|
Frå Nordsjøløypa mellom Stroka og Korrsund, ser du fint mot Lammetunfjellet (120 moh) på Lammetun |
Vi har testa nye turmål - igjen:
Målet var ein tur som ikkje var for ambisøs,
ikkje altfor lang og lett å gå for dei aller minste.
Og gjerne med ei lita "gulrot" når ein kom fram...
Ein 2,5 km lang tur ytterst i Dalsfjorden,
i lyng, myr og bergterreng.
Med sol og skyfri himmel,
gledde vi oss over å få sola i fjeset når vi skulle gå,
men like snart oppdaga vi at den kunne vere litt irriterande også....
det vart vanskeleg å sjå langt fram i stien med sola rett i auga!
Men pytt sann, ei god dose D-vitamin er viktig på denne tida av året!
Slik det ofte er ved kysten, så var det litt myrete og vått i stien.
Heldigvis hadde vi fottøy som takla det!
Ein del einer og kratt var vanskeleg å forsere for korte bein,
men for øvrig så er dette ein fin tur med born.
|
Nordsjøløypene er merka med blå N'ar |
|
Tid til leik og kos undervegs er viktig! Tynn, tynn is på vatnet denne novemberformiddagen. |
|
Sjølv om turen ikkje er så lang, er matpausen undervegs viktig! |
|
Ved ankomst Korssund, vart vi helsa av nokre sauer som kosa seg med maten sin! Var det nokon som sa vinter??? |
Og kva "gulrota" ved endemålet var????
Jo, det var å handle i butikken på Korssundet :)
|
Kartutsnitt frå turen henta frå ut.no |