleis av dei fuglane som gjorde mest av seg, og dette speglast att i den mengda av minnestoff ein finn om denne fuglen.

"Det burde vara to skjure i kvar gard", heiter det i Hemne (2L, 42), og eit liknande syn på denne fuglen finn ein over heile landet. Som regel vart han sett på som lukkefuglen fram for nokon. Det var vanleg tru at ein ikkje måtte hata eller gjera ilt mot skjora, då ville ein missa lukka på garden. Skaut ein henne eller øydela reiret hennar, ville ho hemna seg, trudde dei.

Meir om skjora på Bødalssæter får du litt lenger nede i innlegget, men først litt om sjølve turen: 

Ved parkeringsplassen står det kart og informasjon om området
På ein dagstur til Nordfjord tidleg i ferien, fann vi ut at vi ville kombinere det med å ta ein tur inn til Bødalssætra i Lodalen i Stryn kommune - ein av innfallsportane til Breheimen, og startpunkt for tur til m.a. Lodalskåpa og Bødalsbreen. For å kome dit må du køyre på bomveg frå Lodalen (kr 40) om lag 5 km, og deretter gå i ca. 10 minutt før du kjem inn til sjølve setra. Vi har hatt planar om å reise inn dit tidlegare når vi har vore på ferie med bubilen, men bomvegen eignar seg ikkje for slike køyretøy, så vi måtte vente med å ta det ein gong vi hadde vanleg personbil. (trass i forbodet mot å køyre med bubil på bomvegen og at den var lite eigna til føremålet, var det to bubilar - utanlandske.- som sto på parkeringsplassen då vi kom opp...)


Bødalssætra er ei flott stølsgrend der husa ligg på rekkje og rad.
DNT-hytta er den raude heilt til høgre på biletet. 
Sjølv om det hadde regna jamt og trutt heile dagen, var vi så heldige at vi stort sett hadde opplett på turen inn til setra. Dessverre låg tåka langt ned i fjella, så vi miste litt av den flotte utsikta vi truleg elles ville hatt. Men ein smakebit på området fekk vi jo likevel :) Sidan turen inn til sjølve Bødalssetra ikkje er så lang, gjekk vi også eit stykke vidare på stien mot Lodalskåpa/Bødalsbreen, før vi snudde tilbake og tok ein kikk på sjølve hytta. Hytta er ei ubetjent DNT-hytte (men i privat eige), så dei to små fekk bruke dei nye blå hyttenøklane sine for første gong! Spanande å få lov å låse opp døra sjølv!

Sanna Oliva leitte ivrig etter hytta som hadde lås der nøkkelen kunne passe.
Bendik Matias var litt fortvila for at han ikkje fekk låse opp, så vi måtte ta prosessen to gonger for at alle skulle bli nøgde...;)
Ein tåkete og regntung dag, men innimellom fekk vi eit glimt av dei flotte fjelltoppane
som omkransar Bødalssætra. 

Ikkje lenge etter at vi hadde byrja å gå, fekk vi selskap av ei skjor. Det visste seg å vere av den svært så tame sorten - ho gjekk heilt inn på oss, og endåtil følgde etter oss på veg inn til setra.....


Ikkje så ofte du kjem så tett på fuglane....
Dei to små tykte først at det var svært spanande med den lille fuglen som kom så nært inn på oss utan å fly sin veg, men etterkvart følte dei at den vart vel nærgåande og innpåsliten......

"Eg like ikkje dinna, mamma!" sa Sanna Oliva. 
"Skummelt", syntes Bendik Matias.
 Rett og slett litt skrekkblanda fryd, altså!

Slik vart det nesten for oss vaksne også: Overtruiske som vi gjerne kan verte, var vi litt urolege for at skrika frå skjora bar varsel om dårleg nytt - såkalla feigdebod - og var såleis litt påhalden til heile fuglen!

Det var ein mørk og stormfull aften......
over oss flaug ei skrikande skjor.....
har vi dårleg nytt i vente?
Men på setra snakka vi med nokon som hadde hatt tilhald i eitt av stølshusa, og dei kunne fortelje at skjora var like nærgåande med alle: dei hadde både mata ho, hatt ho på handa og opp på skuldra. Så dette var nok ei skjor som søkte menneskeleg kontakt heller enn å la seg bli skremt. Og då var det jo berre kjekt og spanande å kome så tett inn på fuglen!

Sidan den også vert rekna som ein lukkefugl (jamfør sitatet øverst), så antar vi sjølvsagt at det var nettopp lukke den tok med seg til oss også! Men for dei to små var fuglen framleis like skremmande.....:)

Skjorta vokta framleis over Bødalssætra då vi forlot den

På veg heim att var det trygt og godt å halde mamma si hand,
i tilfelle skjora kom tilbake igjen!

Vakkert landskap med fjell og fossefall - også i tåke!


Om du ynskjer å sjå bilete frå Bødalssætra i strålande solskin, kan du gå inn på dette innlegget frå tur til Bødalssætra og Bødalsbreen i turbloggen til Lillemann og Mor i fjellheimen. 

mandag 29. juli 2013

Duvande myrull og linne vindar, men illsinte regnbyger!


I dag skulle vi eigentleg på ein større og lengre fjelltur, men været ville det ikkje slik. Når vi skal gå på ein flott utsiktstopp for første gong, så vil vi jo nettopp kunne nyte noko av det vi går for - nemleg utsikta! Og med tåke og regn var det ikkje mykje utsikt igjen. Så turen blei utsett til seinare. I staden vart det andre gjeremål, og heller ein liten fjelltur på ettermiddagen.

Turmålet vart Furebøstølen i Angedalen. Faktisk første gong for min del! Eg har gått mange gonger til Ramstadstølen og sett opp på Furebøstølane, men aldri vore opp før no.

Knappe 4 km ein veg der ca. 3 av dei er på skogsveg. Det gjer dette til ein fin trimtur der du lett kan gå raskt, så etter 45-60 minutt gange er du oppe. Du følgjer skogsvegen frå Ramstad til endes, og vidare på stien til Ramstadstølane. Rett etter elvedelet, kryssar du elva og går på tydeleg sti opp mot Furebøstølane.

For meir informasjon om tur til Ramstadstølane, kan du lese dette innlegget frå juni 2012, og om du er interessert i ein lengre tur i området, kan du lese Steffen sitt innlegg om tur til Kvannfjellet og Steinheia.


Fin temperatur og myrulla duva fint i dei linne vindane. Men du verda for nokre illsinte regnbyger som kom!!! Heldigvis var dei snarsinte, så dei gjekk like raskt over som dei kom. Godt var det då å kunne søke ly under eit stølstak og vente på at det skulle gje seg. Fascinerande å sjå på slike raske skiftingar i været!



Rett nedanfor stølen ligg desse to småfossane - det såg ut som det kunne vere ein fin badekulp i den nederste.
Men sidan vi allereie hadde bada i regn, så freista det ikkje så mykje med ytterlegare bading i dag..:)
Ein varm sommardag må dette derimot vere ypparleg!

lørdag 27. juli 2013

I Turboreven sine fotspor på Sota Sæter

På Dnt-hytta Sota Sæter i Breheimen har Turboreven laga eigen natursti for barn. Stien har start og mål ved hytta, og er ca.1,5 km lang. I resepsjonen får du utlevert oppgåveark, og det er i alt 17 postar på vegen.
Turen gjekk som ein leik for dei små då dei var aktive i å leite etter dei blå merka og turpostane. Og allereie halvvegs, kom det frå Sanna Oliva:
"Mamma, kan vi gjere dette ein gong til?"
Så dette var ein kjekk aktivitet både for store og små! Og så lærte vi litt nytt undervegs på turen også. Vi hadde ikkje alt rett på quizen, men vi er godt nøgde med resultatet;)

onsdag 24. juli 2013

Åsetevatnet - støls- og tindepanorama

"Tidleg morgonstund har gull i munn!" Vi nytta oss av ein siste sjanse til å ha besteforeldre som morgonvakter, og tok oss ein tidleg tur (start kl 7) på DNT-merka sti til Åsetevatnet i Mørkrisdalen.
Herleg å gå så tidleg no når det elles er så varmt midt på dagen. Stien slyngar seg bratt oppover, og på 2 km stig ein 700 høgdemeter. Etter 200 høgdemeter kom vi til den flotte Drivandefossen, og på returen skein regnbogen over den! Vakkert!
Mange fine stølshus og hytter då vi kom opp til Osen - ved utlaupet av Åsetevatnet. Og når vi snudde oss tilbake, såg vi Ringstindane og Store Skagastølstind i alt sitt velde! Fantastisk vakkert!
Vi skulle gjerne gått vidare til Dnt-hytta Fast i andre enden av vatnet, men det får bli ein annan gong. Denne turen var berre ein morgonfrisk aperitiff!

tirsdag 23. juli 2013

Navarsete - badekulp, solskin og kleggbitt!

Fin, fin formiddagstur for heile familien + eitt sett besteforeldre til Navarsete frå Engjadalen i Gaupne.
Her ligg ei sjølvbetjent DNT-hytte, så den blå nøkkelen var sjølvsagt med. 4,5 km t/r på graskledd skogsveg og lite stigning gjer dette til ein fin tur for små bein.
Med varmen kjem ofte kleggen også. Vi har sett lite til den tidlegare i sommar, men i dag fekk vi verkeleg helse på den! Irriterande der og då, men vert fort gløymt;)
Det store høgdepunktet var å bade i badekulpen under fossen rett nedanfor hytta. Vatnet var forfriskande deilig - skrekkblanda fryd for dei små og vi vaksne fekk god massasje under vasstrålane! Dette er verkeleg ein ting "du må gjere før du døyr" om du tar turen opp hit!

mandag 22. juli 2013

ORMELI i morgonsol

I ei stupbratt li i Fortunsdalen ligg fjellgarden Ormeli. Vi gjekk opp til denne, og planen var å gå vidare derifrå og på T-merka rute til Stølsdalen. Men stien var vanskeleg å finne, sjølv om vi hadde kart og gps på mobil. Ved ein nærare sjekk på nettet, fann vi at stien for tida ikkje er merka, delvis gjengrodd og vanskeleg å finne. Vi valte derfor å avslutte turen på Ormeli, men det var jo ein fin tur i seg sjølv. Og ein god start på nok ein solfylt dag!
Men moralen er: Ver alltid godt førebudd til tur! Sjølv om det skal vere merka ruter, så kan det løne seg å finne ut så mykje informasjon som mogeleg på førehand!

søndag 21. juli 2013

Kveldstur til Fuglesteg

Frå campingen på Nymoen ved Eidsvatnet i Skjolden, ser vi rett på fjellgarden Fuglesteg (fjellet lengst bak på biletet). Så då var det lett å falle for freistinga å ta turen opp i solnedgangen. Som sagt, så gjort! :)

Streiftog i Mørkridsdalen i Luster

"Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" er jammen rett å seie om gården Skori i Mørkridsdalen. Og fjellgarden var då også med i det kjente tv-programmet med same namn. Fin formiddagstur i sommarsola, før vi inspiserte resten av Mørkridsdalen og deretter inntok strandlivet. Flott utsikt ned att mot Skjolden og Lustrafjorden.

lørdag 20. juli 2013

Nørdstedalseter i Breheimen

Endeleg - sommaren er på plass med sol og varme! Vi har vore så heldige at vi har fått oppleve Nørdstedalsseter i Fortunsdalen i Luster i sin flottaste prakt! Her skal vi attende! Blogginnlegg om spektakulær biltur, sykkeltur og barnevenleg fottur kjem når ferien er over!

torsdag 18. juli 2013

På tur til Nedrestrandstølen i ekte vestlandsvær...

Værrapporten frå InstaWeather seier sitt: 11 C og regn - godt, norsk vestlandsvær med andre ord!
Og, ja - det pøsa ned!
Regnværet dei siste dagane, kan gjere sjølv den mest optimistiske noko motlaus..... men det nyttar lite å bli sitjande i sofaen: det beste er å kome seg ut og gå! Vi fann derfor ut at vi skulle ta oss ein rask luftetur, og ta turen opp på ein støl vi aldri har vore på. Det vil seie: eg har vore der før, for maaaaange år sidan - truleg nærare 30 år sidan.... (ooops, er eg blitt så gamal????).

No er stien merka, og skiltet ved hovudvegen har kome opp no i løpet av den siste veka. For å plassere staden nærare geografisk,så er vi no altså på sørsida av Hestadfjorden i Gaular kommune, på vegen mellom Sande og Viksdalen:
Nedrestrand ligg på sørsida av Hestafjorden mellom Sande og Viksdalen.
Ein fin tur er å gå vidare frå Nedrestrandstølen til Årnesstølen, og deretter opp til Årnesholten.
Retur kan leggjast via Eikelandstølen og ned att på Eikeland. 
Turen opp er knappe 2 km, og går raskt og greitt med jamn stigning, og etter ein liten halvtime var vi framme. Først eit stykke på graskledd skogsveg, og deretter på god sti merka med N. Cirka halvvegs er det laga til flotte, store trebord og benkar med fin utsikt over Hestadfjorden - ein idyllisk plass å grille ein sein sommarkveld!

Nederst er skiltet ved hovudvegen som nyss er kome opp. Stien er merka med N heile vegen,
og på stølen er det også postkasse med bok å skrive seg i. 

Nedrestrandstølen har berre eitt stølshus, og vi ser restane av det som truleg har vore ein fjøs. 

Garden Nedrestrand køyrer du forbi langs hovudvegen. (Det pøsregna då biletet vart tatt)
Husa på Nedrestrand er forresten mogeleg å leige både for overnatting og som selskapslokale (inntil 30 personar). Meir info finn du på www.nedrestrand.com.

Heldigvis ser det no ut til at vi går lysare tider i møte - det er faktisk lova strålande sol og 25 grader den komande veka! Vi har store planar for den komande veka, som inkluderer både fjell-liv og forhåpentlegvis sol og strandliv, så "stay tuned" på bloggen for oppdateringar!

Ha ei strålande solfylt helg og veke alle saman!

tirsdag 16. juli 2013

Overrasking frå Turboreven :)

Det gjekk ikkje lange tida frå vi sendte inn listene over minst 5 besøkte DNT-hytter til Turboreven (og DNT), før premien kom i postkassa! Det vart reine julekvelden for dei små å opne pakken... Turboreven hadde ikkje spart på godsaker til turbruk, og ut av konvolutten kom det eine etter det andre:

  • ullbuff
  • pannebånd
  • DNT-hyttenøkkel (blå)
  • nøkkelring
  • halsband med nøkkelring og
  • klistremerker
Og pakken skapte stormande jubel - små born, store gleder! :


Bendik Matias studerer den blå nøkkelen nøye - og var også godt nøgd med pannebandet!

Og nøklane har vi allereie testa ut - på tur til Bødalsseter (i Loen) i Breheimen. Innlegg kjem snart!

søndag 14. juli 2013

ORKJA vi ditta då?

Orkja (948 moh) ligg fint til på sørsida av Jølstravatnet - mellom Myklebust og Dvergsdalen
Ja, vi stilte oss spørsmålet: "Ork(j)a vi verkeleg å gå på Orkja i dag?" om nettopp denne turen. Fjellet Orkja (948 moh) ligg  på sørsida av Jølstravatnet. Etter å ha vore på tur med ungane til helleristningane i Ausevika i Eikefjorden tidlegare på ettermiddagen, hadde vi ein god time på oss til å lage middag, ete og gjere oss klar til ny tur før barnevaktene skulle melde sin ankomst om kvelden. Og med start ca. 20.45 frå parkeringsplassen i Myklebustdalen i Jølster, så skjønte vi at dette blei ein sein kveld...... Men samtidig så er det jo gjerne slik det blir turar også, og sommarnatta er som kjend lys og lang - og sove kan vi gjere seinare (vel og merke om vi ikkje hadde hatt små ungar i hus....). 

Fjorårets planar om å erobre ein del Jølstrafjell, vart ikkje heilt slik som tenkt - det vart ein del færre enn det som var planen. Så det håpar vi å gjere noko med i år. Når det no baud seg sjanse til ein liten kveldstur, var Orkja eit passande turmål.

I heftet "17 turområde i Jølster" står det at ein kan rekne ca. 4 timar t/r på denne turen. Erfaringsvis veit vi at vi stort sett brukar noko kortare tid enn det som står oppgjeve i heftet, så vi satsa på at dette gjaldt også for denne turen (elles hadde det blitt ein veeeeldig sein kveld).
Både undervegs, og på toppen har du fin utsikt vestover  Jølstravatnet
Turen startar på skogsveg på venstre side av vegen frå Myklebust til Dvergsdalsdalen (420 moh). Først går ein på skogsveg om lag 1 km, før ein held fram på merka sti innover fjellet til toppen. Samla sett var turen ca. 9 km t/r. Litt bratt stigning etter at du har tatt av frå skogsvegen, men siste del er i lettgått terreng med jamn og moderat stigning.

Vi brukte om lag 1 time og 15 minutt til toppen, men hadde då både brukt tid på å kikke oss i kring og lure litt på om vi var komen på rett sti. Etter at vi tok av frå skogsvegen, var stien nemleg litt utydeleg og det var dårleg (gamal) merking, men vi hadde ikkje gått mange meterane før vi kom til møte med ein annan sti der merkinga vart atskilleg tydelegare. Så her er truleg fleire startpunkt for å kome til topps.
Orkja (948 moh) ligg på sørsida av Jølstravatnet, mellom Myklebust og Dvergsdalen. Flott utsikt over heile Jølstravatnet.

Vi starta på skogsveg på venstre sida av bilvegen mellom Myklebust og Dvergsdalen. Gjekk denne til endes og tok av på sti opp til venstre. Her var den noko utydeleg, men etterkvart kom vi inn på tydeleg merking. 

Og kva fortel vel meir om turen enn bilete? Her kjem ei lita rekkje bilete som gjev deg ein smakebit på kva du kan oppleve om du tar turen på Orkja. Sidan det var sein kveld og overskya, var det dessverre ikkje dei beste fotoforholda. Men slik er det av og til. Og hadde du ikkje høyrt om Orkja før du las dette blogginnlegget - ja, så hugs på å sjå etter fjellet neste gong du køyrer langs med Jølstravatnet!
Rester frå ei svunna tid - på veg opp mot Orkja

Sola prøver å bryte gjennom skydekket - ho lukkast ikkje heilt, men gav eit flott lys over fjella nett då!

Olahans-fjellet på andre sida av Myklebustdalen.
Eit populært turmål for skientusiastar. 

Utsikt mot Jølstravatnet i retning Vassenden. Myklebust er grenda du ser midt i biletet. 

Vi passerte ei rekkje småvatn på siste del av stien opp mot toppen. 

Frå varden på Orkja ser du mot Skei sentrum

Frå toppen ser du også opp i Helgheimsdalen på nordsida av Jølstravatnet og mot fjellet Skjorta i bakgrunnen.

Går ein opp frå Dvergsdalsstøylen, kjem ein etterkvart opp på Grovabreen. 

På veg attende gjekk vi ned til ein varde som låg heilt ute på kanten mot Jølstravatnet. Her såg vi rett over til Helgheim. 
Så då slepp du å lure meir... ja, vi ork(j)a å gå på Orkja - og vi gjer det gjerne igjen! Og det bør du også Ork(j)e!