søndag 3. august 2014

DNT-hyttene Vigdalsstøl og Fivla

I Vigdalen i Jostedalen ligg det to DNT- hytter som er lett tilgjengelege og eignar seg godt som familietur. Begge startar ved Vårstølen, og det er omlag 2 km inn til Vigdalsstøl. Våre to små var utstyrt med kvar sin blå turborevnøkkel - klar til å opne opp hytta. Vigdalsstøl er ei idyllisk stølshytte. Hytta er sjølvbetjent.
Været vart betre enn lova, så vi kosa oss lenge på stølsvollen. Mezam eg og ungane returnerte til Vårstølen, gjekk Steffen vidare mot Fivla. Og når han var attende, tok eg turen opp. Tidsestimat er 1.5 time frå Vårstølen, men etter knappe 45 minutta rask gange, så var eg framme. Fivla ligg på knappe 1000 meters høgde, og har meir høgfjellspreg enn Vigdalsstøl. Det er 2 hytter der - så hugs å ta turen innom begge! Hyttene er ubetjente.
Ein rundtur Vårstølen - Vigsdalsstøl - Fivla - og attende til Vårstølen er ein fin familitur som ein kan ta i løpet av ei helg.

2 kommentarer:

  1. Nydelig sted :) Ser ut som dere har hatt et flott opphold. Fine bilder..

    SvarSlett
  2. Så flinke dere er til å legge til rette for turglede for hele familien! Koselig med små ubetjente og selvbetjente hytter. Takk for at jeg fikk bli med!

    Fortsatt god tur-sommer!

    Klem

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!