søndag 10. august 2014

Siste rest av "Lena"

Stormen Lena var godt merkbar her i Førde, men heldigvis utan dei store øydeleggingane. Vi vart ikkje meir skremt enn at vi ville bruke dei siste andedraga til Lena for å teste ut drageflyging. Til stor glede for både små og store! Vi valte å dra til Huldefossen - ein av Førde sine turistattraksjonar med sitt fossefall på ca. 90 meter. Og vi kan stadfeste at det var ein jamn straum av turistar som tok turen bortom - nesten overraskande mange faktisk! Drageflyging ga meirsmak, så vi satsar på ein vindfull haust;)

3 kommentarer:

  1. Herlig å fly drage - flott bilde!

    SvarSlett
  2. Kjenne att den fossen der ja, kjempe flott foss :-) drageflyging kan eg huske som lita, og håper å få gjordt med lillemann når han blir større :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, tenkte på deg då vi var der :) Var overraska over kor mange turistar som tok turen bort - vi gløymer litt at det er ein turisattraksjon. Håpar det vert flotte tilhøve for drageflyging utover hausten!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!